Departementet viser til at gjennomføringa av direktivet i norsk
rett vil ha nokre, men ikkje store økonomiske og administrative
konsekvensar, særleg for utlendingsforvaltninga. Dei viktigaste
endringane gjeld opphevinga av ordninga med opphaldsløyve og innføringa
av ei enklare og mindre tidkrevjande registreringsordning. Innføring
av ei ordning med opphaldskort for familiemedlemmer til EØS-borgarar når
dei kjem frå tredjeland, inneber også ei forenkling.
Gjennomføringa av direktivet inneber ein utvida rett til utdanningsstøtte
til EØS-borgarar med varig opphaldsrett. Det er usikkert kor mange
som vil vere omfatta av utvidinga og kor mange som vil nytte ho. Det
er derfor usikkert kor store kostnader endringane vil føre med seg.
Det er eit krav om at direktivet skal setjast i verk raskt. Politiet
vil derfor på kort sikt få oppgåvene med registreringar, i tillegg
til å skrive ut opphaldskort. Dette vil vere mindre tidkrevjande
oppgåver enn i dag, men det er vanskeleg å seie i kva for grad det
vil føre til innsparingar. Meir tid vil snarare gi politiet grunnlag
for å gjennomføre meir målretta kontrollar enn i dag, altså heve
kvaliteten på deler av arbeidet.
Ei registreringsordning i utlendingsforvaltninga vil krevje utvikling
av ein datamodul i utlendingsdatabasen. Dette er vurdert til å koste
om lag 1 mill. kroner.
Lovforslaget gir heimel for å pålegge arbeidssøkjarar ei meldeplikt
når dei oppheld seg i landet over tre månader. Meldeplikta vil gi
betre kunnskap om arbeidsinnvandringa til Noreg. Det er nødvendig
å regulere dei praktiske detaljane om meldeplikta i forskrift og
også greie ut korleis ho bør utformast for å kunne ta omsyn til
statistikkbehova. Ei nærmare utrekning av dei administrative og
økonomiske konsekvensane vil bli gjort i samband med utarbeiding
av forskrifta.
Utover dei administrative forenklingane direktivet inneber vil
gjennomføringa av det kunne føre til at fleire vel å komme til og
bli i Noreg over tid.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet
og Venstre, tar Regjeringens orientering til etterretning.