Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Sentralmakt og lokalstyre

Noreg vert styrt på tre nivå: Statleg, fylkeskommunalt og kommunalt. Dei tre nivåa har ansvaret for ulike oppgåver.

Forvaltningsnivåa i Noreg kan framstillast såleis:

Stortinget, regjeringa og statsforvaltninga

Det statlege nivået er Stortinget, regjeringa og statsforvaltninga. Statsforvaltninga er eit samleomgrep for departement, direktorat og ei rekkje faste råd og utval. Regjeringa er den utøvande makta, det vil seia at ho «styrer Noreg» på bakgrunn av vedtak og fullmakter frå Stortinget. Statsforvaltninga er underlagd regjeringa, og statsrådane leier kvart sitt departement.

Kommunar og fylkeskommunar

På det lokale nivået er Noreg delt inn i 428 kommunar og 19 fylkeskommunar. Oslo er både kommune og fylkeskommune. Fylkeskommunen og kommunen har sjølvråderett på ei rekkje område. Det lokale sjølvstyret byrja med formannskapslovene i 1837, og tanken er at lokale politikarar er best eigna til å ta avgjerder som gjeld nærområdet. Kommunane og fylkeskommunane står for rundt 60 prosent av den offentlege tenesteproduksjonen i landet.

Kommunane og fylkeskommunane får inntekter frå kommune- og fylkesskatt, avgifter og overføringar frå staten. Dei statlege overføringane kan dei vanlegvis nytta slik dei sjølve vil, men somme gonger vert overføringane øyremerkte, det vil seia at pengane må nyttast til eit visst føremål, til dømes barnehagar.

Oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa

Det er Stortinget som avgjer oppgåvefordelinga mellom staten, fylkeskommunane og kommunane, og det kan vera vanskeleg. Grunngjevinga for å lata staten ta over visse oppgåver, er at tilbodet skal vera det same i heile landet. Ulempa er då at lokalstyret vert svekt. Det hender at oppgåver vert flytta mellom forvaltningsnivåa. For nokre år sidan vart til dømes ansvaret for sjukehusa flytta frå fylkeskommunane til staten.

Statsbudsjettet

Det er vanskeleg å forstå kven som er ansvarleg når det til dømes er for lite pengar til skulane. Mange offentlege oppgåver vert løyste av kommunane. Kommunane har òg eigne inntekter (skattar og avgifter), men Stortinget vedtek ei minstegrense for kor mykje pengar som skal brukast på dei ulike tiltaksområda (til dømes skule, sjukehus, eldreomsorg, barnehagar m.m.). Stortinget kan òg bruka lover for å fastsetja kva kommunane skal gjera. Det hender at Stortinget gjev pengar som såkalla øyremerkte tilskot. Då er det på førehand avgjort kva tiltak pengane skal gå til. Stortinget detaljstyrer likevel ikkje alt; regjeringa eller kommunane får også sjølve utforma politikken på eit tiltaksområde, men innanfor ei avtalt ramme for inntekter og utgifter.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:40
: