Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Fyrste spørjetime

Fyrste spørjetimen i stortingsperioden 2013–2017 vart halden onsdag 6. november.

Statsminister Erna Solberg (H) i spørjetimen onsdag 6. november. Foto: Stortinget/Terje Heiestad.

Erna Solberg (H) møtte for fyrste gong i ein munnleg spørjetime som statsminister 6. november 2013.

Spørjetimen er til vanleg kvar onsdag, og byrjar med ein munnleg spørjetime der medlemer av regjeringa må svara spontant på spørsmål frå stortingsrepresentantane. Statsministerens kontor melder frå til Stortinget om kva for nokre regjeringsmedlemer som møter i munnleg spørjetime måndagen føreåt.

Det er tradisjon for at statsministeren møter åleine éin onsdag i månaden.


Sjå videoopptak av stortingsmøtet 6. november.


Sjå bilete frå den munnlege spørjetimen på Flickr.


Etter den munnlege spørjetimen er det ordinær spørjetime der ulike statsrådar gjev førebudde svar på spørsmål som stortingsrepresentantane har levert inn seinast fredagen i veka før. Den fyrste ordinære spørjetimen i stortingsperioden vart halden etter den munnlege spørjetimen 6. november.



Helga Pedersen (A) fylgjer med på spørjetimen. Foto: Stortinget/Terje Heiestad.
Helga Pedersen (A) fylgjer med på spørjetimen. Foto: Stortinget/Terje Heiestad.

Liv Signe Navarsete (Sp) stiller spørsmål til statsministeren under spørjetimen. Foto: Stortinget/Terje Heiestad.

Liv Signe Navarsete (Sp) stiller spørsmål til statsministeren under spørjetimen. Foto: Stortinget/Terje Heiestad.

Sist oppdatert: 07.11.2013 10:27
: