Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

EU/EØS-arbeidet

Noreg er ikkje medlem av EU, men vert i stor mon påverka av EUs politikk, særleg som fylgje av EØS-avtala. 

Europaflagget.

Norsk utanrikspolitikk er i utgangspunktet regjeringa sitt prerogativ, altså ansvarsområde, men Stortinget har over tid vorte ein sentral aktør i EU/EØS-arbeidet. Stortinget er involvert på to hovudmåtar:

  • Gjennom Europautvalet er Stortinget rådgjevande organ for regjeringa i aktuelle EU/EØS-spørsmål.
  • Saker frå EU som er EØS-relevante, og som inneber norske lovendringar, framtidige budsjettkonsekvensar eller er særleg viktige, skal handsamast av Stortinget.

EØS-avtala

Det formelle tilhøvet Noreg har til EU, vert primært regulert av EØS-avtala. EØS-avtala er ei avtale mellom medlemslanda i EU og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein. Sveits er òg med i EFTA, men har valt å stå utanfor EØS. Føremålet med avtala er å styrkja handelen og det økonomiske tilhøvet mellom EU og EØS-landa. Avtala gjev EØS-landa tilgang til den indre marknaden i EU, og byggjer på prinsippet om «dei fire fridomane». Nasjonale hinder skal ikkje stå i vegen for fri flyt av:

  • varer
  • arbeid
  • tenester
  • kapital

I tillegg inneheld avtala reglar om mellom anna sosialpolitikk, forbrukarvern, miljøvern og likestilling. Døme på politikkområde som inngår i EU-samarbeidet, men som ikkje er tekne inn i EØS-avtala, er utanriks-, finans-, landbruks- og fiskeripolitikk. EØS-avtala vert likevel kalla ei dynamisk avtale fordi ho vert oppdatert og utvida fortløpande.
 
EØS-avtala er den viktigaste tilknytingsforma Noreg har til EU, men Noreg samarbeider med EU også innan politikkområde som ikkje er omfatta av avtala. Formelt sett gjeld det særleg Schengen-avtala (justis- og politisamarbeid) og samarbeid om utanriks- og tryggingspolitikk. I tillegg er det utstrekt uformell kontakt.

EØS-institusjonane

EFTAs logo

EFTAs logo.

EØS-institusjonane administrerer EØS-avtala. Institusjonane er organiserte i eit såkalla topilarsystem. Institusjonane i EU utgjer den eine pilaren, institusjonane i EFTA den andre.
 
Dei sentrale EU-institusjonane er Rådet for den Europeiske Union (Rådet), Europakommisjonen, Europaparlamentet og Den europeiske unions domstol (EU-domstolen). EØS-avtala gjev ikkje Noreg røysterett i dei avgjerande organa i EU, men Noreg er representert gjennom EFTA-pilaren. Under EFTA-pilaren er det dei to institusjonane ESA (EFTAs overvakingsorgan) og EFTA-domstolen som er dei mest sentrale.
 
I tillegg til dei to pilarane kjem fellesorgana EØS-rådet og EØS-komiteen. Dei er bindeledd mellom EU- og EFTA-pilarane, såkalla overbygningar. EØS-rådet er det øvste politiske organet for samarbeidet mellom EU og EØS-landa, og tek dei politiske avgjerdene om framdrifta av avtala. EØS-komiteen er det sentrale utøvande organet og er ansvarleg for den løpande gjennomføringa av EØS-arbeidet.

Europautvalet

Europautvalet er Stortingets organ for konsultasjonar med regjeringa om aktuelle EU/EØS-spørsmål. Utvalet handsamar hovudsakleg EU-rettsakter (direktiv og forordningar) som skal opp til handsaming i EØS-komiteen. Reglane for verksemda til utvalet er nedteikna i Stortingets forretningsorden § 17.
 
Frå Stortinget si side er Europautvalet samansett av representantane i utanrikskomiteen og dei som er medlemer i Stortingets EFTA/EØS-delegasjon. Andre fagkomitear vert kalla inn i samband med aktuelle saker som gjeld deira arbeidsområde. Frå regjeringa si side deltek utanriksministeren og eventuelt andre ministrar ved behov. Leiaren av utanrikskomiteen leier Europautvalet.
 
