Til Stortinget
Ektefellar i felles verksemd må setja fram krav om å få likninga
fordelt i samband med sjølvmeldinga. Det var grenser for
ei slik fordeling i skattelova før 1986. Det gjorde det
vanskeleg for ein del kvinner både i jordbruket og i andre
felles verksemder å få fastsett poeng i forhold
til arbeidsinnsatsen sin. Grunna tidlegare kjønnsrollemønster
var det elles vanleg at inntekta frå verksemda i sin heilskap
vart kravd av mannen.
For ektefellar med verksemd med låge og middels inntekter
ville eit større høve til å fordela inntekta
i dei aktuelle åra neppe vera nokon pensjonsmessig fordel
for ektefellane samla sett. Det kjem av ordninga med særtillegg/minstepensjon.
Ved dødsfall får dessutan attlevande ektefelle
ein fordel av avdøde si opptening. Ei deling vil likevel
alltid vera til fordel for samla inntekter over 12 gonger folketrygda
sitt grunnbeløp, fordi det her blir sett tak for kva den
enkelte får godskrive på seg.
Ved skilsmisse vil det vera ein fordel for kvinna at den tidlegare
felles inntekta frå verksemda er fordelt.
Mange kvinner som no nærmar seg pensjonsalderen, ser
at dei manglar poeng for åra før 1986. Dei oppfattar
det som diskriminerande samanlikna med mannen, som har fått
auka sine poeng på grunn av deira felles arbeidsinnsats.
Dette handlar om rettferd for yrkeskvinner i sjølvstendige
næringar. Bedrifta, butikken eller garden kunne vera eigd
og driven av begge. Men utan pensjonspoeng før 1986 får
ikkje denne yrkesgruppa av kvinner godtgjort yrkeserfaringa si.
Med minst 40 oppteningsår for å oppfylle folketrygda
sitt krav vert desse kvinnene minstepensjonistar sjølv
om dei har arbeid heile sitt vaksne liv i felles verksemd. Det er lovverket
som fører til dette. Om mannen sat i full stilling utanom
garden eller bedrifta, kunne han likevel verte sett på som
hovedutøvar og få heile inntekta skriven på seg.
Resultatet vart inga pensjonsgjevande inntekt for dei fleste av
desse kvinnene. Seinare godtok nokre likningskontor ei deling, men
praksisen var ulik. Dette førte til store skilnader, alt
etter kva likningskontor ein høyrde til.
På denne bakgrunn vert fremja følgjande
forslag:
Ei ordning med friviljug deling av pensjonspoeng mellom ektefellar
i felles verksemd vert gjort gjeldande for perioden 1967 til 1986.
14. juni 2000