Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Plenumsmøte i Europaparlamentet i Strasbourg

Plenumsmøtet i Europaparlamentet denne veka vart overskygga av korrupsjonsskandalen der mellom anna ein av visepresidentane i Parlamentet er arrestert. I ein resolusjon tek Parlamentet til orde for full gransking mellom anna ved etablering av ein granskingskomité. Avtale om visumfridom med Qatar og besøk til landet er sett på vent. Parlamentet er glad for at rettsstatsmekanismen er tatt i bruk overfor Ungarn og seier seg lei for at Bulgaria og Romania ikkje får bli med i Schengen. Parlamentet er klart for forhandlingar om REPowerEU med Rådet og dei to institusjonane har fått ei uformell semje om hovudpunkta i karbongrensejusteringsmekansinen (Cbam). Det er også semje om eit direktiv om innsyn i lønningar for å fremje likelønn og normer for mottak av asylsølkarar. Sakharov-prisen vart tildelt det ukrainske folket.

Korrupsjonsskandale i Europaparlamentet
«I must choose my words carefully, in a manner that does not jeopardise ongoing investigations or in any way undermine the presumption of innocence. And, I will. So if my fury, my anger, my sorrow do not come across please be assured that they are very much present - along with my determination for this House to grow stronger.» Det sa parlamentspresident Roberta Metsola da ho opna plenumsmøtet i Strasbourg 12. desember.

Plenumsmøtet var naturleg nok prega av meldinga fredag kveld om at ein av visepresidentane i Europaparlamentet, Eva Kaili (sentrum venstre-gruppa (S&D), Hellas) var arrestert mistenkt for korrupsjon, kvitvasking og organisert kriminalitet. Ho er skulda for å ha motteke pengar frå Qatar. Kaili sa tysdag at ho var uskuldig. Også hennar partnar, Francesco Giorgi, som er assistent til eit italiensk medlem av Europaparlamentet og eit tidlegare medlem av Europaparlamentet, Pier Antonio Panzeri (S&D, Italia) vart arrestert. Panzeri leiar organisasjonen Fight Impunity som arbeider med å unngå straffefridom for brot på menneskerettane. Også familiemedlemmar til Kaili og Panzeri vart arrestert i Belgia og Italia. Luca Visentini, generalsekretær for den internasjonale organisasjonen for arbeidstakarorganisasjonar (ITUC) og tidlegare leiar for den europeiske samanslutninga (ETUC) og Niccolò Figà-Talamanca som leiar Brussel-kontoret til organisasjonen No Peace Without Justice, vart arrestert. Både Kaili og Giorgi er stadig fengsla, medan dei fleste andre er sikta og lauslate. Bustadar og hotellrom til ei rekkje andre personar er også undersøkt av belgisk politi. I tillegg er det gjennomført ransaking og forsegling av kontor i Europaparlamentets lokale både i Brussel og Strasbourg. Den belgiske påtalemakta opplyste tysdag i alt 1,5 millionar euro i kontantar er beslaglagt i samband med ransakingane. Politico skreiv onsdag at Panzerio også vart mistenkt for å ha teke i mot pengar frå Marokko i samband med diskusjonar om statusen til Vest-Sahara.

S&D-gruppa i Europaparlamentet ekskluderte Kaili etter arrestasjonen. Tysdag vedtok Europaparlamentet med 625 mot 1 røyst og 2 som avsto å ta frå henne vervet som visepresident. Kaili har på vegne av parlamentspresidenten mellom anna hatt ansvar for kontakt med Golf-landa, inkludert Qatar. Det har vorte lagt merke til at ho ved fleire høve har uttalt seg svært positivt om arbeidstakarrettane i Qatar. Eit belgisk medlem av Europaparlamentet, Marc Tarabella, har trekt seg frå sine verv og suspendert seg sjølv frå det vallonske sosialistpartiet i samband med at han også er under etterforsking i samband med denne saka. Eit anna belgisk medlem av Europaparlamentet, Maria Arena (S&D) har trekt seg som leiar for menneskerettskomiteen etter at kontoret til hennar assistent vart forsegla av politiet.

Det var lagt opp til at Europaparlamentet denne veka skulle godkjenne eit framlegg om at reisande frå Qatar og Kuwait med biometrisk pass skulle få visumfridom ved innreise til EU for 90 dagar. Ved opninga av plenumsmøtet var det semje om at det var uaktuelt å godkjenne dette nå og saken vart sendt attende til den ansvarlege komiteen. Samstundes tok leiaren i transport- og turismekomiteen, Karima Delli (Dei grøne, Frankrike) til orde for ein gjennomgang av om Qatar på ein tilsvarande måte har forsøkt å påverke utfallet av ein gjensidig avtale opning om av flymarknadane mellom EU og Qatar. Dette vil likevel ikkje ha direkte følgje for sjølve avtalen som allereie har trådde midlertidig i kraft i påvente av at alle medlemslanda formelt skal ratifisere den. Europaparlamentet vil fyrst få avtalen til endeleg godkjenning etter dette og det kan ta fleire år.

Tysdag var det debatt om mistanken om at Qatar er involvert i korrupsjon og generelt om behovet for at EUs institusjonar er meir opne og ansvarlege. Det var generell semje om behovet for ei full, intern gransking, klarare reglar for innsyn og betre handheving av eksisterande etiske reglar. Dette vart også understreka i ein resolusjon som vart vedteke torsdag med 546 mot 2 røyster og 3 som avsto. Resolusjonen tek til orde for etablering av ein intern granskingskomité i Parlamentet og at ein visepresident får i oppgåve å arbeide mot korrupsjon og utlands påverknad. Det bør også etablerast eit etisk organ i Parlamentet. Alle lovsaker som involverer Qatar blir suspendert og ingen besøk dit skal gjennomførast inntil vidare. Både i debatten og frå eksterne aktørar har det kome kritikk av at mange i Europaparlamentet ved fleire høve både har vore skeptiske til å skjerpe krava til registrering av lobbyistar og til handhevinga av dei reglane som gjeld. Etter avrøystinga torsdag lova Roberta Metsola å kome med framlegg til ei omfattande reformpakke i januar som svar på skandalen.

Europaparlamentet har ofte uttrykt uro for korrupsjon og rettsstat i medlemsland som Polen og Ungarn. Representantantar frå regjeringspartia i desse landa, inkludert den ungarske statsministeren Victor Orban, har ikkje latt høve gå frå seg til å stille spørsmål om kva legitimitet Parlamentet nå har knytt til korrupsjon. Medlem av Europaparlamentet, Guy Verhofstadt, skreiv på Twitter at medan Orban har blokkert for tiltak mot korrupsjon i eige land, vil avsløringane i Europaparlamentet faktisk føre til etterforsking og straff av involverte.

REPowerEU
Europaparlament er nå klare for forhandlingar med Rådet om REPowerEU-pakken. Pakken som K0mmisjonen la fram i mai i år, skal fremje energisparing, diversifisering av energiforsyninga og sikre raskare omlegging til bærekraftig energi. I tillegg til å sikre det grøne skiftet, skal pakken bidra til at EU raskare blir uavhengig av importert energi, spesielt frå Russland. I ein debatt om pakken tysdag kommenterte fleire også framlegget om midlertidige og umiddelbare krisetiltak som kom 9. november. Dette skal sikre enda raskare omlegging til grøn energi ved å gjere det lettare å byggje ut vind- og solkraft og å installere varmepumper. Det skal sikrast ved mindre krav om utgreiing av effektar for natur, kortare frist for styresmaktene til å komme med innvendingar og lette godkjenninga ved oppgradering av eksisterande anlegg. I debatten var det generell støtte til tiltak som kan sikre at EU raskare får større sjølvforsyningsgrad for energi. Fleire sa ideologi og byråkrati ikkje må stå i vegen for utbygging av fornybar kraft. Samstundes var enkelte urolege for at omsynet til naturmangfald og miljø skulle få for lita vekt i møtet med måla om å opne nye området for fornybare kraftinstallasjonar. Det kom også krav om tiltak for å sikre at også biomasse og grøn hydrogen tas i bruk i omlegginga. I avrøystinga onsdag om forhandlingsmandatet var det fleirtal for at også etablering av biomasseanlegg skal kunne skje med mindre krav om utgreiing og frist for innvendingar. I debatten om toppmøtet onsdag var det elles fleire som kritiserte Kommisjonen for at framlegget 9. november var basert på ein unnataksartikkel i traktaten om EUs funksjonsmåte. Det gjer det mogleg for medlemslanda å vedta nytt regelverk utan å involvere Parlamentet.

Europaparlamentet har vore opptatt av tiltak for å få ned energiprisane, inkludert gitt støtte til framlegg om fjerne koplinga mellom gasspris og elektrisitetspris. Tysdag kveld vart det klart at EUs energiministrar heller ikkje denne veka klarte å bli samde om utforminga av ei midlertidig marknadskorrigeringsmekanisme for gassprisen i Europa. Det er mellom anna stort sprik mellom medlemslanda i kva referansepris som skal utløyse mekanismen. Torsdag oppmoda EUs stats- og regjeringssjefar energiministrane om å kome til semje på sitt møte 19. desember.