Europautvalet kjem saman før saker skal handsamast i EØS-komiteen. Regjeringa legg fram dei aktuelle sakene. Medlemene av utvalet kjem med råd om kva standpunkt regjeringa bør ta, men det er opp til regjeringa å ta ei endeleg avgjerd på vegner av Noreg. Regjeringa er ikkje forplikta til å fylgja råda frå utvalet, men er gjennom parlamentarismen avhengig av tillit i Stortinget.
  
Møta i Europautvalet er lukka, dersom ikkje anna er avgjort. Referat frå møta vert offentleggjorde etter at møta er ferdige, med unnatak av dei delane som offentleg innsyn ikkje gjeld for. Eitt år etter møtet vert heile referatet offentleggjort.

Fagkomiteane

Dei seinare åra har dei 12 fagkomiteane på Stortinget fått ei viktigare rolle i EU/EØS-arbeidet. Komiteane har rett til å fylgja EU/EØS-saker som fell innanfor deira arbeidsområde. Dei har høve til å stilla skriftlege spørsmål om EU/EØS-saker til statsråden som har fagansvar for saka. Komiteane har dessutan høve til å uttala seg til Europautvalet dersom det er fleirtal for det i komiteen.

Avgjerdsprosessen

Når EU har vedteke ei rettsakt innanfor eit politikkområde som er omfatta av EØS-avtala, vert saka send til EFTA-sekretariatet. Der vurderer dei mellom anna om saka er relevant i samsvar med EØS-avtala. Saka går så vidare til EØS-komiteen, som tek stilling til om saka eventuelt skal verta ein del av EØS-avtala. Dersom saka vert teken inn, er det opp til EØS-landa å implementera endringa nasjonalt.
 
Etter Grunnlova (§ 26 andre ledd om traktatsaker) må regjeringa få samtykke frå Stortinget til å godta avgjerda i EØS-komiteen dersom saka krev lovendringar, dersom ho vil få framtidige budsjettkonsekvensar, eller dersom ho er særleg viktig. Slike saker vert lagde fram for Stortinget i form av ein proposisjon, som vert handsama etter vanleg prosedyre. EØS-avtala har ført til at talet på lovframlegg som Stortinget handsamar, har gått opp.

Traktatsbrot

Gjennom EØS-avtala er Noreg forplikta til å la ESA, og i siste instans EFTA-domstolen, sjå etter at norske styresmakter og verksemder held avtala. Noreg har ikkje høve til å leggja ned veto overfor EU, altså stogga ei avgjerd i EU, men det er opp til Stortinget og regjeringa å avgjera om Noreg skal godta regelendringane som kjem. Dette vert kalla reservasjonsretten. Noreg har til no ikkje nytta seg av denne.
 
ESA passar på at Noreg fylgjer dei reglane Noreg har godkjent. Noreg har ved fleire høve vorte klaga inn til ESA og fått dom mot seg i EFTA-domstolen, til dømes når det gjeld differensiert arbeidsgjevaravgift og heimfallsretten. Ein dom i EFTA-domstolen kan ikkje ankast. EFTA-domstolen har ingen sanksjonsmoglegheiter overfor EØS-landa, men ein eventuell dom set landa overfor desse alternativa:

  • forhandla fram nye reglar i EØS-avtala
  • tilpassa nasjonalt lovverk etter dommen
  • seia opp EØS-avtala

Utgreiingar

Det er eit uttala mål at regjeringa skal konsultera og orientera Stortinget om aktuelle EU/EØS-spørsmål på eit tidleg tidspunkt. Som eit ledd i dette held utanriksministeren halvårlege utgreiingar i Stortinget om europapolitikken. Det er ei munnleg orientering frå statsråden, og tek ikkje utgangspunkt i konkrete framlegg. Etter utgreiinga kjem vanlegvis ein debatt der stortingsrepresentantane får høve til å uttala seg om europapolitikken til regjeringa.

Stortingets EU/EØS-delegasjonar

Dei fleste stortingsrepresentantane er medlem av éin eller fleire internasjonale delegasjonar. Når det gjeld EU/EØS-arbeidet, er Stortingets delegasjonar til desse institusjonane relevante:

Sjå òg

Sist oppdatert: 28.02.2023 12:25
: