Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

V

  • V

    vanleg forkorting for Venstre (1884).
  • valliste

    liste over kandidatane til eit politisk parti i ein valkrins (fylke) ved stortingsvalet .
  • valnederlag

    valresultatet fører til ei endring av det politiske styrkeforholdet i Stortinget, og dette gjev grunnlag for ei ny regjering. Dette er ei vanleg årsak til regjeringsskifte.
  • valordning

    reglar for val av personar som skal representera veljarane, til dømes i Stortinget.
  • vararepresentant

    person som er vald til å møta for ein stortingsrepresentant når denne har lovleg fråvær.
  • varsla saker

    ei liste over saker som regjeringa varslar at ho skal senda til Stortinget
  • vedtak

    Stortinget avsluttar alltid sakshandsaminga med å gjera eit vedtak. Vedtaka går fram av referatet frå debatten og voteringane i salen.
  • votering (røysting)

    Stortinget tek eit formelt standpunkt til alle saker det handsamar. Vanlegvis skjer det ved at stortingsrepresentantane i slutten av eit møte voterer over framlegga i innstillinga frå komiteen. Voteringsresultatet viser som oftast at det er fleirtal for eller imot framlegget, men i visse saker kan det òg vera samrøystes tilslutning til å godkjenna (støtta) eller ikkje godkjenna framlegget.