Det følgjer av lov 21. november 1952 nr. 2
om betaling og innkreving av skatt § 11 nr. 1
at arbeidsgjevaren har plikt til å foreta forskotstrekk
i arbeidstakaren si lønn. Det trekte beløpet skal
arbeidsgjevaren setje inn på ein eigen skattetrekkonto
etter § 11 nr. 4. I staden for skattetrekkonto
kan det stillast "bankgaranti" for trekkansvar.
I og med at skattebetalingslova § 11 nr. 1
nyttar omgrepet "bankgaranti" taler dette for at garantien må vere
stilt av ei verksemd som har godkjenning til å drive bankverksemd.
Denne tydinga er òg lagt til grunn i kommentarutgåva
til skattebetalingslova kor det står: "og garantisten må være
en bank, ikke en annen kredittinstitusjon eller lignende." I SK-melding nr.
12-1992 har Skattedirektoratet gått ut i frå at
garantisten må vere ein bank, då lova klårt
og eintydig opererer med bank som garantist. Direktoratet uttaler vidare
at garantisten må vere ein bank som har godkjenning til å drive
bankverksemd i Noreg.
Departementet har blitt oppmerksam på at andre føretak
enn bankar tilbyr garantiar for arbeidsgjevarar sitt trekkansvar,
og at slike garantiar har vore akseptert av nokre skatteoppkrevjarar,
men ikkje av andre.
Departementet kan ikkje sjå at dei omsyn som gjer seg
gjeldande ved val av garantist tilseier at berre bankar bør
kunne stille garanti for trekkansvar. Det sentrale er at skatteoppkrevjaren
på ein enkel måte kan gjere garantien gjeldande
ovanfor ein betalingsdyktig garantist, og at det er minimal risiko
for at garantisten ikkje kan eller vil innfri garantien når
det er naudsynt. Det er praksis for at garantien skal stillast i form
av ein vilkårslaus sjølvskuldnarkausjon.
Ved å tillate garanti frå føretak
som nemnt i § 1-4 i lov 10. juni 1988
nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finasinstitusjoner sikrar ein
at desse omsyna blir ivaretatt, og unngår samstundes diskriminering av
ulike typar finansinstitusjonar. Etter forslaget vil òg
utanlandske finansierings- og kredittinstitusjonar, som har rett
til å drive finansieringsverksemd i Noreg etter den nemnde § 1-4
i finansieringsverksemdlova, kunne stille garanti for trekkansvar.
Forslaget medfører at skatteoppkrevjaren kan tenkjast å komme
i den situasjon at han må gjere ein garanti gjeldande ovanfor
ein kredittinstitusjon med hovudsete i ein annan stat innanfor det
europeiske økonomiske samarbeidsområdet. Dette
fordi kredittinstitusjonar med hovudsete i ein annan stat innanfor
EØS-området kan drive grenseoverskridande tenesteyting
i medhald av finansieringsverksemdlova § 1-4 nr.
4 og forskrift 7. juli 1994 nr. 0717. For det tilfellet
at kredittinstitusjonen då ikkje vil innfri garantien,
kan det stillast spørsmål ved om innkrevjinga
i desse tilfella blir vesentleg vanskeleggjort.
Departementet reknar med at ein slik situasjon berre heilt unntaksvis
vil kunne oppstå. Det er òg slik at i medhald
av tollova § 35 og tollovforskrifta punkt 5.5.3,
kan toll- og avgiftsetaten krevje sikring i form av garanti ved
søknad om kreditt for toll. Bankar, forsikringsselskap
og andre føretak som nemnt i § 1-4 i lov
om finansieringsverksemd kan tilby slik garanti. Etter det departementet
er kjent med har toll- og avgiftsetaten ikkje opplevd nokre vanskar
med å gjere garantiar gjeldande. Departementet kan ikkje
sjå at det er grunn til å ha strengare reglar
for garanti for trekkansvar.
Departementet viser til forslaget til endringar i skattebetalingslova § 11
nr. 4, som gir alle føretak som har rett til å drive
finansverksemd etter finansieringsverksemdlova § 1-4
løyve til å stille garanti for trekkansvar.
Stortinget har vedteke ei ny skattebetalingslov som ikkje er
sett i kraft, jf. lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling
og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven).
Departementet foreslår ei tilsvarande endring i denne lova.
Departementet viser til forslaget til endringar i § 5-12
andre og tredje ledd i den nye skattebetalingslova.
Departementet legg til grunn at dei økonomiske konsekvensane
av forslaget er små, og det same vil gjelde dei administrative
konsekvensane.
Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde
straks.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til
endring i skattebetalingsloven 1952 § 11 nr. 4
og skattebetalingsloven 2005 § 5-12 andre og tredje ledd.