8.1 Sammendrag

Endringar i pensjonsskattereglane blei vedteke 10. desember 2010 med verknad frå 1. januar 2011. I ettertid er departementet blitt merksam på at det er naudsynt med einskilde endringar på dette området. Ein foreslår derfor å flytte reglane om det nye pensjonsskattefrådraget frå skatteloven § 16-60, kor dei står saman med reglar om underskotsfrådrag, til ei meir sentral plassering i § 16-1. Vidare bør ein endre tredje ledd i paragrafen om nedtrapping av pensjonsskattefrådraget, slik at uførepensjon eller behovsprøvde ytingar ikkje inngår i samla pensjonsinntekt ved berekning av skattefrådraget når skattytar går over til alderspensjon i løpet av inntektsåret. Også skatteloven § 17-1 om skatteavgrensing ved låg alminnelig inntekt foreslår departementet å endre, slik at regelen omfattar dei som får uførepensjon frå andre enn folketrygda, og slik at dei som mottar arbeidsavklaringspengar i tillegg til uførepensjon frå folketrygda, ikkje kan få skatteavgrensing. Endeleg bør ein endre skatteloven § 6-81 om særfrådrag for uføre, slik at skattytar ikkje kan få slikt frådrag etter fylte 67 år.

Reglene om skattefradrag for pensjonsinntekt

Reglane om skattefrådraget for pensjonsinntekt er tatt inn i skatteloven § 16-60. Her står dei under deloverskrifta «Fradrag i skatt for underskudd for inntektsårene 2008 og 2009» saman med fire andre paragrafar som handlar om skattefrådrag for underskot for inntektsåra 2008 og 2009.

Reglane om skattefrådrag for underskot for inntektsåra 2008 og 2009 er stort sett ikkje lenger aktuelle. Med unntak av § 16-63 tredje ledd, som gjelder til og med inntektsåret 2012, er alle reglane her avgrensa til å gjelde for inntektsåra 2008 og 2009. Når disse reglane likevel førebels ikkje er oppheva, vil det vere betre å plassere reglane om skattefrådrag for pensjonsinntekt ein annan og meir sentral stad i skattelova. Departementet foreslår derfor at innhaldet i § 16-60 flyttast til skatteloven § 16-1, under ei eiga deloverskrift. Ein viser til forslag til ny § 16-1 med eiga deloverskrift i skatteloven. Vidare foreslår departementet at det tidlegare innhaldet i § 16-60 blir tatt inn i lova igjen, av omsyn til samanhengen i regelverket. Ein viser til forslaget til endring i § 16-60 i skatteloven.

Nedtrapping av pensjonsskattefradraget

Skattefrådraget for pensjonsinntekt blir trappa ned når samla pensjonsinntekt for skattyter overstig visse beløpsgrenser, som blir fastsett av Stortinget. Som samla pensjonsinntekt etter denne regelen reknar ein pensjonsinntekt etter skatteloven § 12-2 bokstav b samt pensjonsinntekt frå utlandet som ikkje er skattepliktig hit.

Uførepensjon og behovsprøvde ytingar, som etterlatnepensjon, pensjon til tidlegare familiepleiar med vidare, er omfatta av omgrepet pensjonsinntekt etter skatteloven § 12-2 bokstav b. Mottakarar av disse ytingane er ikkje omfatta av regelen om skattefrådrag for pensjonsinntekt, men kan framleis ha rett til skatteavgrensing etter skatteloven § 17-1.

Skattytar som i løpet av eit inntektsår går frå uførepensjon eller behovsprøvd pensjon og over på alderspensjon, får skatten fastsett etter skatteavgrensingsregelen eller etter regelen om skattefrådrag for pensjonsinntekt, avhengig av kva som gjev den lågaste skatten. Dersom skatten blir fastsett etter regelen om skattefrådrag for pensjonsinntekt, blir frådraget redusert forholdsmessig etter kor stor del av året skattytar har vore alderspensjonist.

Det har ikkje vore meininga at også ytingar som er motteke i perioden før skattytar blei alderspensjonist, skal kunne bidra til å trappe ned frådraget. Departementet foreslår derfor å endre regelen om nedtrapping av skattefrådraget på grunn av storleiken på pensjonsinntekta, slik at uførepensjon og behovsprøvd pensjon ikkje skal inngå i samla pensjonsinntekt når skattytar går frå slike ytingar og over til alderspensjon i løpet av inntektsåret. Ein viser til tredje ledd sjette punktum i forslaget til ny § 16-1 i skatteloven.

Skattebegrensning ved lav alminnelig inntekt

Fram til 2011 var retten til skatteavgrensing etter skatteloven § 17-1 for dei uføretrygda knytt til retten til særfrådrag etter skatteloven § 6-81 andre ledd. Dei som hadde rett til særfrådrag etter denne regelen, var skattytarar som «mottar foreløpig uførepensjon etter folketrygdloven § 12-16 eller uførepensjon fordi ervervsevnen er satt ned med minst 2/3 «unntatt de» som samtidig mottar arbeidsavklaringspenger fra folketrygden».

