Forslag frå stortingsrepresentantane Magnhild Meltveit Kleppa, Gudmund Restad og Marit Tingelstad om at ei ordning med friviljug deling av pensjonspoeng mellom ektefellar i felles verksemd vert gjort gjeldande for perioden 1967 til 1986

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Ektefellar i felles verksemd må setja fram krav om å få likninga fordelt i samband med sjølvmeldinga. Det var grenser for ei slik fordeling i skattelova før 1986. Det gjorde det vanskeleg for ein del kvinner både i jordbruket og i andre felles verksemder å få fastsett poeng i forhold til arbeidsinnsatsen sin. Grunna tidlegare kjønnsrollemønster var det elles vanleg at inntekta frå verksemda i sin heilskap vart kravd av mannen.

For ektefellar med verksemd med låge og middels inntekter ville eit større høve til å fordela inntekta i dei aktuelle åra neppe vera nokon pensjonsmessig fordel for ektefellane samla sett. Det kjem av ordninga med særtillegg/minstepensjon. Ved dødsfall får dessutan attlevande ektefelle ein fordel av avdøde si opptening. Ei deling vil likevel alltid vera til fordel for samla inntekter over 12 gonger folketrygda sitt grunnbeløp, fordi det her blir sett tak for kva den enkelte får godskrive på seg.

Ved skilsmisse vil det vera ein fordel for kvinna at den tidlegare felles inntekta frå verksemda er fordelt.

Mange kvinner som no nærmar seg pensjonsalderen, ser at dei manglar poeng for åra før 1986. Dei oppfattar det som diskriminerande samanlikna med mannen, som har fått auka sine poeng på grunn av deira felles arbeidsinnsats.

Dette handlar om rettferd for yrkeskvinner i sjølvstendige næringar. Bedrifta, butikken eller garden kunne vera eigd og driven av begge. Men utan pensjonspoeng før 1986 får ikkje denne yrkesgruppa av kvinner godtgjort yrkeserfaringa si. Med minst 40 oppteningsår for å oppfylle folketrygda sitt krav vert desse kvinnene minstepensjonistar sjølv om dei har arbeid heile sitt vaksne liv i felles verksemd. Det er lovverket som fører til dette. Om mannen sat i full stilling utanom garden eller bedrifta, kunne han likevel verte sett på som hovedutøvar og få heile inntekta skriven på seg. Resultatet vart inga pensjonsgjevande inntekt for dei fleste av desse kvinnene. Seinare godtok nokre likningskontor ei deling, men praksisen var ulik. Dette førte til store skilnader, alt etter kva likningskontor ein høyrde til.

Forslag

På denne bakgrunn vert fremja følgjande

forslag:

Ei ordning med friviljug deling av pensjonspoeng mellom ektefellar i felles verksemd vert gjort gjeldande for perioden 1967 til 1986.

14. juni 2000