Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

S

  • saksordførar

    fagkomiteen vel ein saksordførar for kvar sak som skal handsamast. Ordføraren skal leggja saka fram i komiteen, utforma innstillinga og gjera greie for saka i Stortinget.
  • sanksjon

    Kongen i statsråd stadfester (godkjenner) med si underskrift lovvedtak som Stortinget har gjort, og statsministeren kontrasignerer.
  • sedvane

    uskrivne reglar som vert oppfatta som rettsleg forpliktande fordi dei har vore fylgde over tid. Det parlamentariske systemet var konstitusjonell sedvanerett fram til det vart grunnlovsfesta 20. februar 2007.
  • sesjon

    stortingssesjon, den tida eit storting sit samla, eventuelt delt i haustsesjon og vårsesjon.
  • setjepresident

    kan veljast for eit gitt kortare tidsrom. Han eller ho fungerer då som mellombels president og leier møta.
  • skriftlege spørsmål (dokument nr. 15)

    stortingsrepresentantane kan senda skriftlege spørsmål til statsrådane. Dei har krav på skriftleg svar på desse spørsmåla innan seks dagar.
  • SP

    vanleg forkorting for Senterpartiet (1920 Bondepartiet, namneskifte 1959).
  • sperregrense

    ei fast grense for tildeling av utjamningsmandat. I Noreg er sperregrensa sett til 4 prosent. Det vil seia at eit parti må ha over 4 prosent av alle røystene ved valet for å kunne få eit utjamningsmandat.
  • spørjetime

    møte der representantane kan stilla spørsmål til statsrådane. Nesten kvar onsdag er det munnleg spørjetime der statsrådane ikkje får tid til å områ seg og må svare spontant. Vanlegvis møter to til tre statsrådar til den munnlege spørjetimen. På onsdagar er det òg ein ordinær spørjetime. Då er spørsmåla innleverte av representantane seinast fredagen i veka før, og statsråden får tid til å førebu seg.
  • spørjetimespørsmål

    spørsmål som er framført i spørjetimen. Munnlege spørsmål er framførte i den fyrste (munnlege) delen av spørjetimen. Ordinære spørsmål er sende inn på førehand til statsråden og får svar i spørjetimen (ordinær spørjetime).
  • statsbudsjett (prop. 1 S)

    budsjett over statens inntekter og utgifter, vert vedteke i Stortinget i slutten av kvar haustsesjon. Framlegget til statsbudsjett vert fremja av regjeringa i proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak) (prop. 1 S). Før 1. oktober 2009 var nemninga Stortingsproposisjon nr. 1. (st.prp. nr. 1)
  • statsforvaltninga (statsadministrasjonen)

    den sentrale forvaltninga (leiinga) av staten, departementa.
  • statsråd

    medlem av regjeringa. Statsrådane møter i Stortinget når det handsamar saker frå deira departement.
  • statsråd på slottet (Kongen i statsråd)

    regjeringa, under leiing av kongen, har normalt møte på Slottet kvar fredag klokka 11.00.
  • stortingsmelding (st.meld.) (historisk omgrep)

    ei orientering frå regjeringa til Stortinget om ulike saker som regjeringa ynskjer å få drøfta i Stortinget. Frå 1. oktober 2009 er melding til Stortinget (meld. St.) den nye nemninga.
  • stortingsperiode

    Stortinget vert valt for fire år om gongen, ein stortingsperiode er den fireårige funksjonstida for eit storting.
  • stortingsproposisjon (st.prp.) (historisk omgrep)

    framlegg frå regjeringa om saker Stortinget skal ta stilling til. Proposisjonen inneheld alltid eit ferdig formulert vedtak som Stortinget kan votera (røysta) over. Frå 1. oktober 2009 er proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak) (prop. S) den nye nemninga.
  • SV

    vanleg forkorting for Sosialistisk Venstreparti – 1975. (Vidareføring av Sosialistisk Valforbund frå 1973 mellom Sosialistisk Folkeparti (SF), Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og Arbeidarpartiets Informasjonskomité mot EEC (AIK).)

T

  • talarrekkjefylgje

    Stortingets forretningsorden gjev reglar for korleis debattane skal ordnast – talarrekkjefylgje, taletid, fordeling av tid mellom partigruppene og så vidare. Dei minste partigruppene får relativt sett lengre taletid enn dei største.
  • ting

    forsamling av folkevalde som praktiserer sjølvstyre. Stammar frå det norrøne ordet þing. Folkeleg ord for Stortinget (å sitja på tinget).
  • tre saman

    Stortinget trer saman (har sitt fyrste møte) den fyrste kvardagen i oktober. I valår skjer konstitueringa om lag ei veke seinare. Når Stortinget har valt ein president og fem visepresidentar, erklærer presidenten Stortinget for lovleg konstituert.
  • trontaledebatten

    debatt om den årlege trontalen, som Kongen les opp ved den høgtidlege opninga av Stortinget, og som inneheld programfråsegna frå regjeringa for komande år.
  • trontalen

    vert lesen opp av Kongen ved den høgtidlege opninga av Stortinget. Talen inneheld programfråsegna frå regjeringa for komande år. Trontalen vert debattert i Stortinget.

U

  • utbyting

    representantar vert bytte ut for å halda på forholdet mellom partia under voteringa.
  • utgreiing

    munnleg utgreiing frå ein statsråd i eit stortingsmøte. Ei slik utgreiing vert gjerne fylgd opp med ein debatt, ofte i eit seinare møte.
  • utjamningsmandat

    plassar i Stortinget som vert tildelte dei partia som i oppgjeret etter valet får få mandat samanlikna med røystetalet. Det er 19 utjamningsmandat, eitt for kvart fylke.