Stortinget - Møte torsdag den 13. april 2023

Dato: 13.04.2023
President: Ingrid Fiskaa
Dokument: (Innst. 278 S (2022–2023), jf. Meld. St. 12 (2022–2023))

Søk

Innhald

Sak nr. 10 [14:19:59]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Tilbaketrekking av Prop. 4 LS (2022-2023) Endringer i postloven (tilbyderbegrepet, pakkepostforordningen, brukerklagenemnd, offentlig postnummersystem og politiattest) og samtykke til godkjennelse av EØS-komiteens beslutning nr. 246/2021 av 24. september 2021 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) 2018/644 om pakkeleveringstjenester over landegrensene (pakkepostforordningen) (Innst. 278 S (2022–2023), jf. Meld. St. 12 (2022–2023))

Talarar

Erling Sande (Sp) [] (leiar i komiteen): Presidenten refererte på ein grei måte tittelen i saka. Det er ein lang tittel, så eg skal ikkje gjenta han, men berre varsle at saka omhandlar trekking av den nemnde Prop. 4 LS for 2022–2023. Det var ei sak som komiteen hadde teke under behandling, og så fekk ein beskjed om at regjeringa har bestemt seg for å trekkje tilbake proposisjonen. Det tek ein samla komité til etterretning.

Eg seier dette fordi saksordføraren var forhindra frå å vere her under behandlinga av denne saka.

Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 10.

Votering, sjå tysdag 18. april