5.1 Samandrag

Det blir understreka at sjølv om helsetenesta har ei viktig pådrivarrolle i det sjukdomsførebyggjande arbeidet, har ikkje helsetenesta åleine ansvaret for helsepolitikken i vidare meining. Dette er eit samfunnsansvar som krev samarbeid mellom mange ulike offentlege instansar, privat og friviljug sektor, i tillegg til innsats frå kvar einskild. Til grunn for det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet i 1990-åra har departementet lagt ei slik utvida forståing av kva som påverkar helsetilstanden. Det er satsa på førebyggjande tiltak som har reduksjon i sjukdom, skadar og tidleg død som mål. Det er også satsa på meir helsefremjande tiltak retta inn mot å styrkje kvar einskild sine ressursar for å meistre dei utfordringane og påkjenningane som livet gjev.

Regjeringa ser det som viktig å få ein brei gjennomgang av utviklinga gjennom 1990-åra som grunnlag for planlegginga av innsatsen i tida framover, og vil difor leggje fram ei eiga stortingsmelding om folkehelsearbeidet våren 2001.

Det blir uttala at lovgjevinga på dette området ligg i forkant av gjeldande praksis, og at det er eit stort behov for å arbeide meir for å sikre at krava i lovgjevinga blir følgt opp. Departementet vil styrkje arbeidet med helsefaglege konsekvensutgreiingar og uttaler at slike utgreiingar bør vere ein naturleg del av det samla konsekvensutgreiingsarbeidet som er pålagt gjennom plan- og bygningsloven eller anna lovgjeving. Departementet er kjent med at mange kommunar har nytta tilsvarande tilnærmingar i det arbeidet som er gjennomført med utvikling av risiko- og sårbarheitsanalysar i beredskapsplanlegginga.

I ein omtale av alkoholbruk og folkehelse blir det understreka at det er skadane av alkoholbruk mellom dei som ikkje er avhengige i vanleg forstand som samla gjev dei største lastene for helsetenesta. Departementet meiner at dei mest effektive offentlege tiltaka for å avgrense alkoholrelaterte skadar er å gripe inn med marknadsregulerande verkemiddel for pris og tilgang, og at haldningsskapande tiltak er langt mindre effektive. Departementet meiner at sambandet mellom alkoholbruk og folkehelsearbeid er eit godt døme på eit område der systematisk bruk av helsefaglege konsekvensvurderingar kan vere eit tenleg verkemiddel i folkehelsearbeidet.

Det blir vist til at utvalet som skulle gje ei utgreiing om styrking av folkehelsearbeidet i kommunane, la fram hovudinnstillinga si i 1998 (NOU 1998:18). Dokumentet var på høyring våren 1999, og ein omfattande dokumentasjon er komen inn i høyringsrunden. Det blir uttala at høyringa syner at innstillinga gjev eit solid grunnlag for styrking av folkehelsearbeidet i framtida. Det blir vist til at NOU 1998:18 gjev ein grundig argumentasjon for at kommunane også i framtida bør vere den forvaltningsmessige hovudarenaen for folkehelsearbeidet.

Departementet har sett i gang ein grenseoppgang med sikte på betre samordning av dei sentrale statsinstitusjonane som driv med helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid. Målet er mellom anna å nytte kompetanse og ressursar til dei sentrale førebyggingsinstitusjonane mest mogeleg effektivt, og å vidareutvikle kompetansemiljøa.

For å auke kunnskapsnivået og sikre meir rasjonelle vedtaksprosessar og effektiv ressursbruk blir det peika på følgjande satsingsområde:

  • – Forsking i Noreg som kan gje ny kunnskap om verknadene av ulike førebyggjande metodar under norske forhold.

  • – Systematisk og kontinuerleg oppsummering av den kunnskapen som er tilgjengeleg internasjonalt, for å sikre at denne kan bli brukt også i Noreg.

  • – Strammare utforming av og meir systematisk evaluering av handlings- og tiltaksplanane i helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande arbeid.

  • – Kunnskap om folkehelsa og utviklinga i den må nå ut til publikum.

Departementet vil vidareføre arbeidet med kultur og helse.

5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen har merket seg Regjeringens redegjørelse for sentrale forhold vedrørende folkehelsearbeidet og slutter seg i hovedsak til disse vurderingene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre, mener det er viktig å få en bred gjennomgang av utviklingen i samfunnet de siste 10 år som grunnlag for planlegging av den videre innsatsen og er tilfreds med at Regjeringen vil legge fram en handlingsplan om folkehelsearbeidet.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg at Regjeringen istedenfor en stortingsmelding om folkehelsearbeidet bare vil legge fram en nasjonal handlingsplan for folkehelsearbeidet. Disse medlemmer mener det bør framlegges en stortingsmelding om dette.

Komiteen er bekymret for den nedprioritering av de kommunale helsestasjonene en har registrert de seneste år. Nedbygging av de kommunale helsestasjonene/helserådene har gitt som resultat at skolehelsetjenesten i mange kommuner er svært utilfredsstillende. Dette er særlig uheldig fordi jevnlig helsekontroll skal bidra til å hindre at barn og unge pådrar seg ulike fysiske og psykiske lidelser.