7.1 Samandrag

Kapittel 7 i meldinga drøftar kva roller staten, fylkeskommunane og kommunane har innanfor byggsektoren.

7.1.1 Mål

  • Det offentlege skal ha framtidsretta og kostnadseffektive bygg.

  • Det offentlege skal vere ein pådrivar i utviklinga av byggjenæringa.

  • Auka offentleg bruk av IKT skal effektivisere byggsektoren.

7.1.2 Innleiing – det offentlege som klok og krevjande kunde

Bygg er ein viktig føresetnad for den offentlege tenesteproduksjonen.

Det offentlege har ein stor bygningsmasse og byggjer, forvaltar og leiger bygningar og lokale for store summar årleg. Totalt investerer det offentlege om lag 32 mrd. kroner årleg i nybygg og rehabilitering, og dei årlege offentlege utgiftene til forvaltning, drift og vedlikehald kjem opp i omlag 25 mrd. kroner. Kommunar og fylkeskommunar står for to tredelar av dette.

Det vert i meldinga vist til at store offentlege budsjettmidlar årleg blir bundne opp i utgifter knytte til bygging, drift og vedlikehald. Dersom offentlege etatar kan redusere kostnadene til bygging, drift, forvaltning og leige av bygg samtidig som dei held oppe eller aukar kvaliteten på bygget, kan dei frigjere midlar til andre føremål. Derfor er det viktig med gode verkemiddel som støttar opp om ei slik utvikling.

Positive endringar i offentleg sektor er viktige i seg sjølv. Det offentlege har i tillegg stor innverknad på utviklinga av byggjenæringa elles som den største samla byggherre- og eigedomsforvaltargruppa i landet.

Ved å stille høge krav kan offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar fungere som ein katalysator for kvalitativt betre og meir kostnadseffektive bygg i Noreg. Det offentlege kan også medverke til innovasjon hjå leverandørane.

Sjølv om investeringar og drift av eit offentleg bygg bind opp store midlar, utgjer dette likevel berre ein liten del av alle offentlege utgifter som er knytte til til dømes sjukehus, sjukeheimar og skular. Det er derfor ei stor utfordring å finne dei beste bygningsmessige løysingane for den offentlege tenesteytinga som skal skje i bygget.

Regjeringa ynskjer å medverke til at næringa saman med relevante styresmakter kan identifisere gode tiltak for auka kompetanse og nyskapingsevne i næringa.

Frå planleggingsfasen til nøkkelferdig bygg har prosjektleiarar i det offentlege ansvar for ein lang serie med anskaffingar. Gode anskaffingar og tilhøyrande kontraktsoppfølging bør ha stor merksemd i offentlege byggjeprosjekt og i offentleg eigedomsforvaltning. Det politiske målet med anskaffingane er at det offentlege skal få mest og best mogleg bygg for pengane.

Offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar er gjennomgåande profesjonelle og arbeider kontinuerleg med å forbetre tenestene sine. Utan særskilde tiltak kan det derfor ventast ei gradvis forbetring innanfor offentleg byggforvaltning, og særleg innanfor miljøområdet. Men det er store variasjonar i kompetanse og prestasjonar mellom offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar.

Det vert i meldinga vist til at hovudutfordringane for offentlege bygg og offentleg byggverksemd kan oppsummerast slik:

  • Korleis kan det sikrast betre funksjonalitet, oppnåing av kvalitets- og miljømål og betre kvalitetar i offentlege bygg, utan at utgiftene til offentleg byggsektor naudsynleg aukar?

  • Korleis kan det offentlege som store kundar bruke den viktige posisjonen sin i marknaden til å etterspørje meir innovasjon, betre kvalitet og høgare produktivitet i byggjenæringa, endringar som vil kome både staten og samfunnet elles til gode?

7.1.3 Styrkt kompetanse hjå offentlege innkjøparar av byggtenester

Det vert i meldinga vist til at offentlege anskaffingar innan bygg og eigedom er omfattande og komplekse, forpliktar store offentlege budsjett og krev stor grad av profesjonalitet og høg kompetanse i anskaffingsfaget. Ein viktig føresetnad for gode anskaffingar er derfor styrkt kompetanse hjå offentlege innkjøparar av byggtenester.

