4. Økonomiske og administrative konsekvenser

4.1 Sammendrag

Departementet viser til at gjennomføringa av direktivet i norsk rett vil ha nokre, men ikkje store økonomiske og administrative konsekvensar, særleg for utlendingsforvaltninga. Dei viktigaste endringane gjeld opphevinga av ordninga med opphaldsløyve og innføringa av ei enklare og mindre tidkrevjande registreringsordning. Innføring av ei ordning med opphaldskort for familiemedlemmer til EØS-borgarar når dei kjem frå tredjeland, inneber også ei forenkling.

Gjennomføringa av direktivet inneber ein utvida rett til utdanningsstøtte til EØS-borgarar med varig opphaldsrett. Det er usikkert kor mange som vil vere omfatta av utvidinga og kor mange som vil nytte ho. Det er derfor usikkert kor store kostnader endringane vil føre med seg.

Det er eit krav om at direktivet skal setjast i verk raskt. Politiet vil derfor på kort sikt få oppgåvene med registreringar, i tillegg til å skrive ut opphaldskort. Dette vil vere mindre tidkrevjande oppgåver enn i dag, men det er vanskeleg å seie i kva for grad det vil føre til innsparingar. Meir tid vil snarare gi politiet grunnlag for å gjennomføre meir målretta kontrollar enn i dag, altså heve kvaliteten på deler av arbeidet.

Ei registreringsordning i utlendingsforvaltninga vil krevje utvikling av ein datamodul i utlendingsdatabasen. Dette er vurdert til å koste om lag 1 mill. kroner.

Lovforslaget gir heimel for å pålegge arbeidssøkjarar ei meldeplikt når dei oppheld seg i landet over tre månader. Meldeplikta vil gi betre kunnskap om arbeidsinnvandringa til Noreg. Det er nødvendig å regulere dei praktiske detaljane om meldeplikta i forskrift og også greie ut korleis ho bør utformast for å kunne ta omsyn til statistikkbehova. Ei nærmare utrekning av dei administrative og økonomiske konsekvensane vil bli gjort i samband med utarbeiding av forskrifta.

Utover dei administrative forenklingane direktivet inneber vil gjennomføringa av det kunne føre til at fleire vel å komme til og bli i Noreg over tid.

4.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, tar Regjeringens orientering til etterretning.