Stortinget - Møte onsdag den 7. mars 2007 kl. 10

Dato: 07.03.2007

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 11

Øyvind Halleraker (H) [12:45:23]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Onsdag 21. februar sporet Signaturtoget av ved Hallingskeid og rammet gods- og passasjertrafikk på en av Norges mest trafikkerte langdistansestrekninger, Bergensbanen, helt frem til mandag kveld.

Hvilke initiativ vil statsråden ta, og hvilke tiltak vil hun iverksette for å oppnå best mulig driftsregularitet også i vinterhalvåret?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:45:55]: Bergensbana vart stengd ved Hallingskeid på grunn av at eit passasjertog av typen BM73, tidlegare kalla Signaturtoget, køyrde inn i eit stort snøras og spora av. Snøraset var om lag 2,5 meter på det høgste og om lag 25 meter breitt, og det hadde losna om lag 150 meter over jernbanesporet. Innafor det området som måtte ryddast for å kunne sleppe fram andre tog, var det snakk om ei snømengd på om lag 150 m3. Det var difor snakk om store snømengder som måtte ryddast vekk før andre tog kunne passere rasstaden. Hovudårsaka til at bana måtte halde stengt i fem dagar, var at det var storm på fjellet, med stor fare for nye snøskred i rasområdet. Jernbaneverket valde difor å halde bana stengt og ikkje sleppe ryddemannskap til før vêret vart lettare i løpet av helga.

Når det gjeld spørsmål om tiltak for å kunne sikre seg mot vintervêret, slik at jernbana òg kan køyre i vinterhalvåret utan for mykje stenging, kan eg opplyse om at Jernbaneverket har sett i verk ei ordning med trinnvis beredskap for nedbør og rasfare på Bergensbana. Viss fastsette terskelverdiar vert overskridne, kan det føre til stenging av bana. For å få dette til å fungere har Jernbaneverket inngått ei avtale med Norges Geotekniske Institutt, som utarbeider skredvarsel. Det er innført avgrensingar og eventuell stenging av bana ut ifrå varsling både frå NGI og vêrprognosar frå Meteorologisk Institutt og ut ifrå om det er behov for rydding på linja. Jernbaneverket har dessutan stasjonert ein person på Finse i vinterhalvåret som har ansvaret for å koordinere arbeidet med snørydding.

I vinterhalvåret er det innført ei ordning med at det før framføring av tog over fjellet køyrer eit lokomotiv med plog for å sikre at bana er open. Den dagen snøraset gjekk, vart det køyrt eit diesellokomotiv med stor frontplog og sporreinsar 2 timer og 15 minutt før passasjertoget køyrde inn i snøraset. Dessutan passerte ein av Jernbaneverket sine arbeidstraktorar rasstaden 1 time og 55 minutt før passasjertoget køyrde inn i raset og spora av. Denne dagen var det ikkje meldt om stor skredfare på Bergensbana, og NGI hadde heller ikkje levert særskilt skredvarsel. Årsaka til dette var at temperaturen i løpet av svært kort tid endra seg frå å vere pluss 2 C til minus 15 C. Ut frå førebels vurderingar er det mykje som tyder på at raset gjekk etter at arbeidstraktoren hadde passert rasstaden.

Eg kan elles opplyse om at det på Bergensbana vert arbeidd med å byggje rasskring i form av snørasgjerde. I 2007 er det sett av om lag 2 mill. kr til dette arbeidet, som etter planen skal stå ferdig i 2008. For 2007 er det totalt sett av om lag 19,1 mill. kr til rassikringstiltak langs det norske jernbanenettet.

Øyvind Halleraker (H) [12:48:54]: Jeg vil gjerne stille et tilleggsspørsmål.

