1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i inkassolova. Framlegget går ut på at inkassolova § 5 om vilkår for inkassoløyve blir endra for søkjarar frå EØS-området med kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat. Forslaget omfattar berre løyve til å drive inn pengekrav for andre, såkalla framandinkasso. Eit vilkår for slikt inkassoløyve er at søkjaren må ha minst tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav i løpet av dei siste ti åra. Forslaget går ut på at det blir gjort unntak frå dette kravet for søkjarar som nemnt. Føresetnaden for at praksiskravet ikkje skal gjelde, er at søkjaren kan dokumentere inkassokvalifikasjonar frå ein annan EØS-stat.

Framlegget inneber i tillegg at det blir gitt ein forskriftsheimel til å fastsetje at unntak som nemnt gjeld tilsvarande for borgarar frå statar utanfor EØS og for søkjarar som har kvalifikasjonsbevis frå land utanfor EØS. Bakgrunnen for forslaget er omsynet til EØS-retten.

Framlegget går vidare ut på at det i inkassolova § 4 om vilkår for å drive inkassoverksemd blir gitt ein heimel for å gi forskrifter om mellombels utøving av inkassoverksemd i Noreg. Bakgrunnen for forslaget er også her omsynet til EØS-retten.

Bakgrunnen for lovframlegga og høyringa er omtala i kapittel 2 i proposisjonen.

1.2 Godkjenning av kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat m.m.

Vilkåra for å få inkassoløyve følgjer av inkassolova § 5. Føresegna skil mellom løyve til framandinkasso og løyve til oppkjøpsinkasso. Eit av vilkåra for å få løyve til framandinkasso, er at den som faktisk leiar inkassoverksemda godtgjer å ha minst tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav i løpet av dei siste ti åra. Bakgrunnen for praksiskravet er eit ønske om å sikre at den som skal stå for den faktiske leiinga av inkassoverksemda, har eit minimum av faglege kvalifikasjonar. Kravet om tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav gjeld utan omsyn til om søkjaren har inkassokvalifikasjonar frå andre EØS-statar. Kravet gjeld ikkje for løyve til stadig og ervervsmessig å drive oppkjøp og inndriving av forfalne pengekrav for eiga rekning (oppkjøpsinkasso).

Departementet la i høyringsnotatet til grunn at Noreg har plikt til å godkjenne inkassokvalifikasjonar frå andre EØS-statar i samsvar med rådsdirektiv 92/51/EØF. Departementet ga i høyringsnotatet uttrykk for at Noreg må godkjenne inkassokvalifikasjonar frå andre EØS-statar også etter det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet.

Departementet la etter dette fram eit forslag til nytt tredje og fjerde punktum i inkassolova § 5 andre ledd. Forslaget gjekk ut på at det for løyve til framandinkasso blir gjort unntak frå kravet om at den faktiske leiaren må ha minst tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav i løpet av dei siste ti åra. Unntaksregelen skulle etter forslaget berre gjelde for utanlandske søkjarar frå EØS. Føresetnaden for at praksiskravet ikkje skulle gjelde, var at søkjaren dokumenterer yrkeskvalifikasjonar frå ein annan EØS-stat som nemnt i direktivet.

Justisdepartementet foreslår å følgje opp forslaget i høyringsbrevet om å endre inkassolova § 5, og med det gjere unntak frå kravet om tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav.

Det følgjer av direktivet at det rettar seg mot statsborgarar i medlemsstatane. Ettersom direktivet er innlemma i EØS-avtalen, inneber dette at direktivet gjeld for statsborgarar i alle EØS-statane. Utgangspunktet er såleis at direktivet ikkje gjeld for statsborgarar frå land utanfor EØS. I EU gjeld direktivet likevel for statsborgarar frå tredjeland i den mon dei fyller vilkåra om statsborgarar frå tredjeland sin status som fastbuande utlending eller europaparlaments- og rådsdirektiv om retten for unionsborgarar og deira familiemedlemmar til å ferdast og opphalde seg fritt på området til medlemsstatane.

Departementet gjer på bakgrunn av dette framlegg om at § 5 andre ledd får eit nytt femte punktum som gir heimel for at Kongen i forskrift kan fastsetje unntak frå kravet om tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav skal gjelde tilsvarande for borgarar frå statar utanfor EØS og for søkjarar som har kvalifikasjonsbevis frå land utanfor EØS. Bakgrunnen er omsynet til EØS-retten.

1.3 Heimel til å gi forskrift om mellombels utøving av inkassoverksemd

For at inkassoverksemd skal kunne drivast i Noreg, er det krav om at foretaket er registrert i Foretaksregisteret, og at foretaket har inkasso-løyve. Verksemd som går ut på å drive inn forfalne pengekrav for andre (framandinkasso), kan likevel også drivast i medhald av norsk advokatløyve. Verksemd som går ut på oppkjøp og eiga inndriving av forfalne pengekrav (oppkjøpsinkasso), kan også drivast av institusjonar som har rett til å drive finansieringsverksemd etter finansieringsvirksomhetsloven.

Inkassolova skil ikkje mellom permanent og mellombels utøving av verksemda på same måte som direktiv 2005/36/EF gjer. Dersom ein aktør frå ein annan EØS-stat driv med ervervsmessig inndriving av forfalne pengekrav for andre, gjeld vilkåra i inkassolova for å drive inkassoverksemd sjølv om aktøren berre ønskjer å tilby sine tenester mellombels i Noreg. Dette inneber m.a. at foretaket må vere registrert i Foretaksregisteret og ha norsk inkassoløyve.

Det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet (2005/36/EF) har, i tillegg til reglane om etableringsfridom, særlege reglar om mellombels tilbod eller utøving av teneste i ein annan EØS-stat. I høyringsnotatet vurderte departementet forholdet mellom dei norske reglane og EU-direktivet. Departementet la til grunn at Noreg etter direktivet er forplikta til å opne for mellombels utøving av inkassoverksemd. Departementet foreslo at dei nye reglane om vilkår for å drive inkassoverksemd som følgje av reglane om mellombels utøving av teneste i det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet, blir tatt inn i ei forskrift.

Justisdepartementet foreslår i tråd med forslaget i høyringsnotatet å endre inkassolova § 4 ved å føye til ei tilvising til femte ledd i første ledd og eit nytt femte ledd med heimel til å gi forskrift om mellombels utøving av inkassoverksemd. Departementet foreslår å ikkje avgrense forskriftsheimelen til å gjelde mellombels inkassoverksemd av personar frå eller med statsborgarskap i EØS-statar. Ein foreslår formuleringa "personer som er lovlig etablert i en EØS-stat med sikte på å drive slik inkassovirksomhet der". Denne formuleringa er tilpassa vurderingsemnet i direktivet og skulle vere tilstrekkeleg vidtrekkande.

Departementet gjer etter dette framlegg om endring i § 4 første ledd og tilføying av eit nytt femte ledd som gir heimel for at det i forskrift kan fastsetjast reglar for mellombels utøving av framandinkassoverksemd av personar som er rettsleg etablert i ein EØS-stat med sikte på å drive inkassoverksemd der.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet kan ikkje sjå at forslaget om å endre inkassolova §§ 4 og 5 vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Forslaget inneber at det blir lettare for inkassoforetak frå andre EØS-statar å få norsk inkassoløyve. Dette kan ha ein gunstig konkurransemessig effekt. Justisdepartementet ser det likevel ikkje som sannsynleg at mange utanlandske inkassoforetak vil starte å tilby sine tenester i Noreg som følgje av lovendringa. Departementet viser i denne samanhengen til at utanlandske inkassoforetak allereie etter gjeldande reglar kan tilby sine tenester i Noreg, og til at lovendringa her berre gjeld yrkeskvalifikasjonsvilkåra for å få inkassoløyve i Noreg. Det er derfor ikkje grunn til å tru at lovforslaget vil føre til nemnande meirarbeid for Kredittilsynet, som er tilsynsorgan på området.