Prestasjonane til offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar varierer mykje, og det finst i lita grad system for læring og erfaringsutveksling mellom offentlege etatar. Det skjer også ei mangelfull overføring av kunnskap frå eitt byggjeprosjekt til eit anna, og frå forvaltninga av eitt bygg til eit anna.

Regjeringa har gjennom Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) lansert nettstaden Anskaffelser.no med eit eige område for offentlege anskaffingar knytte til bygg, anlegg og eigedom. Denne nettstaden er meint å vere eit forum for erfaringsutveksling og læring mellom offentlege innkjøparar, særleg retta mot mindre kommunar.

For å få meir kvalitet igjen for pengane når det offentlege byggjer og forvaltar, er det viktig at alle offentlege bestillarar har tilgang til den nyaste kunnskapen om beste praksis. Regjeringa vil derfor styrkje innkjøpskompetansen til offentlege aktørar innanfor byggsektoren, mellom anna gjennom å innhente dokumentasjon frå beste praksis i inn- og utland.

Utarbeiding av rettleiingar, kriteriesett for miljø og ei elektronisk, oppdatert dømesamling av «beste praksis» vil også vere ein del av erfaringsbasert læring.

Offentlege innkjøp av byggtenester skjer desentralisert i den einskilde etaten og i den einskilde kommunen. Staten har organisert byggherrefunksjonen og eigedomsforvaltninga i nokre få profesjonelle kompetansemiljø (Statsbygg, Forsvarsbygg og Helsebygg). Statsbygg har frå 2010 styrkt innsatsen som bygg- og eigedomsfagleg rådgjevar for andre statlege verksemder.

Dei fleste kommunar er for små til sjølve å ha ein slik samla kompetanse og har derfor eit større behov for kompetanseutvikling og hjelp. Kommunale byggherrar treng rettleiing og hjelp til bygganskaffingar, og då særleg i ein tidleg planleggingsfase. Regjeringa vil utvikle ei rettleiingsteneste for kommunale anskaffingar innan bygg, anlegg og eigedomsforvaltning som vil vere eit viktig supplement til nettstaden Anskaffelser.no.

Sosialt ansvar handlar om at grunnleggjande menneskerettar blir respekterte i produksjon og handel av varer, og at riktige omsyn blir tekne overfor arbeidstakarane. Bygg- og anleggssektoren er ein risikosektor når det gjeld sosial dumping og dårlege arbeidsforhold. Det er svært sannsynleg at også offentleg sektor er forbrukar av materiale som er produsert ved bruk av barnearbeid og/eller tvangsarbeid, eller med uregulerte tilsetjingsforhold som ofte er prega av dårleg arbeidsmiljø, lange arbeidsdagar og brot på minstelønsavtalar.

Gjennom anskaffingar innan bygg- og eigedomsforvaltning kan offentlege oppdragsgjevarar bruke innkjøpsmakta si for å sikre sosialt ansvar i leverandørkjeda og på norske byggjeplassar. Difi har utarbeidd eit verktøy for risikokartlegging og standard kontraktkrav som sikrar det sosiale ansvaret for etisk riktig handel i det offentlege.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vidareutvikle nettstaden Anskaffelser.no og utvikle ei rettleiingsteneste for kommunale innkjøparar av bygg- og anleggstenester.

  • Regjeringa vil utvikle rettleiingsmateriell og ei samling av beste praksis for offentlege byggje- og eigedomsverksemder.

7.1.4 Levetidsplanlegging

I lov om offentlege anskaffingar heiter det at «statlige, kommunale og fylkeskommunale myndigheter og offentligrettslige organer skal under planleggingen av den enkelte anskaffelse ta hensyn til livssykluskostnader, universell utforming og miljømessige konsekvenser av anskaffelsen.»

Det går fram av meldinga at dei store statlege byggherrane i lang tid har nytta levetidsplanlegging som ledd i å finne byggløysingar som gjev lågast moglege totalkostnader over tid. Levetidskostnadar er allereie ein del av grunnlaget for avgjerder om store statlege investeringar i bygg. Levetidsplanlegging er likevel ikkje innarbeidd i alle delar av offentleg byggjeverksemd, og er heller ikkje alltid i sentrum hjå dei som prosjekterar bygg.

