Stortinget - Møte onsdag den 12. mai 2010 kl. 10

Dato: 12.05.2010

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 5

Øyvind Halleraker (H) [11:47:50]: Jeg har følgende spørsmål:

«Regjeringen sier i Nasjonal transportplan: «Det er en prioritert målsetting å skape en vesentlig bedre drifts- og vedlikeholdsstandard på riksvegene.» Samtidig øker vedlikeholdsetterslepet i norsk vegsektor stadig. Vedlikeholdsetterslepet har blitt estimert til over 20 mrd. kr og er økende.

Mener statsråden at planene som nå foreligger, er nok til å forhindre at vegstandarden ikke forverres ytterligere?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:48:29]: Regjeringa har for perioden 2006–2009 meir enn oppfylt planramma for dei fyrste fire åra i Nasjonal transportplan 2006–2015. Regjeringa har vore særleg oppteken av å styrkja innsatsen til vedlikehald av transportinfrastrukturen, som har vore forsømt over fleire år. Budsjetta til drift og vedlikehald av vegnettet vart difor auka merkbart i perioden 2006–2009, samanlikna med rammene i Nasjonal transportplan 2006–2009. I Nasjonal transportplan 2010–2019 er det lagt opp til ytterlegare auka løyvingar til drift og vedlikehald. Målet for den auka innsatsen er å stoppa veksten i forfallet av transportinfrastrukturen.

I budsjettet for 2010 vidarefører regjeringa ein høg aktivitet på drift og vedlikehald av riksvegnettet. Det har likevel vore ein kraftig kostnadsauke nettopp for drifts- og vedlikehaldsarbeid dei siste åra, noko som gjer det vanskeleg å halda oppe eit nivå på vedlikehaldet som stoppar veksten i forfallet. Det er difor viktig å arbeida for å redusera kostnadene, samtidig som kvaliteten på arbeidet skal vera rett. Statens vegvesen arbeider no med å kartleggja årsakene til den store kostnadsauken. I tillegg arbeider etaten med å prøva ut nye kontraktformer og strategiar med sikte på kostnadsreduserande tiltak.

Lat meg òg seia at dagens metode for vurdering av storleiken på vedlikehaldsetterslepet er hefta med uvisse. Samferdselsdepartementet har difor teke initiativ til ei ny utgreiing for å betra metodikken for vurdering av vedlikehaldsetterslepet på riks- og fylkesvegnettet. Statens vegvesen har starta på dette arbeidet, og det er meint å vera ferdig i 2011.

Eg følgjer utviklinga innafor drift og vedlikehald i vegsektoren nøye. Det er min ambisjon å arbeida for å styrkja vedlikehaldet, og då må vi i fyrste omgang stoppa veksten i forfallet på vegane.

Øyvind Halleraker (H) [11:50:33]: Jeg takker for svaret.

Vi har nettopp sett revidert nasjonalbudsjett, hvor det er lagt inn 70 mill. kr kun til å rette opp frostskader og skader etter en streng vinter. Det statsråden slår fast, er at hun holder fast ved sin målsetting og mener at hun er på god veg mot det målet.

Men dette stemmer ikke med det som står i hennes egen underetats dokumenter. I Statens vegvesens handlingsprogram står det under kategorien veg: svært dårlig – som brukes som begrep. Den vil øke fra 8 pst. til 20 pst. i løpet av de neste tre årene. Hvordan kan dette henge sammen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:51:32]: Dette spørsmålet gjev meg høve til å retta opp ein feil frå Statens vegvesen si side. Eg vart fortald i går at dei nettopp hadde levert ut eit handlingsprogram som fortel om ein auke frå 8 til 20 pst. Det korrekte talet frå Statens vegvesen si side skal vera 10 pst. Dei har òg lagt ut ein korreksjon på sine nettsider.

Så kan representanten seia: Okke som, her er det ein auke. Eg kan seia: Heldigvis berre på 2 pst. i staden for 12 pst.

Eg skal ha fullt trøkk både på betre metodar for å estimera vedlikehaldet og ikkje minst for å få ein gjennomgang av kontraktformene, som Statens vegvesen no skal føreta. Det handlar ikkje berre om å løyva pengar, men det handlar faktisk òg om å sørgja for eit effektivt vedlikehald for pengane.

Øyvind Halleraker (H) [11:52:36]: Det er tydelig at det er et eller annet med systemet her for å etterprøve dette, som ikke er på plass.

Komiteen har i dag hatt høring med trafikksikringsorganisasjonene. De ønsker å ha definerte, forpliktende mål for hva som er godkjent eller god veg, altså på linje med krav til kjøretøyer, på linje med krav til førere, osv. I tillegg vil de ha et tilsyn, og de vil ha sanksjonsmuligheter.

Vil statsråden lytte til disse organisasjonene som arbeider for sikrere veger, færre dødsfall på vegene våre, og imøtekomme dem i dette ønsket?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:53:30]: Lat meg aller fyrst seia ja til å lytta. Det er ikkje noko nytt. Eg har brukt ganske mykje tid no desse månadene eg har vore samferdselsminister, nettopp på å lytta til ulike aktørar innan denne sektoren for å sjå på på kva måte eg kan følgja opp på best mogleg vis.

Difor er eg òg veldig glad for at det i budsjettet for 2010 er rom for 800 nye kilometer med asfalt. Det betyr mykje for dei som er opptekne av vedlikehald. Så kjem det no i revidert 70 mill. kr. Det er ikkje all verda, men det betyr faktisk 100 nye kilometer med asfalt. Og prisane er gunstige akkurat no. Så summen der kan bli minst 900 kilometer med asfalt, som er viktig for vedlikehaldsarbeidet. Utover det: Ja, vi må stadig forbetra vedlikehaldet.