Denne saken handler jo ikke bare om at det er vanskeligheter i vinterhalvåret. Den handler også om at vi hadde veldig flaks ved at dette ikke medførte personskade eller dødsfall – heldigvis. Statsråden har flere ganger i dag blitt konfrontert med brøyting av veger og har hatt tilbøyelighet til å skylde på at dette har vært konkurranseutsatt, og at avtalene har ikke vært gode nok. Her er det i alle fall ingen tvil om at dette er et statlig ansvar gjennom Jernbaneverket. Jeg registrerer at også statseide Cargonett er svært bekymret for regulariteten, stabiliteten og påliteligheten i sin konkurranseutsatte virksomhet. Det er klart at stans i fem døgn, med normalt seks tog hver veg hver dag, betyr at veldig mye gods forsinkes.

Så jeg må få lov til å gjenta spørsmålet mitt: Hvilke konkrete tiltak vil statsråden sette i verk for å sikre oss at vi ikke får denne type ulykker?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:50:01]: Det er vanskeleg for statsråden å hindre at det går skred, men statsråden har undersøkt bakgrunnen for at Signaturtoget går i forhold til at det har vore hevda at dette toget ikkje er godt nok. Det er Jernbanetilsynet som godkjende Signaturtoget, eller BM73 som det no heiter, for trafikk på Bergensbana i september 2001. Då gjennomførte ein mange testar. Ikkje i nokon av dei testane registrerte ein urovekkjande verdiar i forhold til at toget skulle vere eigna til å nyttast. Og Jernbaneverket meinte og meiner at det i den situasjonen som oppstod, ikkje var grunnlag for å seie at tog med tyngre lokomotiv ville ha klart seg betre enn motorvogntogsettet BM73.

NSB har opplyst at dei disponerer andre typar togmateriell som kan setjast inn i staden for BM73 om det viser seg nødvendig. Det har ikkje så god standard over lengre strekningar, og over ein treårsperiode skal NSB skifte og oppgradere vognmateriellet på alle avgangar. Då vil det bli teke i bruk (presidenten klubber) lokomotiv og vogner med god komfort, og ein vil vurdere om BM73 (presidenten klubber igjen) kan køyre på andre banestrekningar enn Bergensbana.

Presidenten: Presidenten ber om at man holder seg til taletiden.

Øyvind Halleraker (H) [12:51:23]: Jeg må få stille et tilleggsspørsmål til statsråden.

Jeg har en rapport her fra Det Norske Veritas som ble oversendt Jernbaneverket for syv–åtte år siden, som omhandler disse togenes beskaffenhet og evne til å takle store snømengder. Statsråden refererer til noen forsøk som ble gjort på Finse, som også er beskrevet som ikke tilfredsstillende med hensyn til å møte de utfordringene som foreligger. Det er mange detaljer i denne rapporten, og jeg skal ikke gå inn på dem alle. Men det må være mulig enten å tilpasse Signaturtoget til norske forhold eller å endre brøyterutinene, slik at vi kan bruke moderne togsett.

Er statsråden kjent med rapporten, og kan hun forsikre oss om at vi slipper å oppleve at Norges nest største by er avskåret fra jernbaneforbindelse med hovedstaden i nesten en uke?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:52:31]: Etter dei opplysningane statsråden har fått, vart det frå Jernbanetilsynet, i samband med godkjenninga av BM73-toget, gjort testar som ikkje viste noko urovekkjande. Aksellasta på BM73 er på 18 tonn. Til samanlikning er vekta på El 17, altså lok og B7-vogner – den andre typen som kjører – på 20 tonn. Det var spesielt faren for avsporing og trekkraft som vart testa ut mot bruk av lokomotivet på Signaturtoget. Men – og eg kan fullføre det eg ikkje fekk sagt i førre svar – NSB vil vurdere å skifte ut Signaturtoget når dei skal setje inn nye togsett i løpet av ein treårsperiode. Det vil dei gjere av omsyn til komforten og av tryggingsmessige årsaker.

Så denne saka vil verte følgd opp av NSB.