1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal, Eirin Kristin Sund og Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Linda C. Hofstad Helleland og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at Regjeringa i St.meld. nr. 2 (2008–2009) legg fram meldinga om Revidert nasjonalbudsjett for 2009.

Komiteen viser til forretningsordenen § 19 sjuande ledd som lyder:

"Ein eventuell kongeleg samleproposisjon om endringar i statsbudsjettet skal leggjast fram seinast den 15. mai i budsjettåret, saman med stortingsmelding om Revidert nasjonalbudsjett. Finanskomiteen gjev innstilling om desse (Budsjett-innst. S. II) seinast den andre fredagen i juni."

Komiteen viser til at Regjeringa har lagt fram forslag om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2009 i St.prp. nr. 67 (2008–2009) og forslag til endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv. i Ot.prp. nr. 95 (2008–2009), jf. Innst. S. nr. 355 (2008–2009) og Innst. O. nr. 125 (2008–2009), som blir avgitt samstundes med denne innstillinga.