Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte tirsdag den 17. april 2007 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland og Sigvald Oppebøen Hansen

Dokument: 

Sak nr. 3

Innstilling fra næringskomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene André N. Skjelstad, Gunnar Kvassheim og Gunvald Ludvigsen om en gjennomgang av regelverket for kompensasjon til kommuner som rammes uforholdsmessig hardt av flom, ras og naturskade

Talarar

Votering i sak nr. 3

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten er det sett fram tre forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Petter Løvik på vegner av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Kåre Fostervold på vegner av Framstegspartiet.

Det blir først votert over forslaga nr. 2 og 3, frå Framstegspartiet.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber Regjeringen sørge for at flomforebygging og opprydding etter flom dekkes av staten fullt ut.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Endringene skal inkludere flomskader etter de store flommene som rammet deler av landet i perioden 2003-2007.»

Votering:Forslaga frå Framstegspartiet blei med 80 mot 21 røyster ikkje vedtekne.(Voteringsutskrift kl. 18.55.34)

Presidenten: Det blir så votert over forslag nr. 1, frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringen gjennomgå og forenkle regelverket for kompensasjon for flom, ras og naturskade med sikte på økt likebehandling, og på at staten tar et større økonomisk ansvar når kommuner rammes uforholdsmessig hardt.»

Presidenten reknar med at Framstegspartiet no ønskjer å støtte forslaget subsidiært. – Det blir nikka.

Votering:Forslaget frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre blei med 53 mot 48 røyster ikkje vedteke.(Voteringsutskrift kl. 18.56.08)Komiteen hadde tilrådd:

Dokument nr. 8:28 (2006-2007) – representantforslag fra stortingsrepresentantene André N. Skjelstad, Gunnar Kvassheim og Gunvald Ludvigsen om en gjennomgang av regelverket for kompensasjon til kommuner som rammes uforholdsmessig hardt av flom, ras og naturskade – vedlegges protokollen.

Votering:Tilrådinga frå komiteen blei samrøystes vedteken.

Presidenten: I sakene nr. 4 og 5 ligg det ikkje føre noko voteringstema.