Det blir understreka at sjølv om helsetenesta
har ei viktig pådrivarrolle i det sjukdomsførebyggjande arbeidet,
har ikkje helsetenesta åleine ansvaret for helsepolitikken
i vidare meining. Dette er eit samfunnsansvar som krev samarbeid
mellom mange ulike offentlege instansar, privat og friviljug sektor,
i tillegg til innsats frå kvar einskild. Til grunn for
det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet i
1990-åra har departementet lagt ei slik utvida forståing
av kva som påverkar helsetilstanden. Det er satsa på førebyggjande
tiltak som har reduksjon i sjukdom, skadar og tidleg død
som mål. Det er også satsa på meir helsefremjande
tiltak retta inn mot å styrkje kvar einskild sine ressursar
for å meistre dei utfordringane og påkjenningane
som livet gjev.
Regjeringa ser det som viktig å få ein
brei gjennomgang av utviklinga gjennom 1990-åra som grunnlag
for planlegginga av innsatsen i tida framover, og vil difor leggje
fram ei eiga stortingsmelding om folkehelsearbeidet våren
2001.
Det blir uttala at lovgjevinga på dette
området ligg i forkant av gjeldande praksis, og at det
er eit stort behov for å arbeide meir for å sikre
at krava i lovgjevinga blir følgt opp. Departementet vil
styrkje arbeidet med helsefaglege konsekvensutgreiingar og uttaler
at slike utgreiingar bør vere ein naturleg del av det samla
konsekvensutgreiingsarbeidet som er pålagt gjennom plan-
og bygningsloven eller anna lovgjeving. Departementet er kjent med
at mange kommunar har nytta tilsvarande tilnærmingar i
det arbeidet som er gjennomført med utvikling av risiko-
og sårbarheitsanalysar i beredskapsplanlegginga.
I ein omtale av alkoholbruk og folkehelse blir
det understreka at det er skadane av alkoholbruk mellom dei som
ikkje er avhengige i vanleg forstand som samla gjev dei største
lastene for helsetenesta. Departementet meiner at dei mest effektive
offentlege tiltaka for å avgrense alkoholrelaterte skadar
er å gripe inn med marknadsregulerande verkemiddel for
pris og tilgang, og at haldningsskapande tiltak er langt mindre
effektive. Departementet meiner at sambandet mellom alkoholbruk
og folkehelsearbeid er eit godt døme på eit område
der systematisk bruk av helsefaglege konsekvensvurderingar kan vere
eit tenleg verkemiddel i folkehelsearbeidet.
Det blir vist til at utvalet som skulle gje
ei utgreiing om styrking av folkehelsearbeidet i kommunane, la fram
hovudinnstillinga si i 1998 (NOU 1998:18). Dokumentet var på høyring
våren 1999, og ein omfattande dokumentasjon er komen inn
i høyringsrunden. Det blir uttala at høyringa
syner at innstillinga gjev eit solid grunnlag for styrking av folkehelsearbeidet
i framtida. Det blir vist til at NOU 1998:18 gjev ein grundig argumentasjon
for at kommunane også i framtida bør vere den
forvaltningsmessige hovudarenaen for folkehelsearbeidet.
Departementet har sett i gang ein grenseoppgang med
sikte på betre samordning av dei sentrale statsinstitusjonane
som driv med helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid.
Målet er mellom anna å nytte kompetanse og ressursar
til dei sentrale førebyggingsinstitusjonane mest mogeleg
effektivt, og å vidareutvikle kompetansemiljøa.
For å auke kunnskapsnivået
og sikre meir rasjonelle vedtaksprosessar og effektiv ressursbruk
blir det peika på følgjande satsingsområde:
– Forsking
i Noreg som kan gje ny kunnskap om verknadene av ulike førebyggjande
metodar under norske forhold.
– Systematisk og kontinuerleg
oppsummering av den kunnskapen som er tilgjengeleg internasjonalt, for å sikre
at denne kan bli brukt også i Noreg.
– Strammare utforming av og meir
systematisk evaluering av handlings- og tiltaksplanane i helsefremjande,
førebyggjande og rehabiliterande arbeid.
– Kunnskap om folkehelsa og utviklinga
i den må nå ut til publikum.
Departementet vil vidareføre arbeidet
med kultur og helse.
Komiteen har merket
seg Regjeringens redegjørelse for sentrale forhold vedrørende
folkehelsearbeidet og slutter seg i hovedsak til disse vurderingene.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre,
mener det er viktig å få en bred gjennomgang av
utviklingen i samfunnet de siste 10 år som grunnlag for
planlegging av den videre innsatsen og er tilfreds med at Regjeringen
vil legge fram en handlingsplan om folkehelsearbeidet.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg
at Regjeringen istedenfor en stortingsmelding om folkehelsearbeidet
bare vil legge fram en nasjonal handlingsplan for folkehelsearbeidet. Disse
medlemmer mener det bør framlegges en stortingsmelding
om dette.
Komiteen er bekymret
for den nedprioritering av de kommunale helsestasjonene en har registrert
de seneste år. Nedbygging av de kommunale helsestasjonene/helserådene
har gitt som resultat at skolehelsetjenesten i mange kommuner er
svært utilfredsstillende. Dette er særlig uheldig
fordi jevnlig helsekontroll skal bidra til å hindre at
barn og unge pådrar seg ulike fysiske og psykiske lidelser.