1.1 Sammendrag

Regjeringa gjer i Ot.prp. nr. 93 (2002-2003) framlegg til lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv. I proposisjonen inngår:

  • Forslag om innføring av eit eksportrelatert unntak frå meirverdiavgift for Posten Norge AS.

  • Forslag om endringar i reglane for retten til frå­drag for underskot i NOKUS-selskap.

  • Forslag om innføring av eit særskild reindriftsfrådrag ved inntektslikninga.

  • Forslag om innføring av eit særskild frådrag for skiferdrivarar i Finnmark og Nord-Troms.

  • Forslag om å auke frådraget for fagforeiningskontingent ved inntektslikninga.

  • Forslag om å fjerne forskriftsheimelen for generelt skattefritak for arbeidsgjevar si dekning av tilsette sine utgifter til barnehage.

  • Forslag om visse endringar i skatte- og avgifts­lovgjevinga i samband med forslaget om innføring av introduksjonsstønad for nykomne innvandrarar.

  • Forslag til retting av lovtekst - skattelova § 6-40 fjerde ledd.

  • Omtale av forskrift om skattefritak for arbeidsgjevar si dekning av tilsette sine behandlingsutgifter.

  • Omtale av reglane for konserninterne overføringar.

  • Omtale av reglane for eigedomsskatt på nettanlegg.

  • Omtale av departementet si evaluering av reglane om offentlege skattelister.

Forslag og omtale er nærmare reiegjort for nedanfor og i proposisjonen.

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Arne Braut, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til sine merknader under de enkelte punkter nedenfor.