2. Merverdiavgift - unntak for Postens masseforsendelser av brev til utlandet

2.1 Sammendrag

Etter meirverdiavgiftslova § 16 nr. 4 første punktum er transporttenester her i landet - når transporten av vara skjer direkte til eller frå utlandet - fritatt frå meirverdiavgift. Etter lovføresegnas andre punktum gjeld dette unntaket ikkje Postens frakt av brev til utlandet. Bakgrunnen for unntaket var at Posten ikkje hadde høve til å skilje mellom frankering som gjaldt mottakar i Noreg og mottakar i utlandet.

Regjeringa har i Ot.prp. nr. 41 (2002-2003) lagt fram forslag om at marknaden for utgåande grensekryssende post blir opna fullt ut for konkurranse. Ein reknar med at ei oppheving av eineretten for utgåande grensekryssande post vil medføre at andre post­operatørar i større grad enn i dag vil komme inn på denne marknaden. Meirverdiavgiftslova § 16 nr. 4 andre punktum vil i så fall innebere ei konkurranse­ulempe for Posten.

På bakgrunn av informasjon frå Posten kan det synes som om Posten kan klare dette skiljet for minst éin type distribusjonsavtaler. Det gjeld distribusjonsavtaler om massesendingar til utlandet.

Regjeringa gjer på denne bakgrunn framlegg om at avgiftsplikta til Posten ved omsetning av postsendingar til utlandet, avgrensast slik at avgiftsplikta ikkje lenger skal omfatte omsetning av distribusjonsavtaler om massesendingar av brev til utlandet. Regjeringa nyttar samtidig høvet til å foreslå ei redaksjonell endring av meirverdiavgiftslova § 16 nr. 4 andre punktum i det statens postselskap no heiter Posten Norge AS.

Regjeringa foreslår at endringa blir sett i kraft frå 1. juli 2003.

Regjeringa legg til grunn at forslaget til endring vil gi eit provenytap på om lag 5 mill. kroner pr. år. Provenytapet for 2003 vil utgjere om lag 2 mill. kroner.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring av merverdiavgiftsloven § 16 nr. 4 andre punktum.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kystpartiet viser til at Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kystpartiet har gått imot å åpne for full konkurranse i markedet for utadgående grensekryssende post. Disse medlemmer vil peke på at Posten vil få store ulemper av det vedtak som er gjort, og at det for å begrense denne ulempe er nødvendig å gi merverdiavgiftsfritak for disse forsendelser.