Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Sogn og Fjordane (61 - 65 av 65)
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:170 (2023-2024)

    Innlevert: 19.10.2023

    Sendt: 19.10.2023

    Svart på: 06.11.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Næringsministeren har lagt fram ei rad såkalla «vegkart» og strategiar for enkeltnæringar med tilhøyrande tiltakspakkar, m.a. Grønt Industriløft med 100 tiltak i 2022 og ytterlegare 50 tiltak i 2023. Kan næringsministeren gi ei samla oversikt over kva vegkart og strategiar som er lansert utan å ha blitt lagt fram for handsaming i Stortinget, ein status for kva departement/etat/aktør som har hovudansvar for gjennomføring av kvart einskild tiltak i vegkarta/strategiane, og kor langt oppfølginga av kvart tiltakspunkt er kome?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:129 (2023-2024)

    Innlevert: 15.10.2023

    Sendt: 16.10.2023

    Svart på: 19.10.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Er finansministeren samd i at formuesskatten i praksis blir skjerpa i framlegget til statsbudsjett for 2024 ved at innslagspunkta ikkje er inflasjonsjusterte, og kor mykje ekstra proveny får staten inn gjennom formuesskatt i 2024 ved ikkje å inflasjonsjustere innslagspunkta?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:106 (2023-2024)

    Innlevert: 12.10.2023

    Sendt: 13.10.2023

    Svart på: 23.10.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

    Hva var antall døgnplasser innen TSB i 2022 og 2021, levert av private og offentlige, hvor mange døgnplasser ligger det an til i 2023, og kan statsråden forsikre om at alle de nedlagte private døgnbehandlingsplassene nå har blitt erstattet innen helseforetakene?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:57 (2023-2024)

    Innlevert: 08.10.2023

    Sendt: 09.10.2023

    Svart på: 17.10.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

    Næringsministeren seier til E24 at det er «..lite som tyder på at det norske skattesystemet er i ferd med å kvele oppstartsbedriftene», og at det ikkje er aktuelt å endre på skatte- og avgiftspolitikken for oppstartsbedrifter og vekstselskap. Meiner Næringsministeren på ramme alvor at dette er i tråd med innspela han får frå oppstartsbedrifter og startup-miljø, og at det er mulig å nå målet om kraftig vekst i talet raskt veksande startup-bedrifter (einhjørningar) utan å legge betre til rette for det gjennom skattesystemet?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:23 (2023-2024)

    Innlevert: 03.10.2023

    Sendt: 04.10.2023

    Svart på: 10.10.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    EU sitt nye berekraftsdirektiv (CSRD) er eit heilt sentralt verktøy for å lykkast med grøn omstilling i Europa og Noreg, i tråd med FN sine berekraftsmål og EUs «Green Deal». Når ser finansministeren for seg at direktivet om berekraftsrapportering kan bli ein del av EØS-avtalen?