Stortinget - Møte onsdag den 30. april 2008 kl. 10

Dato: 30.04.2008

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Vera Lysklætt (V) [11:31:52]: Jeg vil gjerne stille et spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Frafall i videregående skole er et voksende problem. Mitt hjemfylke Finnmark er blant de fylkene som sliter mest med dette. Det kan være mange årsaker til at elever velger å avslutte en utdanning. Mange må imidlertid flytte hjemmefra for å ta ønsket utdanning. Tilbudet av boliger til elever i videregående skoler er ofte små private hybler eller kollektiver.

Kan statsråden si noe om i hvilken grad Husbanken bistår kommuner og fylker med å tilrettelegge bosituasjonen for elever i videregående skole?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:32:46]: Eg ser utfordringane som spørsmålsstillaren, Lysklætt, reiser. Regjeringa er oppteken av at alle skal ha ein reell valfridom med omsyn til kor dei vil bu. Vi vil leggja til rette for likeverdige levekår i heile landet. Eg tykkjer det er viktig òg i denne samanhengen å minna om det, og understrekar difor at vi er opptekne av å halda oppe hovudtrekka i busetjingsmønsteret. Gjennom regionalpolitikken arbeidar vi for ei balansert utvikling mellom by og land. Det inneber innsats på mange område.

Kommunane har ansvar for at det er eit tilstrekkeleg og variert tilbod av bustader for ulike grupper av befolkninga innanfor kommunegrensene. Dette omfattar òg bustader for elevar i den vidaregåande skulen.

Husbanken kan gjennom rettleiing, kurs, nettverksbygging, lån og tilskot hjelpa kommunane med dei bustadpolitiske utfordringane dei måtte ha. Dei økonomiske verkemidla Husbanken rår over, er ikkje spesielt innretta mot elevar i vidaregåande skule. Det er heller ikkje Husbanken sitt tilskot til studentbustader.

Når det då gjeld spørsmålet om kva Husbanken gjer for å sikra bustader til elevar i vidaregåande skule i Finnmark, kan eg opplysa om at det faktisk er kontakt. Husbanken sitt regionkontor i Hammerfest er inne i drøftingar med Hammerfest kommune, Finnmark fylkeskommune og Studentsamskipnaden om eit mogleg samarbeidsprosjekt for å skaffa hyblar til studentar og elevar i vidaregåande skule i fylket. Samtalane er i ein så tidleg fase at det på dette tidspunktet nok ikkje er grunnlag for å seia noko om korleis resultatet blir.

Vera Lysklætt (V) [11:35:07]: Jeg takker for svaret og har følgende oppfølgingsspørsmål:

Studentsamskipnaden bygger og forvalter et relativt stort volum av bygninger til studenter, men retter seg lite mot elever i videregående skole. Fylkeskommunene gir heller ikke noe organisert botilbud til disse elevene. Hjemkommunen eller vertskommunen til den enkelte elev tar heller ikke så ofte ansvar for elever som flytter på hybel. De yngste og minst erfarne hybelboerne er prisgitt et privat hybelmarked, ofte med lite voksentilsyn.

Vurderer Regjeringen noen statlige virkemidler kanalisert gjennom kommunene eller fylkene for å følge opp hybelboere i videregående skole på en mer systematisk måte?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:35:58]: Lat meg fyrst seia at det er ei viktig problemstilling som her blir reist. Det er eit fråfall i den vidaregåande skulen, og det er viktig å ha fokus på det. Dette temaet høyrer ikkje direkte inn under mitt ansvarsområde, men det er eit faktum at det blir gjort ein innsats ikkje minst av fylkeskommunane si oppfølgingsteneste for at det skal fungera betre.

Sidan dette spørsmålet gjeld Finnmark, har eg sjekka tala litt nærmare. Det er utvilsamt slik at Finnmark er overrepresentert - naturleg nok, av geografiske omsyn - når det gjeld talet på elevar som bur på hybel. Så langt har ikkje Regjeringa for sin del drøfta nokon spesiell innsats.

Vera Lysklætt (V) [11:37:08]: Jeg takker også for dette svaret.

Jeg har et siste spørsmål: I mitt hjemfylke, Finnmark, er det gjort forsøk med vertsfamilier for elever som må flytte hjemmefra for å ta videregående utdanning. Det har imidlertid, av ulike årsaker, vært vanskelig å rekruttere vertsfamilier på skolestedene. Fra andre fylker har vi også hørt om forsøk og initiativ for å gi et bedre botilbud og mer oppfølging til borteboende elever.

Vil statsråden ta initiativ til en systematisk gjennomgang av forsøk og tiltak som er gjort på dette området?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:37:48]: Med bakgrunn i dette spørsmålet sjekka eg litt nøye ut kva tal som ligg føre. Det viser seg at noko under halvparten av alle elevar i vidaregåande skule bur på hybel. Det er målt etter kor mange som får bustipend. Talet varierer frå fylke til fylke. I Finnmark er det slik at tala for 2006-2007 viser at 59 pst. av dei som fekk stønad frå Lånekassa, 1 865 elevar, bur på hybel der. Eg vil nok seia at dette fyrst og fremst er eit ansvar mellom fylkeskommunen og dei kommunane der desse unge bur. Men eg skal ta med meg denne saka og denne problemstillinga tilbake til kunnskapsministeren.