Stortinget - Møte torsdag den 28. april 2022

Dato: 28.04.2022
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhald

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Johan Syrstad

Presidenten: Vyrde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsmann Johan Syrstad gjekk bort 16. desember 2019. Han møtte fyrste gong på Stortinget som fast møtande vara for Per Borten i mars 1968, i samband med at Einar Moxnes rykka opp og vart fiskeriminister. Deretter vart han igjen fast møtande då Korvald-regjeringa troppa på, og Einar Moxnes vart landbruksminister. Ved valet i 1977 vart han vald inn på Stortinget på eigen kjøl, og han vart sitjande i to periodar, fram til 1985. Då satt han fyrst i kyrkje- og undervisningskomiteen og deretter i landbrukskomiteen, kor han var nestleiar.

Stortingsvervet var likevel berre ein del av eit samla politisk liv i kommunepolitikken, fylkespolitikken og rikspolitikken, slik det ofte er. Arbeidsdagen i Senterpartiet starta for alvor då han kom inn i kommunestyret i Meldal i 1955. Etter to periodar kom han inn i formannskapet, kor han satt i tre periodar. I 1960 vart han leiar, eller formann, som det då heitte, i Sør-Trøndelag Senterparti.

Mjølkeprodusenten Johan Syrstad arbeidde òg i mange år i landbruksrøyrsla, både i Bondelaget og i samvirket, der landbrukssamvirket hadde særleg glede av arbeidsinnsatsen hans. Han spela ein viktig og til dels leiande rolle i både Trøndelag melkesentral, Norske Melkeprodusenters Landsforbund og Norske Meieriers Salgssentral, NMS. Han var den fyrste leiaren i NMS som ikkje var frå Austlandet.

Men arbeidskapasiteten rakk òg til meir, for Johan Syrstad var òg aktiv i kristeleg arbeid. I fire tiår var han aktiv i soknerådet i Meldal, om enn med nokre avbrekk innimellom. Han var òg ein sentral tillitsvald i Misjonsselskapet i Trøndelag. Heimbygda hadde nytte av han på mange andre vis òg. Han la ned ein stor innsats i den lokale sparebanken, og han forfatta lokalhistoriske skrifter. Og i ein alder då dei fleste går av med pensjon, innleia han ei tiårig karriere som formann i A/S Meldal Samfunnshus.

Ved båra hans vart det understreka frå mange hald at Johan Syrstad var ein samfunnsbyggjar, og det var lagt stor vekt på at han var både triveleg, romsleg og raus. Han søkte aldri merksemd for eigen del og greidde fint å arbeida med politisk gjennomslag utan å skapa oppstuss i Oslo-redaksjonane.

Ein skal likevel hugsa at Syrstad ein gong, i samband med Stortinget si handsaming av det såkalla dobbeltvedtaket, i all hast vart flydd heim over Atlanteren for å redda Willoch-regjeringa frå nederlag, og at han på denne måten stansa eit mogleg regjeringsskifte i Noreg. I møte med den politiske dramatikken sørgde altså Johan Syrstad for å hindra krise. Det fortel mykje om både mannen og politikaren.

Det er ei ære å lysa fred over Johan Syrstad sitt gode minne.

Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.

Presidenten: Frå representanten Mani Hussaini ligg det føre søknad om foreldrepermisjon i tida frå og med 2. mai til og med 17. juni.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert handsama straks og innvilga.

  2. Vararepresentanten, Tobias Hangaard Linge, vert innkalla for å møta i Stortinget i tida frå og med 3. mai til og med 17. juni.

Presidenten: Før sakene på møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16.