Stortinget - Møte onsdag den 27. februar 2008 kl. 10

Dato: 27.02.2008

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål7

Steinar Gullvåg (A) [11:22:12]: Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Selskapet Unibuss overtok kollektivoppdraget i Vestfold fra nyttår etter forutgående anbudsrunde. Selskapet har hatt store innkjøringsproblemer, hvilket har gått ut over tilbudet til publikum og de ansatte i selskapet.

Hva kan gjøres for å sikre de ansattes arbeidsvilkår når nye selskaper overtar anbudskontrakter, og kan det være aktuelt å forlenge anbudsperioden slik at publikum og ansatte slipper å forholde seg til nye selskaper hvert 5. år?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:22:58]: I dag vert bruken av anbod i kollektivtransporten regulert anten i føresegner gjevne med heimel i yrkestransportlova eller av regelverk gjevne med heimel i lov om offentlege innkjøp. Prinsippa for bruk av anbodskonkurranse etter dei ulike regelverka er i hovudsak like.

Ved bruk av anbod etter yrkestransportlova er det sett ei minste grense på fem år når det gjeld kor lenge ei kontrakt om anbod skal gjelde. Denne grensa kan berre setjast til side i særlege høve når det i praksis medfører store vanskar å nytte kontraktar som varer i fem år eller meir.

Det er òg eit vilkår at den som tek del i anbodskonkurranse etter yrkestransportlova, må forplikte seg til å følgje løns- og arbeidsvilkår for operativt personell som minst svarar til ein av dei landsomfattande tariffavtalane.

Oppdragsgjevar kan òg bestemme at operativt personell i selskap som tapar køyringa etter anbod, skal ha førerett til nytilsetjingar i selskapet som vinn anbodskonkurransen.

Generelt er det ikkje noko i vegen for at det kan nyttast ein anbodsperiode på meir enn fem år.

I Vestfold vert det etter det som er opplyst, nytta anbod etter ein modell der Vestviken Kollektivtransport AS har inntektsansvaret. Det medfører at ein nyttar regelverket for anbod som er heimla i lov om offentlege innkjøp.

Eg har ikkje noko grunnlag for å kommentere den aktuelle saka, anna enn at ein på generelt grunnlag aldri kan garantere at endringar i kollektivtransporten, som t.d. byte av operatør, vil skje utan problem. Det er fylkeskommunale politikarar og Vestviken Kollektivtransport som er ansvarlege for å handtere dei problema som oppstår.

Når det gjeld omsynet til tilsette i kollektivtransporten, kan det opplysast at Samferdsledepartementet er i sluttfasen med eit forslag til endringar i yrkestransportlova som vil gje tilsette ved bruk av anbod dei same rettane som tilsette etter arbeidsmiljølova har ved overdraging av verksemd. Dette forslaget er i samsvar med plattforma for regjeringssamarbeidet, Soria Moria-erklæringa. Per i dag er ikkje den minste kontraktsperioden på fem år ved anbod etter yrkestransportlova til vurdering. Eg ser det som viktig at kontraktsperiodane ved bruk av anbod verken er for lange eller for korte, dersom anbod skal fungere etter intensjonen.

Dersom det nemnde forslaget vert vedteke, vil likevel spørsmålet om lengda på kontraktsperioden ha mindre å seie for dei tilsette i kollektivtransporten der det vert nytta anbod.

Steinar Gullvåg (A) [11:25:29]: Jeg takker statsråden for et meget positivt svar.

Jeg tror mange, ikke minst de ansatte i transportsektoren, hilser velkommen nye bestemmelser som medfører at kontraktsendringer faktisk vil medføre også en virksomhetsoverdragelse. Dette har lenge vært et ønske fra de ansatte i sektoren, og jeg synes det er veldig fint at Regjeringen nå følger opp dette - ja faktisk er i sluttfasen med dette arbeidet.

Når det så gjelder med kontraktsperiodens lengde, er forholdet selvfølgelig slik, som statsråden nevnte, at det er opp til fylkeskommunene selv å avgjøre det. Men det er ganske umulig, både for de ansatte og for passasjerene, å måtte forholde seg til nye selskaper hvert femte år, nye ruteopplegg og, faktisk, ofte en svekkelse av transporttilbudet.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:26:37]: Eg er samd i det som representanten Gullvåg tek opp, og i bakgrunnen for at det vert teke opp. Dei meldingane har me òg både frå tilsette og frå publikum. Ein ser gjerne at ein slepp endringar så ofte. Eg er positiv til at fylkeskommunane vurderer ein lengre kontraktsperiode enn fem år, og skal gjerne òg kommunisere det i vår dialog med fylkeskommunane i tida framover. Vi har jo stadig dialog med dei på ulike arenaer. Eg kan gjerne notere meg at det er eit tema som me kan ta opp med dei på generell basis, utan at me dermed går inn og endrar lovverket, for det er opning for å ha lengre periodar med det lovverket som me har i dag.

Steinar Gullvåg (A) [11:27:28]: Jeg har bare et kort tilleggsspørsmål.

Er det foretatt noen evaluering, eller noen erfaringsopphenting, av de kontraktene som nå har vært ute på anbud, for - nær sagt - å danne seg et bilde av hvordan dette har artet seg for kollektivtrafikken?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:27:54]: Me har fått laga to rapportar som har vore grunnlaget for arbeidet med å få til eit system med tilsvarande vilkår som for verksemdsoverdraging til tilsette. I dette materialet er det i den fyrste rapporten ei evaluering av korleis systemet har fungert for dei tilsette, og i den andre er det òg utvida litt for brukarane, for eg var ikkje nøgd med det som kom fram i den fyrste rapporten, og fekk laga ein rapport til, som såg på fleire sider av dette.

Det er ingen tvil om at enkelte grupper av tilsette - spesielt dei som på ein måte står svakast, anten på grunn av mykje fråver, på grunn av sjukdom, på grunn av alder eller anna - vert svekte i eit slikt system, medan dei som elles fungerer og på ein måte står sterkt på arbeidsmarknaden, òg vil stå sterkt i eit slikt system. Men vi er merksame på dei sideverknadene som kan vere her, og prøver å finne fram til tiltak som skal minske desse.