Det vart onsdag klart at medlemslanda og Europaparlamentet hadde vorte samde om endringar som skal sikre at dei nasjonale gjenreisingsplanane etter pandemien også bidrar med finansiering for å nå måla i REPpowerEU. Det vart semje om at reglane med visse unnatak skal ha tilbakeverkande kraft frå 1. februar i år. Parlamentet var spesielt opptatt av å sikre ekstra støtte til utsette hushald og små- og mellomstore verksemder. Det fekk også gjennomslag for auka støtte til energiomlegging i medlemslanda. Vidare la Europaparlamentet vekt på at ein større del av løyvingane skal gå til å fjerne flaskehalsar i overføring, distribusjon og lagring av energi og sikre grensekryssande energioverføringar. Både Rådet og Parlamentet må formelt godkjenne denne semja før dei nye reglane trår i kraft.

Forhandlingar om andre rettsakter for klima, arbeidsliv og asylsøkarar
Det er denne veka forhandlingar mellom medlemslanda og Europarlamentet om fleire andre sentrale rettsakter. Dette omfatter karbongrensejusteringsmekanismen (Cbam), regelverket for kvotehandelssystemet (ETS) og EUs klimafond. Det vart semje i hovudpunkta i forhandlingane om Cbam 12. desember, men enkelte punkt knytt til overgangsperiode og tidspunktet for full innføring vil bli avgjort i samband med forhandlingane om ETS som skal skje denne helga. Europaparlamentet fekk gjennomslag for at indirekte utslepp skal vere omfatta av direktivet og at hydrogen og forløparar og visse andre innsatsfaktorar skal inkluderast i ordninga, men ikkje til å utvide virkeområdet til andre sektorar nå. Dette skal likevel vurderast ved slutten av overgangsperioden.

Det vart også semje om eit direktiv om reglar om innsyn og handheving for å sikre likelønn mellom kvinner og menn. Mellom anna vil verksemder med meir enn 100 tilsette bli forplikta til å opplyse om lønningar for å gjere det mogleg å vurdere eventuelle kjønnsskilnadar. Europaparlamentets arbeids- og sosialkomité er klare for forhandlingar med Rådet om eit direktiv om vilkåra for plattformarbeidarar.

Dei to institusjonane vart også samde om endringar i eit direktiv om normer for mottak av personar som søker asyl. Mellom anna er det semje om at asylsøkarar skal kunne få arbeide etter seks månader mot ni i dag og styrke integreringa gjennom språkopplæring og anna opplæring. Alle mindreårige asylsøkarar skal ha ein verje og alle barn skal ha rett til skule.

EU-toppmøtet – europeisk konkurransekraft og Ungarn
Det europeiske Råd møtes i Brussel 15. og 16. desember. Onsdag drøfta Europaparlamentet møtet med den tsjekkiske Europaministeren, Mikuláš Bek, og kommisjonspresident Ursula von der Leyen. Bek la vekt på behovet for å auke presset mot Russland for å få slutt på landets aggresjon i Ukraina og behovet for samhald og solidaritet i EU for å takle effektane av krigen, ikkje minst på energiområdet. Von der Leyen sa mellom anna at det er behov for tiltak for å sikre konkurransekrafta til europeiske verksemder. Europeisk næringsliv slit både på grunn av energiprisar og krigen i Ukraina, men også på grunn at amerikanske subsidiar til sine verksemder. Det er derfor behov for auka offentlege investeringar og å sjå på enklare reglar for statsstøtte. Ho tok til orde for eit europeisk suverenitetsfond. Kommisjonen vil komme med eit framlegg til sommaren. Det var generell støtte til framlegget om tiltak for å styrke europeisk næringsliv i den globale konkurransen.

Den ungarske regjeringa har blokkert semje om både ei OECD-avtale om minstenivå på selskapsskatt og ein støttepakke til Ukraina i forsøk på å få utbetalt pengar over EUs gjenreisingsmekanisme etter pandemien og de EUs strukturfond. Måndag vart det klart at det var semje i Rådet om å halde tilbake i alt 12,1 milliardar euro i støtte til landet inntil ei rekkje vilkår knytt til rettsstat og kamp mot korrupsjon var innfridd. Dette var noko mindre enn det Kommisjonen hadde gått inn for å halde tilbake, men er likevel sett på som eit prestisjenederlag for den ungarske regjeringa. Dette er fyrste gong den såkalla rettsstatsmekansimen til EU blir teke i bruk. Eit stort fleirtal i Europaparlamentet har sagt mekanismen måtte tas i bruk og at dei andre landa ikkje måtte la seg utpresse av Ungarn. I debatten onsdag var det mange som var glade for resultatet i Rådet. Samtidig sa fleire at denne prosessen igjen viser behovet for å gå over til fleirtalsvedtak i Rådet på område der dette ikkje er tilfelle i dag. Samstundes skriv Politico at Polen onsdag kom med reservasjonar mot avtalen om selskapskatt og dermed også støtta til Ukraina og utbetalingar til Ungarn. Til slutt motsette likevel ikkje Polen seg pakkeløysinga. Onsdag indikerte også den polske regjeringa vilje til å reversere delar av den såkalla domstolsreforma for å sikre utbetalingar på 35 milliardar euro til landet. Ein del kommentatorar meinte endringane ikkje på langt nær vil oppfylle rettsstatskrava frå EU.

