5. Skattlegging av skipsaksjeselskap (reiarlag) som tek del i poolsamarbeid

Sammendrag

Departementet gjer framlegg om å endre skattelova § 51 A-2 slik at reiarlag innanfor ordninga skal kunne ta del i ordinært poolsamarbeid. Endringa inneber at krinsen av tillatne eigedelar blir utvida til å gjelde partar og aksjar i poolsamarbeid. Part eller aksje i poolsamarbeid vil vere ein tillaten eigedel også når parten eller aksjen er eigd av eit deltakarlikna selskap eller NOKUS-selskap, og sjølv om poolsamarbeidet ikkje eig fartøy.

Poolsamarbeidet må oppfylle dei same krav til innhald og drift som andre tillatne underliggjande selskap, med unntak av kravet om sjølv å eige fartøy. Departementet gjer framlegg om at endringa gjerast ved å innføre ein ny bokstav d i § 51 A-2 nr. 1.

Endringa vil gjelde for ordinært poolsamarbeid der to eller fleire selskap som eig fartøy inngår avtale om felles drift av fartøya, og der samarbeidet utgjer eit selskap etter selskapsloven eller aksjeloven. Det er ikkje vanleg at poolsamarbeid eig fartøy som nemnd i § 51 A-2 nr. 1 bokstav a eller b. Departementet gjer derfor framlegg om at regelen i den nye bokstav d skal gjelde for poolsamarbeidet som berre eig finansaktiva som nemnt under § 51 A-2 nr. 1 bokstav c.

Dersom poolsamarbeidet likevel skulle eige fartøy, må dei vanlege reglane leggjast til grunn for avgjersla av om fartøyet er ein kvalifiserande og lovleg eigedel, og om poolen er innafor ordninga. Dersom poolsamarbeidet er eit deltakarlikna selskap, og reiarlaget tek del i poolsamarbeidet gjennom eit anna deltakarlikna selskap, er part i poolsamarbeidet ikkje ein tillaten eigedel dersom poolen eig skip. Dette følgjer av dei ordinære reglane, som seier at reiarlaget ikkje kan eige fartøy gjennom fleire ledd av deltakarlikna selskap. Departementet ønskjer med lovendringa å opne for deltaking i ordinært poolsamarbeid, og finn ikkje grunn til å utvide reglane slik at tilfelle der fartøy er eigd i fleire ledd av deltakarlikna selskap er omfatta av ordninga.

For at part i poolsamarbeid skal vere ein lovleg eigedel er det eit vilkår at poolen driv slik verksemd som nemnd i § 51 A-4. Poolsamarbeidet må såleis drive verksemd i form av utleige eller drift av fartøy som nemnd i § 51 A-2 nr. 1 bokstav a eller b. Poolsamarbeidet kan i tillegg drive verksemd i form av transport av personell eller forsyningar med skip, drift av taubåtar, forsyningsfartøy eller andre hjelpefartøy, jf. § 51 A-4 nr. 3 andre punktum. Det er ikkje eit vilkår at dei andre selskapa som tek del i poolsamarbeidet kvalifiserer til likning etter § 51-A. Såleis kan reiarlaget inngå poolsamarbeid med selskap som ikkje eig fartøy sjølv, men som til dømes leiger det fartøyet som er slutta inn i poolen.

Dersom det konkrete poolsamarbeidet ikkje inneber at det er danna eit selskap, vil poolavtalen ikkje diskvalifisere reiarlaget frå likning etter § 51-A.

Innføringa av ein ny bokstav d inneber at det må gjennomførast endringar i paragrafar som viser til reglane i § 51 A-2 nr. 1. Departementet viser til vedlagde framlegg til endringar i skattelova § 51-A. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til Regjeringens forslag til endring i beskatningen av skipsaksjeselskap som er med i poolsamarbeid, jf. Regjeringens forslag til endring i skatteloven § 51-A.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til sitt standpunkt vedrørende rederibeskatningen, jf. avsnitt 26.1 nedenfor. Disse medlemmer tar til etterretning den oppretting som Regjeringen her foreslår vedrørende beskatning av skipsaksjeselskap som er med i poolsamarbeid.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti går imot Regjeringens forslag om å sørge for at flere rederier kommer inn under den nye tilnærmede nullskatteordningen for rederier. For øvrig viser dette medlem til sitt standpunkt vedrørende rederibeskatningen, jf. avsnitt 26.1 nedenfor.