Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato: 07.11.2007

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Torbjørn Hansen (H) [11:20:04]: Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Regjeringen har på høring forslag til endringer i regnskapsforskriften som medfører at kommunale og fylkeskommunale foretak ikke skal ha plikt til å føre regnskap etter regnskapslovens bestemmelser. Handels- og Sevicenæringens Hovedorganisasjon mener i høringsbrev av 19. oktober at dette vil kunne gi slike virksomheter et konkurransefortrinn på områder hvor de leverer tjenester i konkurranse med private, og at det kan føre til kryssubsidiering.

Vil Regjeringen sørge for at forslaget sikrer konkurranse på like vilkår?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:21:03]: Lat meg fyrst presisera at det Kommunal- og regionaldepartementet har føreslått, er at kommunale og fylkeskommunale føretak som driv næring, ikkje skal ha plikt til å følgja rekneskapslova, men at dei kan følgja kommunelova sine reglar for rekneskapsføring.

Eg vil òg presisera at når vi snakkar om kommunale føretak som driv næring, meiner vi verksemder som sel tenester i ein marknad, med føremål å tena pengar. Forslaget til departementet gjeld difor ikkje føretak som driv med velferdstenester, og som er finansierte med offentlege midlar. Slike føretak skal i alle tilfelle ikkje følgja rekneskapslova, men føra rekneskap etter kommunelova sine reglar.

Grunngjevinga for departementet sitt forslag er at kommunane bør stå fritt til sjølve å vurdera om føretak som driv næring, skal følgja rekneskapslova. Omfanget av næringsverksemd i eit føretak kan variera, og kommunane bør sjølve kunna vurdera kva rekneskap som gjev best styringsinformasjon, ut frå det føremålet dei har med å oppretta føretaket. Eg vil understreka at val av rekneskapssystem må vareta ei rekkje ulike omsyn, ikkje berre omsynet til at ein skal kunna samanlikna seg med private selskap. Grunnleggjande sett er dette eit spørsmål om korleis kommunane skal organisera og styra si verksemd, og eg meiner at kommunane sjølve er dei beste til å vurdera det.

HSH er oppteken av at private og ideelle verksemder har like vilkår for å konkurrera med kommunale verksemder. I sitt høyringssvar peikar HSH spesielt på sine medlemmer som driv tenester innanfor helse, pleie og omsorg og kultur. Som nemnt er det slik at departementet sitt forslag ikkje gjeld kommunale føretak som driv slike velferdstenester. Slike føretak skal uansett følgja kommunelova sine reglar om rekneskap. Departementet sitt forslag vil difor ikkje endra konkurransevilkåra for verksemdene som HSH peikar på.

Når det gjeld spørsmålet om kryssubsidiering mellom verksemd som er finansiert med offentlege midlar, og verksemd som tener pengar i ein marknad, vil val av rekneskapssystem heller ikkje påverka dette. Forslaget til departementet opnar ikkje for ulovleg offentleg støtte. Kommunane må uansett retta seg etter at kryssubsidiering er ulovleg.

Torbjørn Hansen (H) [11:23:56]: Jeg vil takke statsråden for svaret. Jeg er enig i at det er viktig at politikerne har god styringsinformasjon. Det er det det handler litt om her.

Jeg vil ta et konkret eksempel. Kirkens Bymisjon var med på et prøveprosjekt om kommunale hjemmetjenester i Oslo. De trakk seg i protest, fordi de mente at premissene for konkurransen ikke var riktig. Da uttalte generalsekretær Sturla Stålsett i Kirkens Bymisjon følgende til Finansavisen den 29. oktober:

«Da er det viktig at det ikke er noen form for skjult subsidiering hos våre konkurrenter. Hvis ikke, presses prisene og kvaliteten ned på et utydelig grunnlag. Vi er opptatt av at det er transparens, like vilkår for alle.»

Ser ikke statsråden at denne type ulike sammenlikningsgrunnlag gir politikerne et dårlig styringsgrunnlag, og at det kan svekke den offentlige tjenesteproduksjonen hvis man ikke slipper til private, også innenfor velferdsproduksjonen, på like vilkår?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:24:57]: Eg ser at det er viktig at det er gjennomsiktige forhold òg på dette området. Men lat meg presisera at spørjaren tek utgangspunkt i eit notat som no er på høyring, og som ikkje gjeld dette området – som altså ikkje gjeld velferdstenester.

Torbjørn Hansen (H) [11:25:35]: Mitt spørsmål handler om konkurranse på like vilkår. Et relatert felt der som er veldig viktig når det gjelder offentlig tjenesteproduksjon, er regelverket for offentlige anskaffelser, som jeg antar at kommunal- og regionalministeren er kjent med.

Det er jo slik at offentlig sektor kjøper inn tjenester og produkter for mer enn 200 milliarder kr hvert år. Det er en anbudsterskel på 500 000 kr, og Regjeringen har i regjeringserklæringen skrevet at den terskelen skal økes opp mot EU-nivå, som er l,8 mill. kr. Det betyr at store deler av de offentlige innkjøpene vil bli unntatt konkurranse. Det vil lett kunne føre til økte problemer med kameraderi og korrupsjon, det vil kunne føre til høyere priser og dårligere tilbud til innbyggerne, og det vil gi næringslivet dårligere konkurransevilkår.

Ser ikke statsråden at den type konkurransepolitikk svekker velferden i Norge?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:26:29]: Regjeringa er sjølvsagt oppteken av at ein skal følgja det regelverket som er, og elles til kvar tid leggja opp til at det er eit så ryddig og så gjennomsiktig regelverk som mogleg.

Samtidig er det nok slik at det går politiske skiljelinjer i denne salen på kva for fridom kommunane skal ha til å organisera eiga verksemd. Dersom eg ikkje hugsar heilt feil, har dette vore tema fleire gonger. Høgre med fleire ynskjer at kommunane skal taka i bruk rekneskapslova så langt det lèt seg gjera, mens dagens regjering med fleire – altså eit breitt fleirtal – meiner at kommunane skal ha høve til å organisera si verksemd i tråd med kommunelova.

Presidenten: Stortinget går tilbake til spørsmål 1.