Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 19. november 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 6

Arne Sortevik (FrP) [12:06:56]: «Regjeringen har fornyelse og utvikling av offentlig sektor som et eget kapittel i sin politiske plattform. Der heter det bl.a.: «Offentlig sektor skal være i stand til å ivareta hensynet til kvalitet, tilgjengelighet, rettferdighet og økonomisk effektivitet.» Hovedmålene for samferdsel er «trafikksikkerhet, en mer miljøvennlig transport, regional utvikling og et effektivt og tilgjengelig transportsystem for hele landet».

Hva er statsrådens strategi og tiltak for å bruke fornyelse og modernisering for å nå målene?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:07:39]: Eg tykkjer det er flott at representanten Sortevik er oppdatert på Regjeringa si politiske plattform, og at han er oppteken av korleis me følgjer opp til punkt og prikke.

Regjeringa har kvart år utarbeidd ein rapport som viser oppfølginga av Soria Moria‑erklæringa. Rapporten tek òg med viktige tiltak og satsingar utover dette. Eg vil difor gjerne referere frå den siste statusrapporten frå fleirtalsregjeringa, «Soria Moria‑erklæringen ‑ tre år etter»:

«Våre mål i fornyelsen av offentlig sektor er å oppnå mer velferd og mindre administrasjon, mer lokal frihet og mindre detaljstyring. Det må arbeides med kvalitetsmål som både tar hensyn til kvalitet, tilgjengelighet, rettferdighet og økonomisk effektivitet.

(…) Regjeringen lanserte i oktober 2007 en fornyingsstrategi, som viser hvordan regjeringen skal forbedre offentlig sektor. Strategien gir hovedretningen i regjeringas arbeid med fornying i offentlig sektor. Den omtalar verdigrunnlaget og sentrale prinsipp for arbeidet. Den viser at regjeringa satser på fellesskapsløsningene. Offentlig sektor skal gå foran, og ikke ukritisk kopiere marknadsløsningene. Strategien skal sikre at ideal som likhet og rettferdighet blir fulgt opp i praktisk politikk.»

Eg kan forsikre representanten om at eg arbeider i tråd med dei prinsippa og det verdigrunnlaget som her er nemnde.

Fornying og utvikling av offentleg sektor er ikkje det same som konkurranseutsetjing av offentlege tenester. For å få til fornying og modernisering er det viktig at dei ulike forvaltningsnivåa har tilstrekkelege ressursar. Difor har denne regjeringa auka overføringane til kommunane kraftig. Difor legg denne regjeringa opp til å styrkje det regionale forvaltningsnivået gjennom forvaltningsreforma. Difor har denne regjeringa auka løyvingane til transportinfrastrukturen meir enn nivået i Nasjonal transportplan. Fordi tidlegare regjeringar lét veg‑ og jernbanenettet forfalle og var særs atterhaldne med løyvingane til vedlikehald av veg‑ og jernbanenettet, har denne regjeringa måtta auke nivået til vedlikehald meir enn lagt til grunn i Nasjonal transportplan. Ein ting er å ynskje modernisering og håpe at konkurranseutsetjing gir dei resultata ein ynskjer, noko anna er å følgje det opp i praktisk politikk med tilstrekkelege ressursar.

Regjeringa har lyfta løyvingane i dei fire åra som planen gjeld for, i storleik om lag 11 milliardar kr samanlikna med den førre regjeringa sitt forslag til Nasjonal transportplan, samanlikna i 2009‑kroner. Det er ei overoppfylling på nesten 1,9 milliardar kr i forhold til stortingsvedtaket om Nasjonal transportplan. Eg finn grunn til å minne om at løyvingane t.d. i jernbaneinfrastrukturen under denne regjeringa, med budsjettforslaget for 2009, ligg 140 pst. over budsjettforslaget frå den førre regjeringa.

