Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 19. november 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 5

Rolf Terje Klungland (A) [11:58:26]: «Regjeringen har gjeninnført nattogtilbud til Stockholm og i St.prp. nr. 1 for 2008–2009 skriver Samferdselsdepartementet: «Regjeringen er opptatt av gode togforbindelser mellom Norge og Sverige.» Stortinget vedtok under behandling av St.prp. nr. 1 for 2007–2008 at det også skal gjeninnføres sovevogntilbud mellom Kristiansand og Oslo.

Når forventer statsråden at Stortingets vedtak blir gjennomført?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:59:02]: Nattogtilbodet mellom Oslo og Stockholm er eit kommersielt tilbod som ikkje vert kjøpt av staten, og som altså ikkje er med i staten sin kjøpsavtale med NSB.

Når det gjeld sovevogntilbod mellom Kristiansand og Oslo, har Samferdsledepartementet i 2008 jobba aktivt for å følgje opp Stortinget si innstilling. Departementet har i tråd med trafikkavtalen sendt NSB AS ei formell bestilling der det vert bedt om eit pristilbod som grunnlag for forhandling om innføring av sovevogn i Kristiansand. NSB har på denne bakgrunnen sendt ut ein formell førespurnad om leige av sovevognmateriell i europeiske land. I NSB sin førespurnad har selskapet lagt til grunn at materiellet må kunne køyre på norsk infrastruktur, eventuelt med tilpassingar, slik at det kan kome raskt i produksjon. Førespurnaden har vore generell og open for å få avdekt kva som finst av tilgjengeleg materiell. NSB har òg vurdert innkjøp av nye sovevogner, ombygging av noverande sitjevogner til sovevogner samt andre alternativ som kan gjere nattilbodet til og frå Kristiansand meir attraktivt for kundane.

Samferdsledepartementet har i tillegg engasjert uavhengige jernbanefaglege rådgivarar for å vurdere om det er tilgjengeleg sovevognsmateriell som kan nyttast i tillegg til NSB sitt sovevognsmateriell i nattdrifta på Sørlandsbana. Rådgivarane har i tillegg gjennomgått NSB sine vurderingar for å kvalitetssikre den informasjonen som har kome fram.

Resultata frå alle undersøkingane viser at sovevognsmarknaden i Europa er svært liten. Etterspørselen etter nytt sovevognsmateriell er liten, det er få produsentar av nye sovevogner, kostnadene til ein så liten serie er høge, og det er uvisst om det er mogleg berre å kjøpe inn ein serie på to sovevogner. På noverande tidspunkt kjenner verken NSB eller dei jernbanefaglege rådgivarane til at det er ledig sovevognsmateriell av tilsvarande kvalitet som dagens sovevogner som det er mogleg å leige. Undersøkingane har avdekt moglegheiter for at NSB kan leige svært gammalt sovevognsmateriell. Materiellet vil krevje omfattande oppgraderingar for å kunne brukast i NSB si sovevognsdrift. På grunn av den høge alderen til materiellet er det knytt uvisse til både storleiken på oppgraderingskostnadene og kor mykje som vil krevjast for om mogleg å få vognene godkjende.

Det beste alternativet å gå vidare med er difor å byggje om NSB sine B5 sitjevogner. Det er i det minste teoretisk mogleg, men NSB har påpeikt fleire usikre tekniske faktorar. NSB estimerer at ei ombygging av to B5 vil innebere eit auka offentleg kjøpsbehov pr. år over sju år på om lag 10–14 mill. kr, og tidlegast vere mogleg å setje i drift i løpet av 2011. Berekningane er baserte på at materiellet skal ha lik levetid som resten av sovevognsmateriellet, og det totale kjøpsbehovet summerer seg då til mellom 70 og 98 mill. kr.

Under føresetnad av at Stortinget med denne kunnskapen ynskjer å løyve meir midlar for å få på plass ordninga med sovevogna i Kristiansand, er det mi tilråding at departementet innleier forhandlingar med NSB om ombygging av to B5 sitjevogner til sovevogner med siktemål om implementering av tilbodet frå 2011. Gjeldande trafikkavtale mellom departementet og NSB stoppar i 2010, og staten må difor i så fall no inngå ein eigen avtale om dette tilbodet, slik at avtaleforholda er regulerte mellom partane.

Eg vil gjerne seie at dette er ei sak som me har brukt mykje tid og ressursar på, og som eg håpar no er inne på eit spor der ein kan, dersom Stortinget stiller dei nødvendige midlar til disposisjon, få ei god løysing.

Rolf Terje Klungland (A) [12:02:36]: Etter at jeg hadde etterlyst framgang i saken på grunn av at NSB sa at det ikke hadde vært kontakt fra departementet, mottok jeg 17. april i år en mail fra statssekretær Erik Lahnstein i Samferdselsdepartementet der han skriver:

«Selv om dette ikke er et tiltak vi prioriterer på jernbaneområdet (og det er uryddig at finansfraksjonen fatter vedtak mot vår vilje) er det viktig at vi får tydelig frem hva som er handlingsalternativene og kostnadene knyttet til det.»

Jeg merker meg at statssekretæren fortsatt er statssekretær, og at stortingsvedtaket fortsatt ikke er fulgt opp.

Siden samferdselsministeren ikke har gjort noe i forhold til denne holdningen til Stortinget, er hun da enig med statssekretæren sin om at hun kan nedprioritere eller la være å følge opp stortingsvedtak?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:03:35]: Eg tek sterk avstand frå alle insinuasjonar om at me ikkje følgjer opp Stortinget sine vedtak. Det er gjort ein veldig ryddig prosess. Me har gått til det skritt å kvalitetssikre NSB sine forhandlingar og det som har skjedd mellom Samferdsledepartementet og NSB – og det er noko me elles aldri gjer – nettopp for å kome òg den påstanden i møte at NSB trenerer saka. Det er ein påstand som representanten har kome med òg i det offentlege rom. Difor har eg godt samvit for at me har følgt opp vedtaket.

Eg kan ikkje trylle, men eg kan føre ein ryddig dialog med NSB for å få handlingsalternativet på bordet. Dette tiltaket har Stortinget prioritert. Samferdslefraksjonen til dei tre partia hadde ei anna prioritering, og det er den statssekretæren har vist til i høve til kva som har hatt prioritet frå samferdslefraksjonen. Men eit stortingsvedtak vert følgt opp, og det er det me no arbeider med å gjere på ein ryddig måte.

Rolf Terje Klungland (A) [12:04:42]: Stortinget har vedtatt at det skal være sovevognstilbud fra Kristiansand. Meg bekjent er det det eneste stortingsvedtak om sovevognstilbud i Norge. Samtidig vet vi at det fra Stavanger går to sovevogner. Det er faktisk ikke verre enn at en kunne ha koblet av den ene i Kristiansand, dersom det hadde vært vilje til det. Men jeg oppfatter det som at det har vært veldig mye motstand og unnaluring for å slippe å gjennomføre Stortingets vedtak.

Jeg synes det er alvorlig og oppsiktsvekkende at en statsråd i forhold til Stortinget faktisk er villig til å sette stillingen sin inn på at det ikke skal være sovevognstilbud mellom Norges største by og Norges femte største by.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:05:38]: Eg registrerer at representanten ikkje har lytta heilt til det eg sa i mitt hovudsvar. I mitt hovudsvar sa eg at me jobbar med denne saka, at NSB jobbar med saka, at me har hatt eksterne konsulentar som jobbar med saka, og at dei løyvingane som er stilte til disposisjon, på ingen måte er dekkjande for det som dette vil koste. Men når det er Stortinget si prioritering, må me òg finne rom for dei midlane. Det må gjerast på ein ryddig måte. Stortinget er òg informert om at eit slikt tilbod vil koste meir enn dei tre mill. kr som vart stilte til disposisjon. Eg meiner me har opplyst Stortinget heile vegen på ein ryddig måte om kva situasjonen har vore. Me jobbar for å oppfylle dette og alle andre stortingsvedtak på ein ryddig og god måte. Det skal me fortsetje med å gjere.

Eg føler ikkje at dette handlar om det som ein prøver å skape inntrykk av, ei slags trenering av saka. Dette handlar faktisk om at det er ein litt vanskeleg situasjon som har oppstått, og den må me løyse på beste måte. Den løyser me best gjennom dialog og god, enkel, skikkeleg framferd.

: