8. Særlege reglar for gjennomføringsfasen

8.1 Samandrag

Med «gjennomføring» er meint perioden mellom vedtakstidspunktet og sjølve iverksetjinga av vedtaket. Lengda på denne perioden vil variere, men i saker om samanslåing av kommunar vil det i praksis dreie seg om frå eitt til to år.

Kapittel 8 i proposisjonen drøftar behovet for særskilde reglar for gjennomføringsfasen, mellom anna om vidareføring av Kongen si fullmakt til å gi nærmare reglar og fråvike gjeldande lovgiving for å sikre gjennomføring av grenseendring eller fastsetjing av grenser. Situasjonen i dag er prega av at lova er kortfatta og knapp når det gjeld slike tilhøve. Dermed er det i praksis den bruken regjeringa gjer av reglane etter gjeldande lov § 17, som gir dei nærmare føringane og avklaringane på gjennomføringsprosessen i det enkelte tilfellet. Departementet finn denne situasjonen lite tenleg for kommunane og andre forvaltingseiningar som blir involverte i prosessen. Det bør leggjast opp til at lova sjølv i større grad inneheld dei nødvendige reglane om både automatiske verknader og gjennomføring av vedtak om grenseendring. Dette hindrar likevel ikkje behov for ein heimel for Kongen/departementet til å gi nærmare reglar tilpassa den enkelte saka.

For sjølve gjennomføringsfasen føreslår departementet visse særreglar ved samanslåingar av kommunar og fylke. Kommunane og fylkeskommunane skal i ein slik situasjon opprette ei fellesnemnd til å førebu og samordne iverksetjinga av vedtaket om samanslåing. Nemnda skal i hovudsak fungere etter avtalt reg­lement fastsett av kvart kommunestyre eller fylkesting. Lovforslaget inneheld dessutan nærmare reglar for samansetjing og funksjonsperiode o.a. for fellesnemnda.

Sjå §§ 17, 25, 26 og 27 med nærmare omtale i kap. 12.

8.2 Merknader frå komiteen

Komiteen har merket seg at nåværende lov har svært få regler om gjennomføring av inndelingsvedtak. Komiteen mener det er positivt at den nye loven inneholder særskilte regler for gjennomføringsfasen slik at partene har størst mulig grad av forutsigbarhet. For å sikre størst mulig fleksibilitet ser komiteen behovet for at det kan gjøres unntak fra disse reglene.