Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Korleis styrke kontrollen med EUs institusjonar?

Michael Tetzschner (H) deltok 19. november på eit møte i Europaparlamentets konstitusjonskomité der utviklinga i EUs institusjonar vart drøfta.

Michael Tetzschner på møte i Europaparlamentets konstitusjonskomité. Foto: Stortinget.

Komiteen hadde spesielt teke initiativ til å drøfte med nasjonale parlament korleis ein kan styrke kontrollen med dei europeiske institusjonane. Til diskusjonen i møtet var det lagt fram eit arbeidsdokument frå Mercedes Bresso (Italia, S&D) og Elmar Brok (Tyskland, EPP) om korleis Lisboa-traktaten bidreg til at EU fungerer betre.

– Temaet på møtet i dag gjekk rett i diskusjonen om tilhøvet mellom subsidiaritet og europeiske løysingar. Dette er ein svært aktuell diskusjon og gjeld problemstillingar som også er relevante for Noreg, sjølv om Noreg ikkje er medlem i EU, seier Tetzschner.

Medan mange i Europaparlamentet ynskjer å styrke si rolle, var fleire parlamentarikarar frå nasjonale EU-parlament kritiske til tilnærminga i arbeidsdokumentet. Jamvel om Europaparlamentet har ei sentral kontrollrolle mellom anna i høve til Europakommisjonen og i høve til ulike politikkområde, framheva mange at dei nasjonale parlamenta også har og skal ha viktige kontrollfunksjonar.

Sist oppdatert: 19.11.2015 11:47
: