1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Fiskeri- og kystdepartementet fremmar i proposisjonen to forslag til endringar i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven).

Det vert gjort framlegg om å endre deltakerloven § 21 om årlige avgrensingar i adgangen til å delta i fiske og fangst mv. Formålet med endringa er å opne for at alle fartøy under ein viss storleik, og som er registrert i eit avgrensa geografisk område, kan få adgang til å delta i fangst av kongekrabbe.

Det vert vidare gjort framlegg om å endre ordlyden i deltakerlova § 25 om gebyr, slik at nevninga "gebyr" vert endra til "avgift" for så vidt gjeld det årlege gebyret som ein fartøyeigar må betale for at fartøyet skal stå registrert i Merkeregisteret. Denne endringa skjer i tråd med nye retningslinjer som er utarbeidde av Finansdepartementet om kva som skal reknast som eit gebyr og kva som skal reknast som ei avgift.

1.2 Nærmare om endring av § 21 - Fangst av kongekrabbe

Regjeringa går inn for at alle merkeregistrerte fartøy under 11 meter som er registrert i Aust-Finnmark, inkludert kommunane Nordkapp og Porsanger, skal få høve til å delta i fangsten av kongekrabbe.

Forslaget er lagt fram, diskutert og nærmare grunngjeve i Stortingsmelding nr. 40 (2006-2007) Forvaltning av kongekrabbe.

Det er deltakerlova § 21 som er heimel for å setje vilkår for å delta i ulike fiskeri, for å avgrense talet på fartøy som deltek. Slike avgrensingar kan ein innføre når "hensynet til ressursforvaltningen, avviklingen av fisket eller lønnsomheten i fisket" gjer det naudsynt. Fangst av kongekrabbe er mellom dei verksemdene som er underlagt slike vilkår.

Dei vilkåra som gjeld for ulike fiskeri i dag, skiller ikkje mellom fartøya ut frå kvar dei er registrert. Dette har også vore tilfellet for vilkåra for å delta i kongekrabbefangsten. Forslaget om å gjere unntak frå adgangsvilkåra for fartøy som er registrert i eit visst geografisk område, er såleis eit av dei nye tiltaka i stortingsmeldinga om forvaltning av kongekrabbe.

Deltakerloven § 21 gjev i dag ikkje heimel for å skilje mellom fartøy etter kvar fartøyet er registrert. Det vert difor gjort framlegg om eit tillegg til andre ledd i deltakerloven § 21, som skal gjeve heimel til å unnta fartøy registrert i eit visst eller visse geografiske område frå dei vilkår for å delta i fangst av kongekrabbe som vert fastsett med heimel i § 21 første ledd. Heimelen vil berre kunne nyttast til å gjere generelle unntak i forskrift.

1.3 Endring av § 25 - Endring av "gebyr" til "avgift"

I nye retningslinjer for gebyr og avgiftsfinansiering, R-112/2006, har Finansdepartementet klargjort skilnaden mellom eit gebyr og ei avgift, og kva vilkår som bør gjelde for offentlege gebyr- og avgiftsordningar.

I deltakerloven § 25 går det fram at "[d]epartementet kan bestemme at det skal betales et gebyr ved innføring i merkeregisteret og et årlig gebyr så lenge fartøyet står i merkeregisteret". Vidare følgjer det av andre punktum i same føresegn at "[g]ebyret er tvangsgrunnlag for utlegg."

Bakgrunnen for å innføre desse gebyra var todelt. For det første skal gebyret dekkje kostnader med drifta av merkeregisteret og bruken av registeret til statistikk- og samordningsformål. For det andre skal gebyret medverke til at fartøyeigarane stryk ikkje-aktive fartøy frå registeret.

I høve til retningslinjene nemnt ovanfor, er dermed det gebyret som vert betalt ved innføring i merkeregisteret fortsatt å rekne som eit gebyr. Det årlege gebyret er derimot ikkje direkte knytt til handsaminga av ei enkelt sak. I samsvar med retningslinjene skal dette difor kallast ei avgift.

Det vert difor gjort framlegg om å endre formuleringa "[...] og et årlig gebyr" til "[...] og en årlig avgift" i deltakerloven § 25. Vidare må omgrepet "avgift" takast inn i andre punktum i føresegna for å sørgje for at også denne vil vere tvangsgrunnlag for utlegg.

Forslaget fører ikkje til materielle endringar for næringa. Lovforslaget har ikkje vore sendt på høyring, då dette vert ansett for openbert unødvendig. Forslaget har ikkje nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.