Til Stortinget
Det internasjonale energibyrået (IEA) har rekna ut at klimagassutsleppa
må halverast innan 2020 dersom ein skal hindre ein global temperaturauke
på over 2 grader. Dette er svært krevjande fordi 70 pst. av klimagassutsleppa
i verda stammar frå fossile brensel, og energibruken i verda aukar
med folketalet og betre levestandard. IEA meiner at fornybar energi vil
måtte medverke til 23 pst. av dei nødvendige utsleppsreduksjonane.
Gjennom blant anna EU sitt fornybardirektiv vil Noreg ha eit
ansvar for å bidra til forsyningssikkerheita for energi i Europa
og til å redusere klimagassutslepp frå energiproduksjon i Europa.
Med Europa sine største ressursar av fornybar energi har Noreg eit ansvar
for å bidra til at andelen fornybar energi i Europa aukar. Det vil
samstundes gje store muligheiter for norsk energinæring. Skal dette
potensialet kunne utnyttast, må overføringskapasiteten til det øvrige Europa
styrkjast monaleg.
Det ligg føre planar om å byggje kablar både til Storbritannia
og til kontinentet. Ein styrka overføringskapasitet til resten av
Europa, slik at Noreg kan knytast sterkare til den europeiske energimarknaden, er
ein føresetnad for auka utbygging av fornybar energi i Noreg.
Den energikjelda med det kanskje største potensial for fornybar
kraftproduksjon er vindkraft til havs. Medan tilgjengeleg areal
for produksjon av fornybar energi på land er avgrensa, er det teoretiske
potensialet for fornybar energiproduksjon til havs svært stort.
Ein god infrastruktur for overføring av elektrisitet er avgjerande
for utviklinga av fornybar energiproduksjon til havs, forsyningstryggleik
og ein fornuftig bruk av ressursane. Eit nytt 3. generasjons hovudnett for
overføring av kraft i sjøkabel langs kysten, eit såkalla "supernett",
vil kunne vere viktig i så måte. Eit slikt nett vil også vere viktig
i høve til utanlandssambandet til Storbritannia og kontinentet og
eventuelt for elektrifisering av installasjonar på kontinentalsokkelen.
Dersom eit slikt nytt nett skal byggjast, betyr det store investeringar,
men det vil også leggje til rette for store framtidige inntekter.
Utbygging av eit slikt nett kan kreva ein annan teknologi enn det
som finst for kraftoverføring på land.
Utbygging av at eit slikt "supernett" vil få store verknader
for kraftoverføringa i Noreg, mellom fastlandet og havområda utanfor
kysten vår og overføringssambandet til Storbritannia og kontinentet.
Det er derfor viktig at eit slikt nett blir utgreia grundig, og at
ein må setje i gang dei første utgreiingane allereie no.
På denne bakgrunn fremmar forslagsstillarane følgjande
framlegg:
Stortinget ber Regjeringa greia ut eit såkalla supernett i sjøkabel
langs kysten for å kunne handtere vindkraft til havs, innanlands
kraftoverføring langs kysten og kraftoverføring til utlandet, og
melde tilbake om dette arbeidet i statsbudsjettet for 2011.
4. desember 2009