Det var ein særskilt debatt onsdag om dei auka levekostnadane i Europa, men fleire tok også opp behovet for å takle dette i debatten om toppmøtet. Spesielt kom det krav om tiltak mot dei høge energiprisane.

Kroatia får bli med i Schengen, men ikkje Bulgaria og Romania
EUs justis- og innanriksministermøte 8. og 9. desember vurderte om Bulgaria, Kroatia, og Romania skulle få medlemskap i Schengen. Medlemskapet til Bulgaria og Romania vart vurdert samla. Ei avgjerd krev samrøystes vedtak. Austerrike sa nei til desse to landa, medan Nederland meinte Bulgaria ikkje var klar. Utfallet vart dermed at berre Kroatia fekk klarsignal. Både Kommisjonen og Europaparlamentet har gått inn for at både Bulgaria og Romania skulle få bli med. Etter at medlemslanda sa nei førre veke, var det debatt om dette tysdag i Strasbourg. Innanrikskommissær Ylva Johansson sa seg lei for at dei to landa ikkje hadde fått medlemskap. Mange representantar sa seg også lei for utfallet og meinte mellom anna dette vil gje eit oppsving for populistiske krefter i desse landa. Austerrike vart skulda for å gå i mot utvidinga av innanlandspolitiske årsakar. Europaparlamentarikarane tok også opp dette spørsmålet med kommisjonspresident Ursula von der Leyen i debatten onsdag om toppmøtet.

Parlamentet, Rådet og Kommisjonen samde om prioriteringar for 2023
Presidentane i dei tre EU-institusjonane signerte 15. desember ei fråsegn med prioriteringar for EU i 2023. Fyrst på lista over prioriterte område står gjennomføring av måla knytt til EUs grøne giv, men også digital omstilling og auka motstandskraft, styrking av EUs plass i verda og vern av demokrati og rettsstat er blant dei seks punkta som er framheva. Dei tre understrekar at dei vil fortsette støtta til Ukraina. I samband med at den indre marknaden er 30 år, ynskjer dei å arbeide for å fjerne hindringar, spesielt i tenestesektoren. I pressemeldinga frå Europaparlamentet understrekar parlamentspresident Roberta Metsola mellom anna behovet for europeiske løysingar i møtet med kriser som krigen i Ukraina og pandemi.

Diskusjon med den slovenske statsministeren
Den slovenske statsministeren Robert Golob talte til Europaparlamentet tysdag og la vekt på behovet for europeisk samhald, samarbeid og solidaritet i samband med utfordringane på grunn av den russiske aggresjonen i Ukraina og energikrisa. Han framheva at rettsstatsprinsippa er viktige og sa utvidinga av EU til Vest-Balkan er viktig for å fremje stabilitet i denne regionen. Han fekk stort sett positive kommentarar i debatten etterpå, men enkelte var uroa for rettsstatssituasjonen og mediefridommen i Slovenia. EUs stats- og regjeringssjefar vart torsdag samde om å gje Bosnia-Hersegovina status som kandidatland til EU.

Sakharov-prisen til det ukrainske folket
Sakharov-prisen vart onsdag tildelt det ungarske folket. Parlamentspresident Roberta Metsola la vekt på motet til ukrainarane og alt dei har ofra i kampen mot den russiske invasjonen. I ein videooverført tale tok den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj, til orde for støtte til ein internasjonal domstol for krigsbrotverk i landet.

Styrka rettar for funksjonshemma
Europaparlamentet vedtok tysdag med stort fleirtal ein rapport som tek til orde for ei kraftig styrking i rettane til funksjonshemma. EU-budsjettet må brukast betre og det er viktig med tiltak som sikrar tilgang, inkludering og deltaking og som motverkar diskriminering og stereotypar.

Tiltak for å fremje langdistansetog for passasjertrafikk
Europaparlamentet vedtok tysdag med stort fleirtal ein rapport som slutter seg til måla i Kommisjonens handlingsplan for å fremje langdistansetog og grensekryssande togtransport for persontrafikk. Dette omfattar mellom anna utbygging av snøggtog og fjerne hindringar for og byggje ut grensekryssande togsamband. Det er også viktig å fremje gjennomgåande bilettar, meiner Parlamentet.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 16.12.2022 10:31
: