5. Del V. Ot.prp. nr. 11, kap. 3.1-3.4

13. AKSJESPARING MED SKATTEFRÅDRAG

13.1 Samandrag

       Departementet har i Ot.prp. nr. 11 (1994-1995) gjort greie for gjeldande rett på området. Det var i Dok.nr.8:31 (1993-1994) fremja forslag om å gje høve til aksjesparing med skattefrådrag ved kjøp av aksjar i enkeltselskap. Grunngjevinga for forslaget var å utvide aksjonærdemokratiet og styrkje kapitaltilgangen i norske verksemder.

       I brev av 9. mai 1994 til finanskomiteen ga finansministeren ei vurdering av ulike problemstillingar som reiser seg ved ei utviding av AMS-ordninga.

       Etter tilråding frå finanskomiteen i Innst.S.nr.147 (1993-1994) gjorde Stortinget 31. mai 1994 slikt vedtak:

       « Stortinget ber Regjeringen gi en vurdering av spørsmålet om utvidelse av AMS-ordningen i forbindelse med fremleggelse av Nasjonalbudsjettet for 1995. »

       Forslaget er seinare blitt handtert i St.meld. nr. 1 (1994-1995) (Nasjonalbudsjettet for 1995) og B.innst.S.nr.I (1994-1995).

Departementet sine vurderingar og framlegg

       Etter departementet si vurdering er det eit minimumskrav at dei selskapa som skal omfattast av ei utvida AMS-ordning er registrerte i Verdipapirsentralen (VPS). Eit slikt krav er naudsynt for kontrollarbeidet til likningsforvaltninga.

       Aksjeselskap omfattar ei særs mangfaldig gruppe; frå store børsnoterte selskap med mange aksjonærar til små selskap med berre ein eller nokre få aksjonærar. Det er og stor skilnad på kva slag verksemd selskapa driv. Etter departementet sitt syn ville ei ordning som omfattar alle selskap registrerte i VPS gå svært langt. Det er til dømes selskap som har som deira hovudsaklege føremål å vere ein stad å plassere finansformuen til ein eller nokre få aksjonærar. Det er liten grunn til å inkludere kjøp eller teikning av aksjar i slike selskap i ei AMS-ordning. Etter departementet sitt syn er det og lita meining i å inkludere selskap der ein eller nokre få aksjonærar har hand om utbyttepolitikken til selskapet.

       Departementet har sett på ulike alternativ for avgrensing av dei selskap som skal falle inn under AMS-ordninga.

       Ei generell avgrensing til børsnoterte selskap vil gjelde både dei større selskap på den vanlege børslista og de små og mellomstore selskap på SMB-lista på Oslo Børs. Einmannsselskap og andre selskap med lita spreiing av aksjane vil falle utanfor. Dotterselskap av børsnotert selskap vil heller ikkje kvalifisere i seg sjølv, men vil reelt vere inkluderte gjennom adgangen til AMS-investering i aksjar i det børsnoterte morselskapet.

       Ei vidare avgrensing kunne tenkjast å inkludere VPS-registrerte selskap, også ikkje børsnoterte selskap, på visse vilkår. Eit slikt vilkår kunne vere at selskapet hovudsakleg driv aktiv næringsverksemd (og ikkje hovudsakleg berre passiv kapitalforvaltning). Men eit slikt vilkår ville verte svært vanskeleg å praktisere for likningsmaktene. AMS-frådrag inneber masseoperasjonar som må gjerast i automatisert form, utan manuell sakshandsaming. Ei nærare vurdering av det einskilde selskapet si kapitalforvaltning er det ikkje plass for i eit slikt system. Oppdaging av feil kunne gjere store rettingsoperasjonar naudsynte i ettertid. Vidare ville ein ikkje få ei avgrensing mot eineeigarar m.v.. Dersom ein utforma vilkåret som minstekrav til faktiske investeringar i realkapital i selskapet, vart det og eit lite ønskjeleg skilje mellom selskap etter kor langt dei hadde kome i investeringsplanene sine.

       Ut frå administrative omsyn ser departementet berre eitt praktikabelt alternativ til ei avgrensing til børsnoterte selskap. Det er å inkludere alle VPS-registrerte selskap i AMS-ordninga, utan ytterlegare vilkår. Departementet held fast ved at det vert ei urimeleg vid ordning dersom alle VPS-registrerte selskap skal kvalifisere, jf. ovanfor.

