Stortinget - Møte onsdag den 9. april 2008 kl. 10

Dato: 09.04.2008

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 18

Thore A. Nistad (FrP) [12:53:58]: Jeg vil stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«I Oppland har flere viktige vegstrekninger vært ferdig planutredet i mange år uten at penger har fulgt med til utbygging. Planer utredes mens vegstandarden blir dårligere og antall ulykker stiger.

Vil statsråden ta en gjennomgang av alle vegplaner i Oppland og sørge for at disse realiseres?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:54:23]: Kommunane er planstyresmakt etter plan- og bygningslova og har ansvaret for at det ligg føre godkjende kommunedelplanar og reguleringsplanar for vegprosjekta. Statens vegvesen assisterer kommunane i dette arbeidet, men har med ein eigen lovheimel, § 9-4 i plan- og bygningslova, òg høve til å utarbeide og fremje vegplanar. I alle fylke vert det utarbeidd fysiske planar for vegprosjekt som grunnlag for stortingsmeldingane om Nasjonal transportplan og oppfølgjande handlingsprogram.

Det er Stortinget som fastset dei økonomiske rammene. Det er eit stort behov for veginvesteringar, noko som har ført til at det ligg føre godkjende fysiske planar for langt fleire prosjekt enn det har vore rom for å prioritere innanfor fastsette rammer, sjølv med denne regjeringas auke av den økonomiske ramma til vegbygging.

Samferdsledepartementet vil vurdere framtidige prioriteringar av vegprosjekt for stamvegnettet gjennom arbeidet med Nasjonal transportplan 2010-2019, både i Oppland og i dei andre fylka i landet. Oppland fylkeskommune har, som dei andre fylka, frist fram til 30. april for å sende inn sine prioriteringar.

Gjennom arbeidet med Nasjonal transportplan vil departementet òg ta stilling til dei økonomiske rammene til investeringar på riksvegnettet elles. Dei konkrete prioriteringane innanfor desse rammene har fylkeskommunen i dag avgjerande innverknad på. Som følgje av den planlagde forvaltningsreforma som vil tre i kraft frå 2010, vil det verte ei viktig regionalpolitisk oppgåve å prioritere tiltak på dette vegnettet.

Thore A. Nistad (FrP) [12:55:58]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg lurer på om statsråden har noen oversikt over alt det som er planlagt og som ikke er gjennomført, og kostnadene ved alle disse planene? Da mener jeg ikke bare kostnadene ved planene, men tapet av den veikapitalen som hvert eneste år går med på grunn av at man ikke gjennomfører det som er planlagt.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:56:32]: Statens vegvesen, som er min fagetat på dette området, har god oversikt over planar som ligg føre i dei ulike fylka i landet. Statens vegvesen er med og utarbeider desse planane i samarbeid med kommunane og fylkeskommunane. Så eg vil tru og trur at eg kan stadfeste at ein har god kjennskap til dette.

Inneverande Nasjonal transportplan har prioriteringar for alle fylke, inkludert Oppland. Med denne regjeringa har me fått eit lyft i vegløyvingane som gjer at ein i motsetnad til det ein har hatt tidlegare, har fått meir midlar inn til både å vedlikehalde og byggje nye vegstrekningar. Det vil òg kome Oppland fylke til gode.

Så står sjølvsagt diskusjonane om neste Nasjonal transportplan att, om kva vegar i Oppland som vil kome inn der. Det har Oppland fylkeskommune ein stor innverknad på gjennom høyringsprosessen, og eg vil lytte nøye til kva prioriteringar dei vil leggje seg på.

Thore A. Nistad (FrP) [12:57:36]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg er glad for at hun nevner at det kanskje kommer noe til Oppland - vi får se.

Nå er det slik at tapet av veikapitalen begynner å bli svært stort. Vi har så mange ulykker i Oppland, og kostnadene ved tap av veikapitalen og ulykkene er nå så store at hvis Stortinget eller Vegvesenet investerer 1 kr i planlagte veiprosjekter i Oppland, tror jeg at samfunnet får ti tilbake. Ser statsråden denne sammenhengen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:58:17]: Denne statsråden er heilt overtydd om at det er store samfunnsøkonomiske gevinstar å hente gjennom å trappe opp utbygginga av samferdsla. Det gjeld både veg og jernbane.

Det handlar om å redusere ulukkesrisikoen. Det er ikkje lenge sidan me hadde ei tragisk ulukke i Oppland. Det er ikkje lenge sidan eg hadde ei i mitt eige nærområde, som òg skuldast det same eigentleg, at ein har for smal vegbane, for dårlege vegskuldrer, og ein vegkapital som dessverre vert redusert.

Me arbeider med dette i Regjeringa. Me har auka vedlikhaldsbudsjettet for å stanse ytterlegare auke i etterslepet på vedlikehald. Me aukar òg opp investeringstakten, og me jobbar no intenst framover mot Nasjonal transportplan for å sjå på korleis me kan få til ei endå meir positiv utvikling på samferdslesektoren i landet.