Representantforslag frå stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel, Nikolai Astrup, Øyvind Halleraker, Ivar Kristiansen og Siri A. Meling om å greie ut eit supernett for framføring av elektrisk kraft langs kysten og til Europa

Dette dokument

  • Dokument 8:33 S (2009–2010)
  • Dato: 04.12.2009
  • Sidetall: 2

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Det internasjonale energibyrået (IEA) har rekna ut at klimagassutsleppa må halverast innan 2020 dersom ein skal hindre ein global temperaturauke på over 2 grader. Dette er svært krevjande fordi 70 pst. av klimagassutsleppa i verda stammar frå fossile brensel, og energibruken i verda aukar med folketalet og betre levestandard. IEA meiner at fornybar energi vil måtte medverke til 23 pst. av dei nødvendige utsleppsreduksjonane.

Gjennom blant anna EU sitt fornybardirektiv vil Noreg ha eit ansvar for å bidra til forsyningssikkerheita for energi i Europa og til å redusere klimagassutslepp frå energiproduksjon i Europa. Med Europa sine største ressursar av fornybar energi har Noreg eit ansvar for å bidra til at andelen fornybar energi i Europa aukar. Det vil samstundes gje store muligheiter for norsk energinæring. Skal dette potensialet kunne utnyttast, må overføringskapasiteten til det øvrige Europa styrkjast monaleg.

Det ligg føre planar om å byggje kablar både til Storbritannia og til kontinentet. Ein styrka overføringskapasitet til resten av Europa, slik at Noreg kan knytast sterkare til den europeiske energimarknaden, er ein føresetnad for auka utbygging av fornybar energi i Noreg.

Den energikjelda med det kanskje største potensial for fornybar kraftproduksjon er vindkraft til havs. Medan tilgjengeleg areal for produksjon av fornybar energi på land er avgrensa, er det teoretiske potensialet for fornybar energiproduksjon til havs svært stort.

Ein god infrastruktur for overføring av elektrisitet er avgjerande for utviklinga av fornybar energiproduksjon til havs, forsyningstryggleik og ein fornuftig bruk av ressursane. Eit nytt 3. generasjons hovudnett for overføring av kraft i sjøkabel langs kysten, eit såkalla "supernett", vil kunne vere viktig i så måte. Eit slikt nett vil også vere viktig i høve til utanlandssambandet til Storbritannia og kontinentet og eventuelt for elektrifisering av installasjonar på kontinentalsokkelen. Dersom eit slikt nytt nett skal byggjast, betyr det store investeringar, men det vil også leggje til rette for store framtidige inntekter. Utbygging av eit slikt nett kan kreva ein annan teknologi enn det som finst for kraftoverføring på land.

Utbygging av at eit slikt "supernett" vil få store verknader for kraftoverføringa i Noreg, mellom fastlandet og havområda utanfor kysten vår og overføringssambandet til Storbritannia og kontinentet. Det er derfor viktig at eit slikt nett blir utgreia grundig, og at ein må setje i gang dei første utgreiingane allereie no.

Framlegg

På denne bakgrunn fremmar forslagsstillarane følgjande

framlegg:

Stortinget ber Regjeringa greia ut eit såkalla supernett i sjøkabel langs kysten for å kunne handtere vindkraft til havs, innanlands kraftoverføring langs kysten og kraftoverføring til utlandet, og melde tilbake om dette arbeidet i statsbudsjettet for 2011.

4. desember 2009