Investeringskostnadene til offentlege bygg utgjer mellom 50 og 65 pst. av dei samla kostnadene for bygget i heile levetida. Andre kostnader er knytte til forvaltning, drift og vedlikehald. I tillegg kjem kostnader til rehabilitering og ombyggingar. Kostnader som kjem etter at bygget er ferdig, utgjer altså ein stor del av totalkostnadene til eit bygg. Det vert i meldinga peikt på at ein bør leggje vekt på desse kostnadene når ein skal gjere val om og korleis eit bygg skal utformast og byggjast.

Ei for einsidig merksemd mot investeringskostnader vil ikkje stimulere til å finne dei beste løysingane for bruks- og driftsfasen, til dømes når det gjeld framtidig ombyggingsbehov, energibruk, varigheit på byggjemateriala og vedlikehaldsbehov.

Hovudpoenget med å rekne ut levetidskostnader og vurdere miljøbelastningar av bygg er å bruke denne kunnskapen når vi skal velje mellom alternativ. Dette gjeld både når vi skal velje om bygget skal byggjast (eventuelt rehabiliterast/ombyggjast) eller ikkje, og når vi skal velje mellom ulike løysingsalternativ.

Meir merksemd rundt levetidsplanlegging og miljøkonsekvensar av bygg reiser også spørsmål omkring samarbeidsformer og kontraktformer mellom den offentlege bestillaren og private rådgjevarar og entreprenørar. Med større merksemd omkring levetidskostnader og miljøkonsekvensar er det naturleg at dei prosjekterande og entreprenørane i større grad også kan bli gjorde ansvarlege for kvalitetane ved bygget i ein lengre periode etter at det er ferdigstilt.

Både stat og kommune bør fortsette å prøve ut kontraktformer der dei private konkurrerer om leveransar som inkluderer både det ferdige bygget og kostnader til energibruk, drift og vedlikehald ut over vanleg garantitid. Det går fram av meldinga at regjeringa ynskjer at statlege byggherrar framleis prøver ut løysingar som gjer alle aktørar ansvarlege for det ferdige bygget i eit levetidsperspektiv.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil greie ut moglegheitene for og konsekvensane av eventuell auka bruk av levetidsanalysar i statlege byggjeprosjekt.

7.1.5 God forvaltning av bygningsareal er god ressursforvaltning

Det vert i meldinga vist til at Noreg er eit land med få innbyggjarar og god plass, og at vi har hatt liten tradisjon for å avgrense bruken av arealressursar. Resultata viser seg i eit busetjingsmønster som er prega av einebustader med stor spreiing og det høgaste bustadarealet per innbyggjar i Europa. God plass er rekna som eit gode i seg sjølv. Men både økonomi og miljø tilseier at det offentlege bør prioritere høgare dei ressursmessige sidene rundt bruk av areal og lokale.

Arealbehovet endrar seg i takt med organisasjonsendringar hjå dei som brukar bygga. Bygg varar mykje lenger enn levetida til ein organisasjon. Offentlege bygg må derfor kunne tilpassast endra verksemder, og enklast mogleg kunne huse nye verksemder. Det bør alltid vere eit mål å unngå å bruke meir bygningsareal enn naudsynt.

Kvar einskild statleg og kommunal eigedomsforvaltar har oversikt over eigen bygningsmasse. Det finst i dag derimot ingen samla statistikk over korleis det offentlege brukar bygningsarealet.

Innføring av husleigesystemet for delar av den statlege bygningsmassen har rett nok vore med på å gjere statlege leigetakarar medvetne om at bygningsareal har ein kostnad.

Statsbygg tilbyr rådgjeving til resten av statleg sivil sektor når dei skal leige bygg på den private marknaden. Som grunnlag for ei slik statleg rådgjeving vil Statsbygg innanfor sin budsjettramme etablere ein database over leigeforhold, der informasjon om arealkostnader, arealeffektivitet, universell utforming og energibruk kan inngå.

I 2012 vil regjeringa setje i verk eit miljørapporteringssystem for statlege verksemder (MiljøRapp). Siktemålet er mellom anna å kunne måle utviklinga innanfor statleg bygningsmasse og grader av måloppnåing. Gjennom dette rapporteringssystemet i Altinn vil det einskilde fagdepartementet og staten som heilskap få oversikt over arealbruk i etatane fordelt på type bygg, talet på tilsette, energibruk, energikjelde og anna. Dette vil igjen gje eit grunnlag for å styrkje kunnskapen om utforming av bygg slik at den offentlege tenesteproduksjonen kan bli betre, og slik at offentleg sektor kan utnytte den eksisterande bygningsmassen betre. Gjennom StatRes (statistikk for Statleg Ressursbruk og Resultat) samlar SSB inn byggrelatert statistikk knytt til energibruk og avfall.

Den kommunale og fylkeskommunale eigedomsmassen er dobbelt så stor som den statlege bygningsmassen. Det er store variasjonar mellom kommunane når det gjeld storleiken på eigedomsmassen og kompetansen og ressursane til å drive god eigedomsforvaltning. God eigedomsforvaltning i kommunane handlar om å gje tilsette og brukarar av kommunale tenester gode og funksjonelle bygg til lågast mogleg kostnad.

Det vert i meldinga vist til at innføring av Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA), erfaringane frå Kompetanseprogrammet for betre eigedomsforvaltning (KoBE) og eit femårig forskningsprosjekt ved NTNU har medverka til å auke merksemda og kunnskapen om bygg- og eigedomsspørsmål i kommunane. Det er naturleg at kommunestyra med jamne mellomrom har ein samla gjennomgang av sin eigen bygningsmasse sett i lys av endringar i befolkninga og framtidige behov.

Tilgangen til pålitelege og samanliknbare nøkkeltal er viktig for å kunne vurdere effektivitet og ytingar i kommunal eigedomsforvaltning. Innhenting av data bør skje ut frå etablerte rutinar for registrering av kostnader i eksisterande system. KOSTRA er eit godt verktøy til slik nøkkeltalsgenerering og vil hjelpe kommunane til å registrere eigedomskostnadene sine likt. Utviklinga av matrikkelen og KOSTRA må sjåast i samanheng.

Erfaringane viser likevel at det krevst opplæring i riktig registrering for at tala skal kunne brukast til intern styring og i benchmarking-prosessar

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vidareutvikle MiljøRapp og StatRes for å måle utviklinga av statleg bruk av bygningsareal, energibruk og andre miljøforhold.

  • Regjeringa vil at Statsbygg etablerer ein database over statleg leige (sivil sektor) av lokale i den private marknaden.

  • Regjeringa vil utvikle KOSTRA og bruken av systemet vidare, slik at kommunane og fylkeskommunane kan få betre styring med bygningsmassen.

7.1.6 Staten går føre

Innovasjon i statlege byggjeprosjekt

Det vert i meldinga peikt på at staten som stor innkjøpar har høve til å medverke aktivt til å utvikle leverandørane sine.

Store statlege byggherrar og eigedomsforvaltarar, som Forsvarsbygg, Statsbygg og Helseføretaka, har ei viktig rolle i å etterspørje nye løysingar. Dei store statlege byggherrane og eigedomsforvaltarane tek allereie ansvar for innovasjon og utvikling i byggjenæringa.

Forsking stadfestar at det er viktig å ha krevjande offentlege kundar som ynskjer nyskaping og innovasjon i byggjenæringa.

Mangel på innovasjon er ein veikskap i byggsektoren. For prosjektbaserte næringar med mange aktørar er dette eit strukturelt problem, sidan det er lite som motiverer til å fremje nye løysingar i det einskilde prosjektet. Byggjeprosjekt varar i kort tid, og gevinsten av innovasjonar tilfell sjeldan dei som set i gang og finansierer innovasjonen.

Samtidig viser produktivitets- og kvalitetsutviklinga i næringa eit stort behov for innovasjon, jf. kapittel 2.4 i meldinga. Skal næringa snu den svake trenden, trengst det samla sett ei mykje større satsing på innovasjon. Dette må involvere alle aktørar i næringa. Dialog med leverandørane i forkant av konkurranseutlysingar er viktig for innovasjon.

Regjeringa vil arbeide for at statlege verksemder prioriterer innovasjon og tidleg dialog med marknaden i innkjøpsstrategiane sine. Det kan mellom anna skje gjennom framleis bruk av offentlege forskings- og utviklingskontraktar (OFU-kontraktar). Slike kontraktar inneber eit forpliktande og målretta samarbeid mellom næringslivet og det offentlege og kan få statleg støtte frå Innovasjon Noreg.

