Stortinget - Møte torsdag den 13. juni 2013 kl. 9

Dato: 13.06.2013

Dokument: (Innst. 453 L (2012–2013), jf. Prop. 148 L (2012–2013))

Sak nr. 12 [13:34:33]

Innstilling fra justiskomiteen om endringer i rettsgebyrloven og lov om notarius publicus (gebyr for notarialforretninger og testamentoppbevaring)

Talarar

Votering i sak nr. 12

Sigvald Oppebøen Hansen (A) [13:35:08]: (Ordførar for saka): Denne saka omhandlar forslag om å gebyrleggje tenestene notarialforretningar, inkludert vigsler, og oppbevaring av testament i domstolane. I dag er dette ei gratisteneste.

Denne saka er ei oppfølging av Stortingets budsjettvedtak, og derfor har komiteen ikkje noko problem med å akseptere innføring av gebyr for testamentoppbevaring og delar av notarialforretningar – unntaket er borgarlege vigsler. Eg skal kome tilbake til dette.

Når det gjeld gebyr for oppbevaring av testament i domstolane, vil komiteen tilrå å setje gebyret til 0,8 rettsgebyr, som svarer til 688 kr. Dette er også i tråd med regjeringa sitt forslag.

Komiteen finn det òg rimeleg at publikum skal betale for statens kostnader ved notarialstadfestingar. Når det gjeld størrelsen på gebyret, gir Stortinget Kongen fullmakt i forskrift til å fastsetje størrelsen.

Når det gjeld gebyr for vigsler i domstolane, vil ein einstemmig komité utsetje dette forslaget til me har fått ei ny og grundig utgreiing om dette spørsmålet.

I dag er det slik at dersom ein vel å gifte seg i kyrkja, er dette i utgangspunktet ei gratisteneste på lik linje med vigsler i domstolane. Dersom ein skulle innføre gebyr for vigsler i domstolane nå, ville det innebere ei uheldig forskjellsbehandling samanlikna med vigsler i kyrkja.

Det er ei kjend sak at det å utføre vigsler inneber ein betydeleg utgift for samfunnet. Særleg gjeld det vigsler utanom arbeidstid. Derfor ville det kanskje ikkje ha vore urimeleg at giftetrengande par måtte betale eit lite gebyr for ei slik teneste. Det er ei utfordring å innføre gebyr for slike tenester i domstolane nå, det ville vere vanskeleg utan å sjå det i samanheng med vigsler i kyrkja.

Komiteen er kjend med at det går ein diskusjon i enkelte prosti om ei gebyrlegging av vigsler i kyrkja, sjølv om Kyrkjerådet er kritisk til dette.

Komiteen meiner at likebehandling av vigsler bør vere eit berande prinsipp i trus- og livssynspolitikken når det gjeld gebyrlegging. Derfor ber komiteen om ein breiare vurdering og diskusjon av dette spørsmålet.

På denne bakgrunnen vil ein einstemmig komité tilrå at dette spørsmålet blir utsett nå, og ber regjeringa om å kome tilbake til Stortinget på ein grundig og eigna måte.

Når det gjeld inntektsbortfallet i 2013, vil ein kome tilbake til dette gjennom omdisponeringar i budsjettet ved eit seinare høve.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 12.

Etter ønske fra justiskomiteen vil presidenten foreslå at sakene nr. 13 og 14 behandles under ett.

– Dette anses vedtatt.

Votering i sak nr. 12

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til

lov 

om endringer i rettsgebyrloven og lov om notarius publicus (gebyr for notarialforretninger og testamentoppbevaring)

I

I lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr skal i kapittel 9 ny § 27 c lyde:

For oppbevaring av testament hos domstol i medhold av arveloven § 68 betales 0,8 ganger rettsgebyret.

II

I lov 26. april 2002 nr. 12 om notarius publicus skal § 2 nytt fjerde ledd lyde:

Kongen kan i forskrift gi reglar om gebyr for forretningar etter lova her. Gebyret tilkjem staten. Gebyra er tvangsgrunnlag for utlegg.

III

Loven trer i kraft 1. juli 2013.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli ført opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.