       På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at ei utvida AMS-ordning vert avgrensa til selskap noterte på norsk børs, under dette selskap noterte på SMB-lista.

       Ei utviding av AMS-ordninga til også å omfatte kjøp av enkeltaksjar og grunnfondsbevis skal omfatte både kjøp i andrehandsmarknaden og investering i aksjar og grunnfondsbevis ved nyemisjon.

       Eit særskild problem oppstår dersom eit børsnotert selskap går over til å bli eit ikkje-børsnotert selskap. Etter departementet sitt framlegg skal aksjane behalde sin AMS-status ut bindingstida. Ei slik løysing er rimeleg andsynes skattytarane, og enklast å praktisere for likningsmyndigheitene. Departementet vil regulere dette i føresegn.

       Etter departementet si vurdering bør vilkåra for skattefrådrag vere dei same uavhengig av om ein skattytar kjøpar partar i aksjefond eller aksjar i enkeltselskap. Ei slik likebehandlig gjer at regelverket kring AMS ikkje blir noko incitament for ein AMS-investor til å velje kjøp av aksjar i enkeltselskap framfor kjøp av part i aksjefond, eller omvendt. Departementet sitt framlegg inneber difor at dei gjeldande reglar om maksimalt sparebeløp, storleiken på frådraget og bindingstida for investeringa også skal omfatta AMS-investering i enkeltaksjar og grunnfondsbevis. AMS-investorar som kjøper aksjar i enkeltselskap kan etter dette krevje frådrag i skatten med 15 % av investeringa. Frådraget vert som i dag ikkje rekna av eit høgare beløp enn kr 5.000 i klasse 1 og kr 10.000 i klasse 2. For investeringar i aksjefond er bindingstida fire år rekna frå innskotsdato. For investeringar i aksjar og grunnfondsbevis i enkeltselskap gjer departementet framlegg om at bindingstida skal vere fire år rekna frå den dagen aksjekjøpet vert registrert på investor sin AMS-konto i Verdipapirsentralen.

       Departementet sitt framlegg inneber at skattytarane ikkje kan selje AMS-aksjar og deretter reinvestere pengane i andre aksjar, utan å bryte AMS-kontrakten. Departementet syner til at AMS-ordninga er meint å vere ein stimulans til langsiktige investeringar, jf. bindingstida på fire år. Eit høve til reinvestering utan skatteverknad vil ikkje harmonere med ein slik grunnleggjande føresetnad. Når det ikkje vert opna for reinvestering, inneber dette dessutan ei jamstelling med kjøp av part i aksjefond.

       Etter departementet si meining er det særs viktig at reglane vert utforma slik at dei enkelt kan tilpassast eit system med maskinell likning. Eit system som opnar for reinvestering i bindingstida gjer dette vanskeleg.

       Departementet sitt framlegg om ikkje å opne for reinvestering, inneber likevel ikkje eit forbod mot å selje aksjane i bindingstida. Verknaden av salet er at skattefrådraget vert tilbakeført, fordi salet er eit brot på AMS-kontrakten. Elles gjeld dei vanlege reglane i selskapsskattelova kapittel 5. Aksjonærar som realiserer sine AMS-aksjar med tap, har krav på tapsfrådrag etter reglane i selskapsskattelova § 5-2 nr. 2. Motsvarande er vinst skattepliktig etter selskapsskattelova § 5-2 nr. 1. AMS-investorar som ønskjer å reinvestere kjem dermed i same stilling som aksjonærar som har investert utanfor AMS-ordninga. Dette gjeld og med omsyn til kostnader i samband med kjøp og realisasjon av aksjar og grunnfondsbevis. Kostnadene kjem til frådrag i det år aksjane eller grunnfondsbevisa vert realiserte, jf. selskapsskattelova § 5-4.

       Departementet gjer framlegg om at lovendringane vert gjennomført med verknad frå og med inntektsåret 1994. Ein syner til utkastet til endringar i § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav a til d.

       Som hovudregel må aksjekjøpet vere registrert på AMS-investor sin konto i VPS innan utløpet av inntektsåret, dvs. innan 31. desember, for at skattytar skal få frådrag i skatten same år. For inntektsåret 1994 blir dette ein svært kort frist. Departementet foreslår derfor at skattytar kan krevje skattefrådrag for inntektsåret 1994 dersom aksjeinvesteringa er registrert på særskild konto i VPS innan 31. januar 1995. Ein slik overgangsregel vil bli tatt inn i føresegna om AMS-ordninga. For AMS-investering i aksjefond er fristen 31. desember.