Ved endring av pensjonsskattereglane blei vilkåra for skatteavgrensing for uføretrygda tatt inn i § 17-1 første ledd bokstav a, som nå lyder:

«mottar foreløpig uførepensjon eller uførepensjon fra folketrygden fordi ervervsevnen er satt ned med minst 2/3,»

Også mottakarar av uførepensjon frå andre pensjonsordningar enn folketrygda har hatt rett til skatteavgrensing. Derimot har skattytar som i tillegg til uførepensjon mottar arbeidsavklaringspengar frå folketrygda, ikkje hatt rett til skatteavgrensing. Dette går ikkje fram av ordlyden i dag. Ved endringane i reglane om skatt på pensjon har det ikkje vore meininga å endre vilkåra for dei uføres rett til skatteavgrensing. Departementet foreslår derfor å endre regelen om skatteavgrensing for uføretrygda, for å vidareføre dei tidlegare vilkåra. Ein viser til forslag til endring av bokstav a i skatteloven § 17-1 første ledd.

Særfradrag for uføre

Fram til og med 2010 fekk ein ufør skattytar fullt særfrådrag frå og med den månaden da vedkomande mottok uførepensjon fordi ervervsevna var satt ned med minst to tredeler, med mindre vedkomande samstundes mottok arbeidsavklaringspengar frå folketrygda. Dette særfrådraget blei erstatta av særfrådrag for alder frå og med den månaden vedkomande fylte 70 år, eller når vedkomande etter fylte 67 år tok ut alderspensjon. Desse særfrådraga var like store.

Ved endring i pensjonsskattereglane oppheva ein reglane om særfrådrag for alder. Særfrådraget for uføre blei derimot vidareført og samstundes auka frå 1 614 kroner til 2 667 kroner per påbegynt månad. Meininga har vore at dei uføre skal ha dette særfrådraget til dei fyller 67 år og får alderspensjon i staden for uførepensjon (frå månaden etter fylte 67 år).

Departementet er blitt kjent med at Statens Pensjonskasse utbetaler uførepensjon inntil ei nærare angitt aldersgrense, som regel 70 år. Denne samordnast med alderspensjon frå folketrygda frå 67 år. Pensjonen som utbetalast etter fylte 67 år kan såleis vere ein kombinasjon av uføre- og alderspensjon.

Det er derfor naudsynt med ei øvre aldersgrense for å kunne få særfrådraget for uføre. Utan ei slik grense vil skattytarar kunne få særfrådrag på grunnlag av uførepensjonen samstundes med at dei får skattefrådrag på grunnlag av alderspensjonen. Dette har ikkje vore meininga. Departementet foreslår derfor at uføre skattytarar skal få særfrådrag berre til og med den månaden skattytar fyller 67 år. Ein viser til forslag til endringar i skatteloven § 6-81.

Økonomiske og administrative konsekvenser og ikrafttredelse

Departementet legg til grunn at disse endringane ikkje vil ha monalege økonomiske eller administrative verknader.

Ein foreslår at disse justeringane i pensjonsskattereglane trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2011.

8.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har merket seg at endringene i pensjonsskattereglene som ble vedtatt i fjor høst både var for dårlig utredet og allerede har medført behov for en egen sak til Stortinget, Prop. 59 S (2010–2011). Disse medlemmer ba da om at departementet måtte følge nøye med på utviklingen for pensjonister med lav pensjon og høye renteutgifter. Disse medlemmer har derfor merket seg at Skattebetalerforeningen under høringen påpekte at overgangsordningen har skapt store forskjeller mellom pensjonister med lik inntekt og like øvrige forutsetninger avhengig av om de ble skattlagt under skattebegrensningsregelen for 2010 eller ikke, og er forundret over at regjeringen ikke omtaler dette. Skattebetalerforeningen viste til at en pensjonist med 250 000 kroner i inntekt og 40 000 kroner i rentefradrag og som ikke var beskattet under skattebegrensningsregelen i 2010 vil få en skatteøkning på 60 pst. – fra 16 000 kroner til 26 000 kroner – fra 2010 til 2011, mens samme pensjonist om han/hun har vært beskattet under skattebegrensningsregelen for 2010, vil betale 18 000 kroner i skatt dvs. 8 000 kroner mindre. Disse medlemmer finner slike forskjeller uakseptable. Disse medlemmer ser dette som et bevis på at alle sider ved omlegging av pensjonistbeskatningen ikke var godt nok belyst. Disse medlemmer forutsetter at det ikke skal skrives ut nye skattekort eller foretas andre initiativ fra skatteetatens side, det må være opp til hver enkelt skattyter å ta initiativ til nytt skattekort.

Disse medlemmer viser til kapittel 4 i Innst. 420 S (2010–2011) der disse medlemmer foreslår likebehandling av alle pensjonister vedrørende overgangsreglene, også de som er blitt pensjonister i 2011.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet var imot regjeringens endring i skattleggingen av pensjonister som innebar en skatteskjerpelse for mange.