Kapittel 7 i proposisjonen gir ei vurdering av kva for verknad
ei grenseendring vil få, mellom anna for innbyggjarane
si skatteplikt, for lokale forskrifter og vedtekter, planvedtak
og for statlege avgiftskrav. Departementet føreslår
her ei vidareføring av prinsippa i gjeldande lov med omsyn
til innbyggjarane si skatteplikt ved skifte av kommunetilknytting.
Vidare blir det føreslått å føre
vidare reglar og praksis når det gjeld funksjonstida for
lokale vedtekter/forskrifter og planvedtak. Departementet
føreslår å lovfeste at det ikkje skal
krevjast inn statlege avgifter som oppstår som ei direkte
følgje av grenseendringa. Dette er i samsvar med praksis
frå dei siste kommunesamanslåingane. Endeleg blir
det gjort framlegg om ein særskild regel om verknad for
interkommunalt samarbeid.
Sjå §§ 12, 13, 14 og 16 med
nærmare omtale i kap. 12.
Komiteen ser det som positivt at man
fortsatt legger prinsippet om avgiftsfritak for statlige avgifter som
oppstår som følge av en grenseendring, til grunn som
en generell regel. Dette fører til at man lovfester den
praksis som har vært ført i de senere årene. Komiteen vil
vise til at en slik regel vil føre til at kommuner og fylker
på forhånd vet hva de kan regne med når
en inndelingssak blir aktuell.