Borghild Tenden (V) [12:09:30]: Jeg tillater meg å stille følgende
spørsmål til samferdselsministeren:
«For å styrke innsatsen for
trafikksikkerhet startet Bondevik II-regjeringen en prøveordning
med bygging av midtrekkverk på to- og trefelts veier. I
løpet av perioden 2002–2005 ble det bygget ca.
70 km midtrekkverk langs eksisterende veier. I Stoltenberg-regjeringens
forslag til budsjett for 2007 ligger det inne
9 km midtrekkverk. Dette er en oppfølging på 38
pst. for målene i handlingsprogrammet 2006–2009.
Hva vil statsråden gjøre
for å gjenopprette satsing på det viktige trafikksikkerhetstiltaket?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:10:38]: I I Statens vegvesen sitt handlingsprogram
for perioden 2006–2009 er det føresett bygt om
lag 50 km med midtrekkverk på to- og trefelts vegar. På grunn
av store bindingar må ein vesentleg del av investeringsramma
i 2007 nyttast til å sikre rasjonell anleggsdrift
av alt igangsette prosjekt. Dette vil òg vere
situasjonen i 2008. Følgjeleg er den føresette
satsinga på dei såkalla mindre investeringstiltaka,
m.a. bygging av midtrekkverk, sterkast i siste del av fireårsperioden.
Regjeringa har som mål å følgje
opp Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2006–2009.
Eg føreset difor at det i løpet av denne
perioden vil bli bygt om lag 50 km midtrekkverk på eksisterande
to- og trefelts vegar. Samstundes vil eg minne om at det er viktig å tenkje heilskap
for å redusere talet på trafikkulukker. Sjølv
om møteulukkene skjer hyppigast på den delen av
vegnettet som har mest trafikk, skjer dei òg på andre
delar av vegnettet. Det må difor gjennomførast
ulike typar tiltak på vegnettet, avhengig av vegbreidd
og trafikkmengd.
Det enklaste tiltaket som
no er under utprøving, er å auke mellomrommet mellom
midtlinjene og frese asfalten, slik at det oppstår ein
vibrasjonseffekt. På vegar som er breiare og
har meir trafikk, er bygging av fysisk midtrekkverk eit viktig tiltak.
På den mest trafikkerte delen av vegnettet er bygging av
firefelts vegar eit effektivt tiltak både mot
møte- og utforkøyringsulukker. Sidan 10–15
pst. av møteulukkene har samanheng med t.d. manglande søvn
hjå bilføraren, er det òg viktig at trafikantane
tek ansvar. Hausten 2006 starta Statens vegvesen difor ein ny kampanje
med «Stopp og sov»-informasjon i media.
Borghild Tenden (V) [12:12:30]: Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg har fått opplyst at av dem som ble drept i trafikkulykker
i årene 1999–2000, ble 31 pst. drept
i møteulykker. Tall som jeg har fått fra SINTEF,
viser at på fire midtrekkverksstrekninger med
totallengde 15 km har det ikke vært registrert
en eneste trafikkulykke med drepte eller
hardt skadde trafikanter. Møteulykkene er helt forsvunnet.
Er samferdselsministeren enig i at begrepet nullvisjon får
en underlig klang når man ikke har raskere tempo
på utbyggingen av midtrekkverk enn det Stoltenberg-regjeringen
nå legger opp til?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:13:19]: Noreg er eit av dei landa i Europa
og i verda for øvrig som ligg lengst framme i trafikktryggingsarbeidet.
Saman med Sverige styrer me dette arbeidet etter
nullvisjonen. England, Holland, Sverige og Noreg
er dei fire landa som ligg best an.
Det betyr ikkje at me skal lene oss
tilbake, men grunnen til at me ligg så godt an, er ikkje
at me har så mykje midtrekkverk. Det er at me har satsa
breitt på trafikktryggleik. Det er ikkje berre
nye vegar, det er ikkje berre midtrekkverk og fysiske
skiljelinjer som hindrar ulukker. Det er ei breidd av tiltak. Det
er haldningsskapande arbeid i barnehage og skule, det er betra trafikkopplæring,
det er kampanjen «Stopp og sov», men ikkje
minst det enkle å bruke bilbelte og det å bruke
refleks for å hindre fotgjengarulukker.
Alt dette og mange, mange fleire tiltak er
det som gjer at me har lukkast så pass som me har, og det
er breidda av tiltak som skal gjere at me skal gå ytterlegare
ned på dødsstatistikken.
Borghild Tenden (V) [12:14:20]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.
Jeg er enig i mye av det hun sier der, men nå var
temaet midtrekkverk. I den nye Håndbok 017 «Veg-
og gateutforming» foreslås det at det skal bygges midtrekkverk
på stamveier og hovedveier med fartsgrense over 80 km/t
når døgntrafikken på veiene er over 8
000 kjøretøy – dette
igjen med utgangspunkt i nullvisjonen innenfor
trafikksikkerhet. Er dette forslaget noe statsråden ønsker å følge
opp?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:14:57]: I det arbeidet som me gjer på trafikktryggleik,
må me, som eg sa i det førre svaret mitt, sjå på ei
breidd av tiltak. Eg har i budsjettet for inneverande år
sagt kor viktig det er at me iallfall kan få tofeltsvegar,
slik at det er passering. Dessverre er det slik
at me på mange høgt trafikkerte vegar framleis
ikkje har to vegbanar. Me må som sagt sjå på heile
breidda.
Det som ligg i handboka om at me skal ha midtdelar
på vegar med større årsdøgertrafikk
enn 8 000 køyretøy, er iallfall eit stykke fram,
for å seie det sånn, i forhold til dagens situasjon.
Det må vegast opp mot dei tiltaka me set inn på andre
område i trafikktryggingsarbeidet, og eg vil lytte nøye
til dei råda som eg får frå dei faglege
instansane, før eg tek stilling til det.