Eg er sikker på at me vil sjå resultat av den kraftige auken i løyvingane i åra som kjem, i form av eit meir moderne og effektivt transportsystem. Som representanten Sortevik er kjend med, arbeider Regjeringa no med Nasjonal transportplan for dei neste ti åra. Eg kan love at Regjeringa vil leggje fram ein plan som vil gi eit godt grunnlag for ei vidareutvikling og modernisering av transportnettet i Noreg.

Arne Sortevik (FrP) [12:10:46]: Takk for et beklagelig, men forventet svar.

Innenfor samferdselsområdet er det, vil jeg hevde, få iøynefallende store fornyelsesanstrengelser for å få mer ut av pengene. Statsråden har referert til økte bevilgninger innenfor samferdselsområdet. Der er det å legge til at man støtter seg tungt på bilistene, fordi bompengebruken er økt kraftig. Men under forrige regjering gjorde man et stort grep innenfor samferdselssektoren for å få mer vei for pengene; man skilte Mesta ut fra Vegvesenet og fikk en samlet effekt som gav nesten 1 milliard kr mer til vei.

Hvilke fornyelsesgrep vil statsråden gjøre på jernbaneområdet, f.eks. med spor tilbake til mitt forrige spørsmål, som gjaldt Jernbaneverket og NSB? Hvilke fornyelsesgrep vil statsråden gjøre der, bortsett fra å kalle folk inn på teppet av og til?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:11:51]: Å fornye det norske jernbanenettet handlar om å stille ressursar til disposisjon som vil vise seg i form av eit forbetra skjenegangopplegg og ikkje minst fornying av det elektriske anlegget, signalanlegget og alle sporskifte som er forelda og utgått på dato. Det er ikkje slik at ei konkurranseutsetjing av den aktiviteten i større grad enn i dag – mykje av dette er nemleg konkurranseutsett – vil gi nokre store gevinstar.

NSB er skilt ut, driv med eige styre og har eiga forretningsdrift – og driv godt. NSB har vist evne til fornying av organisasjonen og vist evne til ei god drift. Eg har stor tru på at det samarbeidet som no er oppe og står mellom NSB og Jernbaneverket, og som er på eit heilt anna plan, ikkje minst takka vere aktivitet frå Samferdsledepartementet si side, òg vil gi gode resultat.

Arne Sortevik (FrP) [12:12:55]: Jeg vrir fokuset videre innenfor samferdselssektoren, til sjøtransport. Hvilke grep tar samferdselsministeren for å løfte sjøtransporten opp i samferdselspolitikken? Alle snakker pent om å overføre mer gods fra vei til bane, men Regjeringen lar området farleder og havner ligge under Fiskeri‑ og kystdepartementet.

Jeg minner om at også i inneværende Nasjonal transportplan‑periode har de nåværende regjeringspartier sagt at gebyrstrukturen burde gjennomgås. Rapporten foreligger. Føler ikke samferdselsministeren ansvar for å bedre sjøtransportens vilkår i innenlands transportarbeid?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:13:39]: Når det gjeld det siste, om gebyrstrukturen, er det følgt opp med ein gjennomgang. Det vil Regjeringa kome tilbake til overfor Stortinget ved eit passande høve, og det vil nok vere innanfor Nasjonal transportplan‑samanheng.

Når det gjeld å sjå dei ulike transportformene i samanheng, som veldig mykje handlar om, å få t.d. meir gods over på sjø, gjer me ein jobb no og ser i Nasjonal transportplan‑samanheng på korleis me kan forbetre knutepunktfunksjonen, terminalstrukturen, slik at det vert lettare tilgjenge i både ut‑ og inntransport over sjø.

Eg har ikkje opplevd at det er problematisk at sjøtransporten ligg under Fiskeri‑ og kystdepartementet. Me har eit særdeles godt samarbeid, og det samarbeidet resulterer i at me skal få ein Nasjonal transportplan som òg vil lyfte sjøtransporten og dei moglegheitene som ligg i å få meir gods over på bane, som i stor grad handlar om (presidenten klubbar.) … – Unnskyld, tida er visst ute.

: