9. Lensmenn sin rett til å overføra saker til mekling i konfliktråd

       Lensmenn høyrer til påtalemakta, men har ikkje påtalekompetanse. Justiskomiteen har tidlegare bede Regjeringa vurdera om ikkje ei overføring av påtalekompetanse burde kunna skje frå politi til lensmenn i saker der det er aktuelt å nytta konfliktråd. I høyringsbrevet uttalte departementet at rasjonaliseringsomsyn kan tala for ei slik løysing. På den andre sida har lensmenn ikkje erfaring i å vurdera kva slags reaksjon eit lovbrot bør føra til og det er fare for mindre einsarta praksis. Departementet tok i høyringsbrevet ikkje stilling til framlegget.

       Fleire instansar gjekk inn for at lensmannen burde få ein slik kompetanse medan ei rekkje høyringsinstansar gjekk imot.

       Spørsmålet vart drøfta i tilknytning til Ot.prp. nr. 79 (1992-1993) . I Innst.O.nr.113 (1992-1993) gjekk justiskomiteen inn for at lensmannen skulle få ein slik kompetanse. Det vart mellom anna peika på at sakene på denne måten kunne handsamast raskare og at konflikten vart brakt attende til lokalsamfunnet. På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om å setja i verk ei prøveordning der Kongen kan delegera kompetanse til å overføra saker til konfliktrådet til lensmennene. Det nærare innhaldet i prøveordninga skal regularast i påtaleinstruksen.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til Innst.O.nr.113 (1992-1993) der ein samla komité føreslo ei prøveordning med å gi lensmenn i enkelte politidistrikt i ein periode rett til å overføre saker til konfliktråd. Framlegget til lovendring er ei oppfølging av dette forslaget.

       Komiteen legg vekt på at delegering av avgjerdsrett til lensmenn berre gjeld nærare fastsette paragrafar i straffeprosesslova.

       Komiteen har merka seg at prøveordninga er bygd på ein ny regel i straffeprosesslova som gir høve til delegering av slik kompetanse. Komiteen er samd i at det nærare innhaldet i prøveordninga bør regulerast i påtaleinstruks eller annan forskrift.

       Komiteen er samd i at det er Kongen i statsråd som bør ha avgjerdsrett til delegering.

       Komiteen stør framlegget til endring i § 67 i straffeprosesslova.