       Skattelova § 44 ellevte ledd nr. 3 inneheld heimel for departementet til å gi føresegn om utfylling og gjennomføring. Ei slik AMS-føresegn vart gitt 8. januar 1993. Departementet vil gjere dei naudsynte endringane i føresegna når ei utviding av AMS-ordninga vert vedteke.

       Når det gjeld provenyverknadene av forslaget vil departementet bemerke at 1992 er det siste året med tilgjengeleg skattestatistikk. Skattestatistikken for 1993 vil ikkje vere klar før tidleg i 1995 og ein har derfor ikkje noko godt grunnlag for å anslå provenyverknaden for 1995 av moglege endringar i AMS-ordninga.

       Uavhengig av datagrunnlaget er det særleg vanskeleg å seie noko om provenyverknaden av å utvida spareordninga AMS, då ein ikkje kan anslå kor mange fleire som vil nytta seg av ordninga som følge av utvidinga. Det kan likevel vere grunn til å tru at verknaden vil vere forholdsvis liten. Frådraget i skatt som følgjer av AMS-ordninga for den einskilde skattytar ligg fast. Men det kan vere skattytarar som ikkje brukar AMS under dei noverande reglane som forventar at avkastninga av enkeltaksjar vil vere høgare enn fondsavkastninga. Om det er tilfelle, kan utvidinga medføre auka bruk av AMS-ordninga.

13.2 Merknader frå komiteen

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemmene frå Sosialistisk Venstreparti, viser til B.innst.S.nr.I (1994-1995) der det heiter på side 78:

       « Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, er enig i at en utvidelse av den gjeldende AMS-ordningen kan styrke kapitaltilgangen til norske bedrifter. Flertallet understreker at det som et minimum stilles krav om selskapet må være VPS-registrert. Flertallet viser til at et slikt registreringskrav er nødvendig for skatteetatens kontrollarbeid. Flertallet er enig i at en ordning som innbefatter alle VPS-registrerte selskaper kan føre til misbruk av ordningen. Flertallet mener at investering i selskaper som ikke driver aktiv næringsvirksomhet i ordets egentlige forstand, ikke bør omfattes av ordningen.
       Flertallet er enig i at det i hovedsak bør stilles samme vilkår for å få skattefradrag ved investering av enkeltaksjer ved investering i aksjefond. »

       Fleirtalet viser til at spørsmålet om endringar i reglane for aksjesparing med skattefrådrag, særleg om høve til å investere i enkeltaksjar, er vurdert av departementet i Ot.prp. nr. 11 (1994-1995) .

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen, viser til at spørsmålet om å utvide AMS-ordningen til også å inkludere investering direkte i enkeltaksjer ble tatt opp i Dok.nr.8:31 (1993-1994). Formålet med dokumentet var å stimulere flere småsparere til å bli medeiere i norske bedrifter for bl.a å motvirke den økende eierkonsentrasjon man har hatt i det norske aksjemarkedet. Behandlingen av Innst.S.nr.147 (1993-1994) konkluderte med at flertall i Stortinget ønsket å få en slik ordning nærmere utredet. Disse medlemmer har merket seg at departementet har gjennomført denne vurderingen og konkludert med å anbefale utvidelse av AMS-ordningen. Disse medlemmer er enig i at AMS-ordningen bør utvides slik at den omfatter aksjekjøp i enkeltselskap. Disse medlemmer vil understreke at det er behov for et aktivt fungerende aksjemarked i Norge for å sikre egenkapitaltilgangen til norske selskaper. Disse medlemmer vil peke på at investeringer i aksjer direkte i enkeltselskap vil gi aksjonærene en nærmere tilknytning til disse selskapenes utvikling enn investeringer i aksjefond gjør. Investering i enkeltaksjer vil også sikre flere langsiktige eiere enn dagens ordning gjør. En slik ordning vil også gi aksjekjøperne et mer variert tilbud i forhold til avkastning, risikotaking, etc. Totalt sett ser disse medlemmer en rekke positive sider ved at man foretar en slik utvidelse.

