Gunnar Gundersen (H) [12:01:01]: Mitt spørsmål
går til samferdselsministeren:
«Elgpåkjørsler
påfører samfunnet store kostnader. Elgen følger årlige
trekkruter og samler seg i enkelte vinterbeiteområder. Bevisst og
riktig fôring av elg har vist seg å være et effektivt
virkemiddel for å holde den borte fra veg og jernbane.
Ser
statsråden det som interessant å inngå mer forpliktende
og langsiktig økonomisk samarbeid med grunneiere og forskning på
dette området, slik at en kan redusere påkjørselsproblemet
og erverve mer kunnskap om virkningen av tiltaket?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:01:50]: Jernbaneverket, Statens vegvesen og lokale grunneigarar har eit nært
og forpliktande samarbeid med dei lokale viltforvaltingane i samband med
planlegging og gjennomføring av førebyggjande tiltak mot påkøyring
av hjortedyr. Organisering av dette samarbeidet har vore uendra dei siste
fem-sju åra, og består i at dei lokale viltforvaltingane planlegg
å gjennomføre prioriterte tiltak med økonomisk støtte
frå m.a. Jernbaneverket. Kommunane har fått ubetalt om lag 3 mill. kr
i Nordland og i Nord-Trøndelag fylke i denne perioden.
I perioden
frå 1. juli 2006 til 30. juni 2007 vart det påkøyrt totalt
ca. 6 300 hjortedyr i trafikken - ca. 5 500 på veg og 800 på
jernbanen. I gjennomsnitt mistar 1 300-1 400 elg livet på norske vegar
kvart år. Hedmark er det desidert verste fylket, med ca. ein tredjedel
av alle påkøyrslene. Hovudårsaka til dette er nok at
dette fylket òg har den største tettleiken av elg.
Det har vore gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere talet
på viltulukker i vegtrafikken. Det er likevel ikkje til å kome
frå at vegane i store delar av landet går gjennom viltrike område,
og at vegetasjonen langs vegane er attraktiv for viltet, spesielt vinterstid.
Oppsetjing av viltgjerde er det mest effektive tiltaket for å hindre
at vilt kjem ut i vegbanen, men det er både urealistisk og lite ynskjeleg
å gjerde inn heile det norske vegnettet. Viltgjerda vil m.a. forsterke
barriereeffekten av vegar og vegtrafikk. Eit anna tiltak er fjerning av
den mest attraktive vegetasjonen langs vegen. Statens vegvesen har òg
delteke i fleire samarbeidsprosjekt der m.a. fôring har vorte forsøkt.
På Nordlandsbanen har Jernbaneverket sine tiltak for det meste
bestått av skogrydding og sprøyting langs dei mest belasta
strekningane. I tillegg er det gjennomført akutte tiltak som oppkøyring
av leievegar langs sporet i samband med større snøfall. På
Rørosbanen har det òg vorte gjennomført fôring
på strekningar som eignar seg godt for dette. Dette arbeidet vil verte
vidareført.
Utviklinga er òg avhengig av kor store
bestandane er. Eg syner her til svaret mitt på spørsmål
11 i spørjetimen onsdag 13. februar 2008. Eg har i etterkant - i
brev frå Samferdsledepartementet til Vegdirektoratet av 27. februar
- bede etaten ta initiativ til ei vurdering av om bestanden av elg no er
så stor at han utgjer ein risiko for trafikktryggleiken. Det er føresett
at vurderinga skal gjennomførast i samråd med Jernbaneverket
og dei ansvarlege direktorata.
Statens vegvesen starta i 2007 eit
program for evaluering av tiltak for å redusere talet på viltpåkøyringar.
Evalueringa skal vere ferdig i løpet av 2009 og skal danne grunnlag
for tilrådingar om kostnadseffektive og målretta tiltak.
Både Statens vegvesen og Jernbaneverket fokuserer i stor grad på
påkøyring av vilt, og har, saman med grunneigarane, eit nært
og forpliktande samarbeid med viltforvaltingane. Det går òg
føre seg arbeid for å auke kunnskapen. Eg ser sjølvsagt
svært positivt på dette arbeidet.
