Stortinget - Møte onsdag den 27. februar 2008 kl. 10

Dato: 27.02.2008

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Øyvind Halleraker (H) [11:42:24]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:

«Bømlopakken i Hordaland er en bompengepakke som har vært forberedt og planlagt i mange år. Prosjektene, pakken, er ferdigbehandlet med positive vedtak både lokalt og fylkeskommunalt. Prosjektet ser imidlertid nå ut til å stoppe opp i Vegdirektoratet, uvisst av hvilken grunn. Prosjektpakken er planlagt med mindre enn 20 prosent statlig finansiering.

Hva kan statsråden gjøre for å få prosjektet fram til stortingsbehandling snarest?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:43:03]: Eg er kjend med at Bømlo kommune har fatta vedtak om ei vegpakke for delvis bompengefinansiering av opprusting av rv. 541 og rv. 542 og dei mest sentrale fylkesvegane i kommunen. Fylkestinget handsama og stilte seg positiv til pakka i sitt møte i juni 2007. Det er likevel ikkje rett at prosjekta og pakka er ferdigbehandla lokalt.

Frå Vegdirektoratet har eg vorte orientert om at Statens vegvesen Region vest oversendte saka til Vegdirektoratet hausten 2007. Etter dialog mellom regionen og Vegdirektoratet vart saka returnert til regionen i januar i år. Grunnen til dette var at det trengst nærare avklaringar og kvalitetssikring av trafikkgrunnlag og trafikkpotensial i høve til finansiering. Då det ikkje er utarbeidd reguleringsplanar på dei største og høgast priorterte prosjekta, er det òg knytt stor uvisse til kostnadene til store deler av pakka.

Før saka kan leggjast fram for Stortinget, må det liggje føre nærare avklaring av kostnader og inntektspotensial. Bømlo kommune og Statens vegvesen Region vest utgreier no nærare dei nemnde forholda, med mål om å kome fram til eit grunnlag som er godt nok for vidare handsaming i Vegdirektoratet og deretter i departementet, slik at me kan leggje saka fram for Stortinget.

Øyvind Halleraker (H) [11:44:21]: Jeg takker for svaret.

Det var i grunnen det jeg fryktet, for her er det altså en uenighet som jeg oppfordrer statsråden til å rydde opp i. Det er lansert en del andre prosjekter innenfor denne pakken som ikke er behandlet lokalt, og som ikke er behandlet fylkeskommunalt, og det er dem Statens vegvesen henviser til. Jeg syns det er ganske viktig å holde på det som er pakkens grunnlag, og som altså er behandlet av disse organene. Jeg mener at fylkeskommunens behandling av bompengepakken er nøyaktig slik fylkeskommunen har behandlet andre bompengepakker. Slik man ser dette lokalt og regionalt, er dette ferdigbehandlet. Jeg vil oppfordre statsråden til å gå inn i dette én gang til og se om det er mulig å løse opp denne floken som tydeligvis er skapt her.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:45:26]: Eg har ikkje fått andre signal frå Bømlo kommune enn dei som eg har fått frå Statens vegvesen i denne saka, og eg har ikkje observert at det har vore ei slik usemje mellom Statens vegvesen og Bømlo kommune som det vert vist til her. Det ligg i så fall til dei lokale og regionale instansane å verte samde før saka vert send til Vegdirektoratet og vidare til meg. Om eg skulle gå inn og mekle mellom Statens vegvesen og kommunar eller fylkeskommunar lokalt, ville eg få ganske mykje å gjere. Eg er ikkje kjend med kva for prosessar som går føre seg før saka kjem inn, men det er i så fall ein prosess som eg ikkje ynskjer å starte på. Det vert uryddig i høve til det systemet vi har, nemleg at bompengepakker skal handsamast lokalt og så kome inn i sin tur. Eg går ikkje inn i dei før dei er komne til departementet.

Øyvind Halleraker (H) [11:46:28]: Jeg takker igjen for svaret og vil gjerne komme med et tilleggsspørsmål. Det går på at her er det en situasjon hvor man lokalt har én oppfatning av hvordan pakken er blitt behandlet, mens man i Vegdirektoratet har en litt annen holdning.

Jeg har lyst til å appellere litt til statsråden, for jeg vet at hun er veldig opptatt av disse stedene som tar store løft lokalt, og som påtar seg stor belastning for sitt næringsliv. Her snakker vi altså om den største oppdrettskommunen i Hordaland. 60-70 pst. av all slaktet fisk kommer fra Bømlo. Der er det kjempedårlige veger, og de tar denne ekstrabelastningen. Det er kun 20 pst. statlig bidrag til dette prosjektet. Dette er prioritert i Hordaland fylke, og så stopper det opp. Det skyldes at ting går for tregt i det sentrale byråkratiet. Man stiller stadig nye spørsmål som ikke har relevans til den behandlingen som har foregått. Det er denne appellen jeg har til statsråden, og jeg håper at hun vil se på dette på nytt.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:47:38]: Dersom Bømlo kommune tek kontakt med mitt kontor, skal eg gjerne stille opp på eit møte saman med Vegdirektoratet, slik at ein kan klare opp. Dersom det er denne type misforståingar eller problem som ligg i systemet, så bidreg eg gjerne til oppklaring, utan at eg dermed vil gå inn i fundamentet for pakka og gjere meg opp noka meining om det, for det skal eg gjere i neste runde når saka eventuelt kjem på mitt bord.