       Disse medlemmer ser det som svært viktig at også selskaper som ikke er børsnoterte får en bedret tilgang på egenkapital og investorer, en utvidelse av AMS-ordninger bør derfor ikke begrenses til kun de børsnoterte selskapene. Disse medlemmer viser til at ikke-børsnoterte selskap som er registrert i VPS kan inkluderes i en slik ordning uten at kontrollhensyn for ligningsvesenet blir vanskeligere. Det er enkelte selskaper registrert i VPS som f.eks. pengemarkedsfond som det ikke er naturlig å inkludere i ordningen. Det kan etter disse medlemmers syn ikke være vanskelig å ekskludere disse selskapene fra ordningen.

       Disse medlemmer vil vise til følgende merknad i Innst.O.nr.24 (1994-1995):

       « Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen viser til at spørsmålet om ikke børsnoterte selskaper skal få de samme muligheter til egenkapital gjennom å utvide AMS-ordningen til også å gjelde disse selskapene, kan trenge en nærmere utredning. Disse medlemmer vil påpeke at det kan finnes ulike metoder for en slik utvidelse til ikke børsnoterte selskaper. Det kan gis en avgrensningsmulighet for skattemyndighetene slik at enkelte selskaper blir ekskludert eller etableres en godkjenningsordning for ikke børsnoterte selskaper. Disse medlemmer vil be departementet komme tilbake til dette spørsmålet tidlig i vårsesjonen 1995 for å finne frem til praktiske løsninger som ikke betyr for stort merarbeid for ligningsmyndighetene. Disse medlemmer ser det som ønskelig at man for skatteåret 1995 kan utvide AMS-ordningen for aksjekjøp i enkeltselskaper til også å dekke ikke børsnoterte selskaper som er registrert i VPS. »

       Disse medlemmer mener fortsatt at regelverket trenger en bearbeidelse før ikke børsnoterte selskaper inkluderes i ordningen, og ber departementet forberede et regelverk som inkluderer ikke børsnoterte selskaper registrert i VPS og legger det frem for Stortinget i tilknytning til skatteopplegget for 1996.

       Disse medlemmer vil videre peke på at slik beløpsgrensen i dag er satt for AMS-ordningen vil det maksimale skatteincentivet i skatteklasse 1 pr. år være 750 kroner. En slik beløpsstørrelse vil ikke motivere til store skattetilpasninger for enkelte selskap.

       Disse medlemmer vil i tillegg understreke at kostnadene med en VPS-registrering vil virke som en forebygging mot at enmanns- eller fåmanns aksjeselskaper vil la seg registrere kun for å motta skatteincentiver som er gitt i AMS-ordningen. De årlige utgiftene i VPS er for de minste selskapene minimum 3.500 kroner i økte årlige utgifter for selskapet.

       Med en slik regel vil det ikke oppstå problemer hvis børsnoterte selskaper går over til å bli ikke børsnoterte.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

       « Skatteloven § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav a, b og c skal lyde:

a) Fradrag i skatten skal gis med 15 % av innskudd i verdipapirfond, jf. bokstav d, eller av kostpris ved kjøp av eller tegning av aksjer eller grunnfondsbevis i selskap eller foretak registrert i Verdipapirsentralen. Departementet kan gi bestemmelser om at enkelte selskap registrert i Verdipapirsentralen ikke skal omfattes av foranstående punktum. Fradraget regnes ikke av et høyere beløp enn kr 5.000 i klasse 1 og kr 10.000 i klasse 2. Grensebeløpet i klasse 2 gjelder også for skattepliktige i klasse 1 som nevnt i § 76 og § 77 nr. 1-4, og for ektefeller hvor den ene lignes etter § 16 fjerde eller femte ledd.
b) Dersom skattyteren realiserer innskudd i verdipapirfond som det er gitt fradrag for etter bokstav a før fire år etter innskuddsdato, skal det gjøres tillegg i skatten for realisasjonsåret. Det samme gjelder når aksje eller grunnfondsbevis realiseres før fire år etter den dato ervervet ble registrert som aksjesparing med skattefradrag i Verdipapirsentralen. Tillegget skal være 15 % av det innskudd eller den investering som er realisert. Tillegg beregnes ikke når eierskiftet skjer ved arv.
c) Skattyters fødselsnummer skal registreres i forbindelse med investeringen. Ved kjøp av andeler i verdipapirfond gis fradrag på grunnlag av melding fra forvaltningsselskap som forvalter midlene i vedkommende aksjefond. Ved kjøp av aksjer og grunnfondsbevis gis fradrag på grunnlag av melding fra Verdipapirsentralen. »

