Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

O

  • Odelstinget (historisk omgrep)

    ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Før det var tre fjerdedelar av representantane medlemer av Odelstinget. Odelstinget handsama fyrst alle lovframlegg og sende så over avgjerda si til Lagtinget.
  • odelstingsmelding (ot.meld.) (historisk omgrep)

    melding frå regjeringa om tilbaketrekking av eit lovframlegg. Ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Odelstingsmelding er no erstatta av melding til Stortinget (meld. St.)
  • odelstingsproposisjon (ot.prp.) (historisk omgrep)

    lovframlegg som kom frå regjeringa og vart sendt over til Odelstinget til handsaming. Ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Odelstingsproposisjon er no erstatta av proposisjon til Stortinget (lovvedtak) (prop. L).
  • ombodsmann

    ein eller fleire personar valde av Stortinget for å føra juridisk kontroll med forvaltninga og sikra borgarane mot overgrep frå styremaktene, til dømes Sivilombodsmannen.
  • opinion

    den rådande meining hjå folket.
  • opning (høgtidleg opning)

    den høgtidlege opninga av Stortinget skjer vanlegvis dagen etter konstitueringa av Stortinget i byrjinga av oktober. Kongen les opp trontalen, som inneheld programfråsegna for regjeringa for komande år, og ein statsråd les meldinga om tilstanden i riket.
  • opplysningsplikt

    regjeringa pliktar å leggja fram alle relevante opplysningar i ei sak, og dei opplysningane som ho legg fram, må vera korrekte.
  • oppmodingsvedtak

    vedtak gjort i Stortinget som vert formulert slik: Stortinget bed regjeringa.
  • opposisjon

    dei partia (opposisjonspartia) som ikkje sit med regjeringsmakta, og som står i motsetning til regjeringa.
  • organisasjonskanalen

    ei samlenemning for dei alternativa folk har for å påverka politiske avgjerder gjennom bruk av fagorganisasjonar og interesseorganisasjonar.