Vedlegg 1: Brev frå næringskomiteen i Stortinget til statsråd Gunhild Øyangen, Landbruksdepartementet, datert 8. juni 1995.

Spørsmål om Ot.prp. nr. 28 Endringar i reinsdriftslova

       I samband med næringskomiteen si handsaming av Ot.prp. nr. 28 Om lov om endringar i reindriftslova, har komiteen m.a. følgjande spørsmål:

1. Ved komiteen si reise til Hedmark og Trøndelag 18. og 19. mai d.å. vart det spesielt frå grunneigarhald hevda at dei områda der reindrifta har sedvanemessig rett til å beite, ikkje omfattar alt areal innan eit reinbeiteområde. Det vart vist til at dei beitegrensene lappekommisjonen av 1892 trakk opp, ikkje samsvarar med grensene for beiteområdet, og at reindrifta ikkje har rett til å la dyra beite i «buffersonene».
       Komiteen ønskjer ei vurdering av kva for areal i Sør-Trøndelag/Hedmark reinbeiteområde som etter departementet sitt syn er lovleg beiteareal.
2. Komiteen vart òg under reisa 18. og 19. mai kjend med samarbeidsavtale mellom Rendal Renselskap og Femund og Elgå reinbeitedistrikter. Avtalen er godkjend av Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet og kan ikkje seiast opp utan samtykkje frå dei same departementa.
       Frå ymse hald var det hevda otte for at avtalen vil føra til at beitegrensene for reindrifta vert utvida heilt vest til Glomma.
       Komiteen ønskjer departementet si vurdering av avtalen og vil òg gjerne vite meir om Landbruksdepartementet si rolle da avtalen kom i stand.
3. Er det mogeleg å få ein statusrapport over ekspropriasjon av reinbeite i Trollheimen og framdrifta i saka?
4. Kan det seiast noko om administrasjonskostnadene for denne ekspropriasjonssaka?
5. Kva erfaringar har ein ved å erverve reinbeiterett på denne måten?