Gunnar Gundersen (H) [12:05:03]: Jeg takker for
et utfyllende svar og skjønner at statsråden er opptatt av
problematikken. Grunnen til at jeg tok dette opp, var at svaret i den spørretimen
hun selv refererte til var litt unyansert, at man ønsket å
skyte ned stammen. Forskningen spriker veldig sterkt i synet på om
dette i det hele tatt er et både realistisk og virksomt middel, for
dette har med både snødybder og vilttrekk å gjøre,
og at veiene faktisk ligger i områder som er utsatt for vinterbeite.
Så her spriker forskningen, og det er interessant å finne ny
kunnskap.
I tillegg er det store interesser her. Hvis vi tar førstehåndsverdien
av elgjakt i Norge, er den verdt 300-350 mill. kr. Ulykker påfører
samfunnet kostnader på 250 mill. kr i året, i tillegg til det
er det mange lidelser. For å bringe statsråden inn på
et litt mer nyansert syn kan man si at dette dreier seg om store interesser,
og det bør faktisk forskes mer på hva som er mest virkningsfullt.
Statsråd Liv Signe Navarsete
[12:06:05]: Eg er heilt samd i at dette er eit samfunnsproblem
der me ikkje har godt nok kunnskapsgrunnlag. Eg registrerte sjølv
at det som kom ut av det førre svaret, vart noko unyansert. Det hender
at det me har føre oss i denne salen, vert det når det vert
omsett i media. Frå mi side følgde eg som sagt opp det spørsmålet
med å sende eit brev til Statens vegvesen, nettopp for å få
i gang eit arbeid der ein ser grundigare på dette. Så får
Statens vegvesen og Jernbaneverket vurdere om dei vil setje eit arbeid ut,
eller om dei har folk som kan gjere dette sjølve. Det overlèt
eg til dei å vurdere.
Det er òg slik at det er store
variasjonar mellom sommar og vinter. Det har sjølvsagt samanheng
med at det å beite langs oppbrøytte traséar om vinteren
gjer det enklare for vilt å finne seg noko som er tilnærma fôr,
enn å gå ute i skogen. Snøfall utløyser, som me
av og til ser, ei massiv vandring av vilt på kort tid.
Gunnar Gundersen (H) [12:07:12]: Jeg kan jo anbefale statsråden å bruke det miljøet
som er ved Høgskolen i Hedmark, på Evenstad. De har allerede
ganske mye kompetanse på dette området.
Jeg deler også
vurderingene rundt dette med viltgjerder, for det er ganske store inngrep.
Der det er veldig høy trafikk, og der det er stor fare, er det selvfølgelig
et virkemiddel. Men det må bli på færrest mulige steder,
for det forstyrrer ganske mye.
Jeg har selv ganske mye erfaring med
fôring. I min egen hjemkommune, Åsnes, startet vi med fôring
allerede på 1980-tallet. Veien til Sverige var en av de mest utsatte
veiene når det gjelder elgpåkjørsler, det var årlig
ganske mange. Etter at det beiteprosjektet ble satt i gang, har faktisk
ulykkesstatistikken gått ganske dramatisk ned. Igjen: Det er mange
gode innfallsvinkler for å redusere konfliktnivået. Grunneierne
kan beholde verdiene, samtidig som samfunnet får betydelig reduserte
kostnader.
Statsråd Liv
Signe Navarsete [12:08:16]: Det er heilt rett at det
er gode erfaringar med ulike prosjekt når det gjeld fôring,
som det er i representanten sin heimkommune. Statens vegvesen har teke del
i fleire slike samarbeidsprosjekt, der m.a. fôring har vore ein del
av prosjektet. Eit anna tiltak som òg har vist seg effektivt, er
å fjerne vegetasjonen langs linja. Det er klart at dess meir inn på
veg- eller jernbanestrekket vegetasjonen er, dess lettare vil viltet trekkje
inn dit. Det er noko med at når det vert opne område, så
vil viltet vanlegvis sky området, fordi det jo er trafikk og rørsle
på veg og jernbane.
Her er det fleire vegar å gå,
og eg ser fram til å få ei vurdering frå Statens vegvesen
og Jernbaneverket av korleis dei ser på utviklinga, ikkje minst i
forhold til mengda av dyr. Eg vil presisere at eg aldri har lagt opp til
at me skal ha ei massiv nedslakting av vilt for å hindre ulukker.
Det trur eg vert litt dramatisk.