Stortinget - Møte onsdag den 2. mai 2012 kl. 10

Dato: 02.05.2012

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 2

Bjørn Lødemel (H) [11:15:50]: «Den 20. mars 2012 stemde regjeringspartia mot Høgre sine framlegg om at kommunane skal få større avgjerdsmynde i saker om motorferdsle i utmark. I Nationen 20. april kan vi lese at stortingsrepresentant Thomas Breen frå Arbeidarpartiet går ut med at Arbeidarpartiet vil la kommunane styre skutertrafikken etter plan- og bygningslova, og nektar å støtte SV sine ønskje om nye utgreiingar. Statssekretær Sørensen uttalar i same avis at det ikkje kjem snarlege endringsframlegg.

Når får Stortinget ei ny sak om motorferdsle i utmark, og skal det lagast nye utgreiingar?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:16:48]: Dersom eg får lov, vil eg gjerne først få knyte nokre få kommentarar til eit brev eg har motteke frå stortingspresidenten på vegner av presidentskapet om mitt forfall frå spørjetimen sist onsdag. Der skriv presidentskapet at det var eit sterkt kritikkverdig forfall. Det kan som kjent vere gode grunnar til forfall i Stortinget, men eg er einig i det som står i brevet, at det forfallet – mitt forfall – sist onsdag var sterkt kritikkverdig. Eg vil òg leggje til at det var uheldig, all den tid eg veit veldig godt kva som har høgaste prioritet for ein statsråd i hans gjerning, nemleg Stortinget. Eg vil derfor i tida som kjem, sørgje for å følgje opp det.

Så til spørsmålet. Eg viser til tidlegare miljø- og utviklingsminister Erik Solheim sine ytringar i Stortinget i mars i år under debatten ved handsaminga av Dokument nr. 8:40 S for 2011–2012, ein debatt eg dessutan har lest heilt ut – eg har òg merka meg representanten sitt innlegg. Statsråden sa at regjeringa vil sjå på om det finst høve for å kome kommunane i møte ved å gi kommunane større styresmakt til å avgjere om dei vil opne for etablering av snøscooterløyper. Departementet vurderer no det.

Det er mange omsyn som må vurderast her. Det er heilt sentralt at eventuelle løysingar tek omsyn til dyreliv, terreng og vegetasjon, friluftsliv og behovet for stille og ro. Eit eventuelt tilgjenge for kommunane til å etablere snøscooterløyper vil krevje lovendring med føregåande brei høyring. Eg vil kome tilbake til spørsmålet om det vert aktuelt.

Presidenten: Da vil presidenten først få bemerke at han tar imot den betimelige kommentaren som statsråden ga i innledningen av sitt svar. Man har da en felles forståelse av betydningen av rollene mellom Stortinget og regjeringen, og takker for det.

Bjørn Lødemel (H) [11:18:52]: Det er interessant å høyre kva statsråden seier, at ein her skal vurdere å kome tilbake med ei ny sak til Stortinget. Etter USS sitt landsmøte 19. mars er det frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet skapt store forventingar om at det kjem ei ny sak til Stortinget. Det er òg skapt store forventingar til at denne saka er avgjord, at det allereie no ligg til rette for at kommunane skal få større avgjerdsmynde når det gjeld motorferdsle i utmark. Det statsråden no seier, er stikk i strid – her skal det framleis vurderast.

Mitt spørsmål går tilbake igjen til statsråden: Kan statsråden garantere at det kjem ei sak i 2012 om motorferdsle i utmark der kommunane får større avgjerdsmynde?

Marit Nybakk hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:19:48]: Det vi kjem til å gjere, er det som tidlegare statsråd Erik Solheim sa i Stortinget ved nemnde anledning, og som eg òg no refererer til, at vi vil sjå på om det finst høve for å kome kommunane i møte ved å gi kommunane større styresmakt til å avgjere om dei vil opne for etablering av snøscooterløyper. Det er det vi no ser på, som eg sa.

Eg har òg begynt i betydeleg grad å setje meg inn i omfanget av dette sakskomplekset, og noko av det eg gjorde, var å lese gjennom heile debatten for å få eit bilete av nettopp kva for ulike oppfatningar dei ulike partia i Stortinget har. Det var ein nyttig og interessant bakgrunn for mitt arbeid med saka, for det viser jo korleis ulike parti og ulike stortingsrepresentantar som er sterkt engasjerte, ser på dette. Men i tillegg er det nødvendig at eg går djupare inn i heile materien. Så vil vi sjå på om vi skal kome kommunane meir i møte ved å opne for etablering og eventuelt kome tilbake med det.

Bjørn Lødemel (H) [11:21:01]: Høgre har fremja saka om motorferdsle i utmark gjentekne gonger fordi vi meiner at dette handlar om lokaldemokrati, det handlar om kven som er best eigna til å ta denne typen avgjersler. Derfor er det skuffande at regjeringa ikkje svarar opp, både når det gjeld dei prøveordningane som har vore, og når det gjeld ei ny lov. Høgre meiner at lokaldemokratiet er best eigna til å ta denne typen avgjersler. Plan- og bygningslova er veldig klar og ein veldig god reiskap der ein kan bruke Planforum og andre organ for å få fram og få belyst ei sak, og der kommunar har hovudansvaret for framdrifta. Derfor er det òg, som nemnt i den debatten som var i Stortinget, ein skandale at desse prøveordningane ikkje er blitt vidareførde, og at det ikkje har kome ei ny sak om motorferdsle i utmark.

Støttar statsråden Høgre sitt syn på at dette er ei sak der lokaldemokratiet og lokale styresmakter er best eigna til å ta avgjersler?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:22:03]: Eg trur eg kanskje ville ha reservert omgrepet «skandale» til nokre andre ting enn dette, ikkje minst sidan det same regelverket som desse kommunane hadde under forsøket, er vidareført. Men det eg er heilt einig i, er at vi no så raskt som tilrådeleg skal gå inn i dette sakskomplekset, og vi skal sjå på om det er ønskeleg, og behov for, å gjere endringar. Det sa dåverande statsråd Solheim i Stortinget for ikkje lenge sidan. Eg har allereie sett i gang arbeidet med å vurdere dette nærmare, men det er ei rekkje ulike omsyn som må vurderast.

Eg har òg merka meg at både representanten Lødemel og andre i debatten er veldig klare på at det ikkje skal vere fritt fram, at det er endringar som kan vareta ulike omsyn betre enn det dei går inn for.

Eg vil jobbe nøye med saka og vurdere om det er aktuelt å kome tilbake til Stortinget med endringar.