Det går fram av meldinga at regjeringa ynskjer å vere ein pådrivar i innovasjonsutviklinga i byggjenæringa og vil greie ut ordningar som kan medverke til meir innovasjon i statlege byggjeprosjekt. Slike ordningar vil inngå i statens bidrag i Bygg21. I alle statlege byggjeprosjekt blir private rådgjevarar og entreprenørar engasjerte, og nyskaping i statlege prosjekt vil dermed også innebere nyskaping for dei leverandørane som er inne i prosjekta.

Innovasjonsarbeid bør knytast til konkrete byggjeprosjekt, slik at gevinstane tilfell bygget og aktørane i prosjektet. I tillegg kan seinare byggjeprosjekt få nytte av dei same resultata. Dette vil sikre motivasjon hjå prosjektdeltakarane og fremje innovasjon og søking etter nye løysingar i prosjektarbeidet.

Ei ordning for nyskaping må samordnast med eksisterande statlege ordningar for nyskaping retta mot byggsektoren. Eventuelle nyskapingsmidlar bør handsamast av Noregs forskingsråd eller Innovasjon Noreg.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil greie ut ordningar for meir nyskaping i statleg byggjeverksemd.

Digitalisere for å effektivisere byggje- og eigedomsforvaltningsprosessar

Det vert i meldinga vist til at fornying av offentleg sektor i stor grad handlar om å ta i bruk nye digitale verktøy for å forbetre, forenkle og effektivisere offentlege tenester. Det skjer for tida store endringar i korleis byggjeprosessar blir gjennomførte, og korleis bygg blir forvalta og utvikla.

Byggsektoren har fram til no i for lita grad teke i bruk og hausta gevinstar av moderne informasjonsteknologi, og dette har verka negativt inn på produktiviteten i næringa. Mange aktørar har nytta digitale verktøy til einskildoperasjonar (teikningar, utrekningar, illustrasjonar osb.), men å bruke digitale verktøy slik at samhandlinga i byggjeprosjekt blir betre, har ikkje stått sentralt. Dei store produktivitetsgevinstane kjem ikkje før dei mange aktørane og einskildverktøya i byggsektoren kan kommunisere og samhandle digitalt på ein enkel måte.

IKT er eit verktøy – og gode verktøy er bra. Men full utnytting av gode verktøy føreset ofte også ny organisering av produksjonen. Regjeringas næringspolitikk vil støtte opp om desse strukturendringane.

Nye verktøy krev nye måtar å arbeide på. Nye digitale verktøy føreset ei mykje tettare samhandling mellom faga, mellom aktørane i verdikjeda og mellom fasane i levetida til eit bygg. Kontraktar frå statlege byggherrar og eigedomsforvaltarar må ta omsyn til dette og føreset einskapleg informasjonsutveksling og forbetra arbeidsprosessar.

Statlege byggherrar har på eige initiativ gått føre og sett krav til bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i byggjeprosjekta sine. Gjennom å setje slike krav har dei vore viktige pådrivarar for ny bruk av teknologi hjå arkitektar, rådgjevande ingeniørar og entreprenørar.

Regjeringa stiller seg bak dei aktørar i næringa som arbeider for ein felles, open, internasjonal struktur for digital samhandling i byggsektoren. Ein slik struktur byggjer mellom anna på dei prinsippa regjeringa har sett opp for IKT i offentlege system. Ein felles overordna struktur vil sikre effektiv utveksling og gjenbruk av informasjon i alle delar av byggjeprosessen. Dette må omfatte heile verdikjeda. Informasjon som blir innhenta i samband med eit planlagt byggjetiltak, skal så enkelt som mogleg kunne utvekslast og brukast vidare av andre fagområde utan at det går ut over kvaliteten.

Regjeringa ynskjer å fremje digitaliseringa av statlege byggjeprosjekt og at desse erfaringane blir overførte til byggsektoren elles. Derfor vil regjeringa gje dei store statlege byggherrane og eigedomsforvaltarane i oppdrag å utforme ein strategi for auka bruk av digitale verktøy slik at staten får mest og best mogleg bygg for pengane. Ein vedtatt strategi kan følgjast opp av konkrete tilvisingar om kva staten bør krevje i byggjeprosjekta sine. Døme på område som ein slik strategi bør omfatte er lista opp i meldinga.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil medverke til auka bruk av digitale verktøy i byggjeprosessar og eigedomsforvaltning.

  • Regjeringa vil sørgje for at statlege bygg- og eigedomsaktørar samarbeider om å vere aktive pådrivarar i utviklinga av ei felles IKT-plattform og i IKT-standardisering som er viktig for byggjenæringa.

Krav om kvalitet i leveransar til statlege byggjeprosjekt

Det vert i meldinga vist til at regjeringa ynskjer å medverke til å auke produktiviteten i byggjenæringa og kvaliteten på det som blir bygd.

Regjeringa vil derfor greie ut opplegg som systematisk måler og evaluerer entreprenørar, rådgjevarar og arkitektar som skal levere tenester til statlege byggherrar. Avsnitta nedanfor gjev nokre tilvisingar for kva ei slik utgreiing bør innehalde. Eit konkret mandat for utgreiinga vil bli gjeve før oppstart.

Evalueringa bør byggje på eit system som samlar inn sentrale nøkkeltal frå byggjeprosjekt som leverandørar har gjennomført. Nøkkeltala vil vise korleis aktørane har prestert i konkrete prosjekt.

Over tid vil eit evalueringssystem medverke til kulturendringar i byggsektoren. Viktige føresetnader for kontinuerlege forbetringar er måling av prestasjonar, benchmarking mellom aktørar i marknaden og læring av beste praksis. For at eit evalueringssystem skal ha legitimitet, må det utviklast i samarbeid med byggjenæringa og partane i arbeidslivet. På lengre sikt kan det vurderast om eit slikt evalueringssystem kan bli utvida til å gjelde dei statlege byggherrane sjølve og eventuelt også kommunale byggjeoppgåver.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil greie ut eit opplegg for systematisk måling og evaluering av leverandørar til statlege byggjeprosjekt.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Kompetansetiltak som er retta mot offentleg byggje- og eigedomsverksemd har moderate kostnader. Særleg for kommunane er det venta at nytteeffektane vil vere store; dei får betre og meir kostnadseffektive bygg.

Rapporteringssystem: Vidareutvikling av MiljøRapp, StatRes, KOSTRA og ein database over statlege leigeforhold kan skje innanfor gjeldande budsjettrammer. For å unngå unødige administrative kostnader, må innsamling av data vere målretta, standardisert og byggje mykje på gjenbruk av eksisterande data.

Utgreiingar av bruk av levetidsanalysar, innovasjonsordningar, auka bruk av digitale verktøy og opplegg for måling og evaluering av leverandørar kan gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer.

7.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, er samde i at statlege byggherrar, gjennom å stilla medvetne krav til leverandørane sine, skal medverke til ei positiv utvikling i byggenæringa.

Vidare viser fleirtalet til måla om at det offentlege skal ha framtidsretta og kostnadseffektive bygg, at det offentlege skal være ein pådrivar i utviklinga av byggenæringa og at auka offentleg bruk av IKT skal effektivisere byggsektoren.

Fleirtalet peikar vidare på at det i offentlege byggeprosjekt må leggjast til rette for overføring av kunnskap og erfaringar frå prosjekt til prosjekt. Det vil vera viktig i arbeidet mot byggjefeil, auka byggekostnader og synkande produktivitet at kompetanse frå eit byggeprosjekt i offentleg regi kan overførast til neste.

Fleirtalet påpeikar at manglande innovasjon er ein veikskap i byggesektoren. Forsking stadfestar at det er viktig å ha krevjande offentlege kundar som ynskjer innovasjon og nyskaping i byggenæringa. Fleirtalet meiner staten må ha ei sentral rolle her når dei byggjer, og fleirtalet ser fram til at regjeringa utviklar ein nasjonal FoU- og innovasjonsstrategi for byggesektoren og ber regjeringa vurdera etableringa av eit permanent senter for FoU og innovasjon i bygg- og anleggsnæringa.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Høgre er positive til at det offentlege er pådrivar og førebilete så lenge dette kan forsvarast ut frå ei kost-nytte-vurdering. Desse medlemene meiner likevel at sentrale myndigheiter skal være varsame med å pålegge andre offentlege instansar å byggje på ein spesiell måte.