       Komitémedlemmene frå Arbeidarpartiet har merka seg at departementet ikkje kan tilrå at alle VPS-registrerte selskap, på visse vilkår, skal kunne komme innanfor ei slik utvida ordning. Bakgrunnen for dette er at eit slikt vilkår, t.d. at selskapet hovudsakleg driv aktiv næringsverksemd, vil vere vanskeleg å praktisere for likningsstyresmaktene, og ei ordning der alle VPS-registrerte selskap skal inkluderast, vil vere ei urimeleg vid ordning. Desse medlemmene er einig i dette, og sluttar seg til at ordninga blir avgrensa til alle selskap noterte på norsk børs, medrekna selskap noterte på SMB-lista. Desse medlemmene har merka seg at departementet foreslår at aksjane skal ha AMS-statusen sin ut bindingstida også i dei tilfella eit børsnotert selskap går over til å bli eit ikkje-børsnotert selskap, og at dette blir regulert i forskrifta. Desse medlemmene er einig i dette.

       Desse medlemmene fremmar følgjande forslag:

       « Skatteloven § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav a, b og c skal lyde:

a) Fradrag i skatten skal gis med 15 % av innskudd i verdipapirfond, jf. bokstav d, eller av kostpris ved kjøp eller tegning av aksjer eller grunnfondsbevis notert på norsk børs. Fradraget regnes ikke av et høyere beløp enn kr 5.000 i klasse 1 og kr 10.000 i klasse 2. Grensebeløpet i klasse 2 gjelder også for skattepliktige i klasse 1 som nevnt i § 76 og § 77 nr. 1-4, og for ektefeller hvor den ene lignes etter § 16 fjerde eller femte ledd.
b) Dersom skattyteren realiserer innskudd i verdipapirfond som det er gitt fradrag for etter bokstav a før fire år etter innskuddsdato, skal det gjøres tillegg i skatten for realisasjonsåret. Det samme gjelder når aksje eller grunnfondsbevis realiseres før fire år etter den dato ervervet ble registrert som aksjesparing med skattefradrag i Verdipapirsentralen. Tillegget skal være 15 % av det innskudd eller den investering som er realisert. Tillegg beregnes ikke når eierskiftet skjer ved arv.
c) Skattyters fødselsnummer skal registreres i forbindelse med investeringen. Ved kjøp av andeler i verdipapirfond gis fradrag på grunnlag av melding fra forvaltningsselskap som forvalter midlene i vedkommende aksjefond. Ved kjøp av aksjer og grunnfondsbevis gis fradrag på grunnlag av melding fra Verdipapirsentralen. »
Høve til reinvestering

       Fleirtalet i komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, har merka seg at departementet foreslår at dei same vilkåra skal gjelde for investering i enkeltaksjar som ved investering i aksjefond. Fleirtalet er einig i dette.

       Når det gjeld høve til å reinvestere, viser fleirtalet til at ordninga har som målsetjing å stimulere til langsiktige investeringar i aksjemarknaden. Dersom det blir høve til reinvestering i bindingstida, vil det bryte med ei slik målsetjing.

       Fleirtalet viser til at sal av aksjar i bindingstida, t.d. for å unngå tap på investeringa, vil innebere eit brot med AMS-kontrakten, men at det på vanleg måte blir gjeve frådrag for tap på sal av aksjar, eventuelt skattepliktig gevinst, etter selskapsskattelova § 5-2 nr. 1 og 2. Fleirtalet viser vidare til at omsynet til maskinell likning gjer slikt høve til reinvestering vanskeleg. Fleirtalet viser til at departementet peiker på at det vil oppstå kontrollproblem dersom det blir opna for reinvestering i enkeltaksjar. Fleirtalet vil derfor slutte seg til vurderinga frå departementet om at det ikkje blir høve til reinvestering.

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og representanten Stephen Bråthen vil understreke at en likebehandling av aksjefond og enkeltinvesteringer i selskap burde medført at man innen et gitt investeringsbeløp kunne endre aksjeporteføljen. Aksjefond har i dag muligheten for å endre sin porteføljesammensetning, noe som gjør at de kan redusere risikoen i markedet. Denne muligheten vil altså ikke være åpen for dem som velger å investere direkte etter departementets forslag.

       Disse medlemmer vil vise til at en åpning for reinvestering i løpet av 4-årsperioden vil kreve maskinelle og behandlingsmessige endringer både i VPS og i ligningsetaten.

       Disse medlemmer legger til grunn at det vil være riktig å utforme regler som er så enkle at man kan bruke maskinell ligning. Disse medlemmer vil likevel understreke at man må arbeide videre i et samarbeid mellom Skattedirektoratet og VPS slik at man også kan få en maskinell behandling som muliggjør endringer i ens aksjeportefølje i løpet av bindingstiden.

       Disse medlemmer viser til at VPS overfor Skattebetalerforeningen har bekreftet at det er teknisk mulig for dem å kontrollere en slik reinvesteringsadgang på en slik måte at det ikke vil medføre merarbeid for ligningsvesenet.

       Disse medlemmer vil understreke at kjøp og salg av aksjer medfører transaksjonskostnader, med den moderate skattestimulansen som ligger i AMS-ordningen vil denne raskt være oppspist ved flere reinvesteringer. Adgang til reinvestering er derfor først og fremst ment som en sikkerhetsventil for å redusere større tap.

       Disse medlemmer vil understreke at vederlag oppnådd ved salg i 4-årsperioden forutsettes reinvestert, hvis dette ikke skjer anses kontrakten brutt.

       Disse medlemmer fremmer derfor følgende tillegg til blant andre disse medlemmers forslag til § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav b:

       « Skatteloven § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav b nytt siste punktum skal lyde:Andre og tredje punktum gjelder ikke når gevinst ved realisasjon reinvesteres på vilkår fastsatt av departementet. »

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre, Venstre og representanten Stephen Bråthen viser til at en betydelig del av nyskapingen i næringslivet skjer gjennom andre organisasjonsformer enn aksjeselskaper. Disse medlemmer mener derfor at det er uheldig at skattestimulert kapitaloppbygging kun er forbeholdt aksjeselskaper. Disse medlemmer mener det bør foretas en utredning av en generell ordning for skattestimulert avsetning av risikokapital uavhengig av eier- eller selskapsform.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen utrede en generell ordning for skattestimulert avsetning av risikokapital uavhengig av eier- eller selskapsform. »

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse viser til at komiteens flertall gikk inn for å oppheve AMS-ordningen i forbindelse med skattereformen i Innst.O.nr.80 (1990-1991). Disse medlemmer viser til at komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti i nevnte innstilling avga følgende begrunnelse for å avvikle skattesubsidiert aksjesparing:

       « Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener at en ordning med skattestimulanser knyttet til plassering av finansaktiva i aksjefond strider mot prinsippet om nøytralitet og skattemessig likebehandling av ulike spareformer. Nøytralitet i den skattemessige behandlingen av finansplasseringer er en viktig del av skattereformen. Disse medlemmer viser til at en samlet komite i Innst.S.nr.5 (1990-1991) på bakgrunn av en prinsipiell vurdering gikk inn for å oppheve bl.a. SMS og AMS. Disse medlemmer viser dessuten til at skattereformen isolert sett vil føre til at lønnsomheten av finansplasseringer etter skatt vil øke vesentlig. Disse medlemmer mener at dagens skattestimulerende spareordninger i stor grad bare bidrar til å påvirke fordelingen mellom spareformer. Det er tvilsomt om den samlede sparingen påvirkes. »

       Imidlertid vedtok komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, at det skulle opprettes en ny aksjespareordning (ASG). I salderingsproposisjonen for 1992 foreslo Regjeringen å gjeninnføre AMS-ordningen. På dette tidspunktet ble det statlige inntektstap anslått til 300 mill. kroner. Disse medlemmer påpekte at Arbeiderpartiet hadde frafalt et viktig prinsipielt standpunkt. AMS innebærer både en innsnevring av skattegrunnlaget og forskjellsbehandling av ulike former for sparing.

       Disse medlemmer konstaterer at Regjeringen foreslår en utvidelse av AMS-ordningen til å omfatte enkeltselskaper som er børsnoterte. Til tross for at det forutsettes at flere personer vil benytte ordningen for å oppnå skattefradrag, er det ikke framlagt anslag over inntektstapet for staten. Disse medlemmer viderefører sitt standpunkt fra skattereforminnstillingen, og vil foreslå at AMS-ordningen avvikles fra 1996. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

       « Skatteloven § 44 ellevte ledd nr. 2 oppheves. »

       Hvis dette ikke oppnår flertall vil disse medlemmer stemme mot øvrige forslag til § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav a, b og c.