Kapittel 7 i meldinga drøftar kva roller staten, fylkeskommunane
og kommunane har innanfor byggsektoren.
Det offentlege skal
ha framtidsretta og kostnadseffektive bygg.
Det offentlege skal vere ein pådrivar i
utviklinga av byggjenæringa.
Auka offentleg bruk av IKT skal effektivisere byggsektoren.
Bygg er ein viktig føresetnad for den offentlege tenesteproduksjonen.
Det offentlege har ein stor bygningsmasse og byggjer,
forvaltar og leiger bygningar og lokale for store summar årleg.
Totalt investerer det offentlege om lag 32 mrd. kroner årleg i nybygg
og rehabilitering, og dei årlege offentlege utgiftene til forvaltning, drift
og vedlikehald kjem opp i omlag 25 mrd. kroner. Kommunar og fylkeskommunar
står for to tredelar av dette.
Det vert i meldinga vist til at store offentlege budsjettmidlar
årleg blir bundne opp i utgifter knytte til bygging, drift og vedlikehald.
Dersom offentlege etatar kan redusere kostnadene til bygging, drift,
forvaltning og leige av bygg samtidig som dei held oppe eller aukar
kvaliteten på bygget, kan dei frigjere midlar til andre føremål.
Derfor er det viktig med gode verkemiddel som støttar opp om ei
slik utvikling.
Positive endringar i offentleg sektor er viktige
i seg sjølv. Det offentlege har i tillegg stor innverknad på utviklinga
av byggjenæringa elles som den største samla byggherre- og eigedomsforvaltargruppa
i landet.
Ved å stille høge krav kan offentlege byggherrar og
eigedomsforvaltarar fungere som ein katalysator for kvalitativt
betre og meir kostnadseffektive bygg i Noreg. Det offentlege kan
også medverke til innovasjon hjå leverandørane.
Sjølv om investeringar og drift av eit offentleg bygg
bind opp store midlar, utgjer dette likevel berre ein liten del
av alle offentlege utgifter som er knytte til til dømes sjukehus,
sjukeheimar og skular. Det er derfor ei stor utfordring å finne
dei beste bygningsmessige løysingane for den offentlege tenesteytinga som
skal skje i bygget.
Regjeringa ynskjer å medverke til at næringa
saman med relevante styresmakter kan identifisere gode tiltak for
auka kompetanse og nyskapingsevne i næringa.
Frå planleggingsfasen til nøkkelferdig bygg
har prosjektleiarar i det offentlege ansvar for ein lang serie med
anskaffingar. Gode anskaffingar og tilhøyrande kontraktsoppfølging
bør ha stor merksemd i offentlege byggjeprosjekt og i offentleg
eigedomsforvaltning. Det politiske målet med anskaffingane er at
det offentlege skal få mest og best mogleg bygg for pengane.
Offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar
er gjennomgåande profesjonelle og arbeider kontinuerleg med å forbetre
tenestene sine. Utan særskilde tiltak kan det derfor ventast ei
gradvis forbetring innanfor offentleg byggforvaltning, og særleg
innanfor miljøområdet. Men det er store variasjonar i kompetanse
og prestasjonar mellom offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar.
Det vert i meldinga vist til at hovudutfordringane for
offentlege bygg og offentleg byggverksemd kan oppsummerast slik:
Korleis kan det sikrast
betre funksjonalitet, oppnåing av kvalitets- og miljømål og betre
kvalitetar i offentlege bygg, utan at utgiftene til offentleg byggsektor
naudsynleg aukar?
Korleis kan det offentlege som store kundar
bruke den viktige posisjonen sin i marknaden til å etterspørje meir
innovasjon, betre kvalitet og høgare produktivitet i byggjenæringa,
endringar som vil kome både staten og samfunnet elles til gode?
Det vert i meldinga vist til at offentlege anskaffingar
innan bygg og eigedom er omfattande og komplekse, forpliktar store
offentlege budsjett og krev stor grad av profesjonalitet og høg
kompetanse i anskaffingsfaget. Ein viktig føresetnad for gode anskaffingar
er derfor styrkt kompetanse hjå offentlege innkjøparar av byggtenester.
Prestasjonane til offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar
varierer mykje, og det finst i lita grad system for læring og erfaringsutveksling
mellom offentlege etatar. Det skjer også ei mangelfull overføring
av kunnskap frå eitt byggjeprosjekt til eit anna, og frå forvaltninga
av eitt bygg til eit anna.
Regjeringa har gjennom Direktoratet for forvaltning
og IKT (Difi) lansert nettstaden Anskaffelser.no med eit eige område
for offentlege anskaffingar knytte til bygg, anlegg og eigedom.
Denne nettstaden er meint å vere eit forum for erfaringsutveksling
og læring mellom offentlege innkjøparar, særleg retta mot mindre
kommunar.
For å få meir kvalitet igjen for pengane når
det offentlege byggjer og forvaltar, er det viktig at alle offentlege
bestillarar har tilgang til den nyaste kunnskapen om beste praksis.
Regjeringa vil derfor styrkje innkjøpskompetansen til offentlege
aktørar innanfor byggsektoren, mellom anna gjennom å innhente dokumentasjon
frå beste praksis i inn- og utland.
Utarbeiding av rettleiingar, kriteriesett for
miljø og ei elektronisk, oppdatert dømesamling av «beste praksis»
vil også vere ein del av erfaringsbasert læring.
Offentlege innkjøp av byggtenester skjer desentralisert
i den einskilde etaten og i den einskilde kommunen. Staten har organisert
byggherrefunksjonen og eigedomsforvaltninga i nokre få profesjonelle kompetansemiljø
(Statsbygg, Forsvarsbygg og Helsebygg). Statsbygg har frå 2010 styrkt
innsatsen som bygg- og eigedomsfagleg rådgjevar for andre statlege
verksemder.
Dei fleste kommunar er for små til sjølve å
ha ein slik samla kompetanse og har derfor eit større behov for
kompetanseutvikling og hjelp. Kommunale byggherrar treng rettleiing
og hjelp til bygganskaffingar, og då særleg i ein tidleg planleggingsfase.
Regjeringa vil utvikle ei rettleiingsteneste for kommunale anskaffingar
innan bygg, anlegg og eigedomsforvaltning som vil vere eit viktig
supplement til nettstaden Anskaffelser.no.
Sosialt ansvar handlar om at grunnleggjande menneskerettar
blir respekterte i produksjon og handel av varer, og at riktige
omsyn blir tekne overfor arbeidstakarane. Bygg- og anleggssektoren
er ein risikosektor når det gjeld sosial dumping og dårlege arbeidsforhold.
Det er svært sannsynleg at også offentleg sektor er forbrukar av
materiale som er produsert ved bruk av barnearbeid og/eller tvangsarbeid,
eller med uregulerte tilsetjingsforhold som ofte er prega av dårleg
arbeidsmiljø, lange arbeidsdagar og brot på minstelønsavtalar.
Gjennom anskaffingar innan bygg- og eigedomsforvaltning
kan offentlege oppdragsgjevarar bruke innkjøpsmakta si for å sikre
sosialt ansvar i leverandørkjeda og på norske byggjeplassar. Difi
har utarbeidd eit verktøy for risikokartlegging og standard kontraktkrav
som sikrar det sosiale ansvaret for etisk riktig handel i det offentlege.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vidareutvikle
nettstaden Anskaffelser.no og utvikle ei rettleiingsteneste for
kommunale innkjøparar av bygg- og anleggstenester.
Regjeringa vil utvikle rettleiingsmateriell
og ei samling av beste praksis for offentlege byggje- og eigedomsverksemder.
I lov om offentlege anskaffingar heiter det
at «statlige, kommunale og fylkeskommunale myndigheter og offentligrettslige
organer skal under planleggingen av den enkelte anskaffelse ta hensyn
til livssykluskostnader, universell utforming og miljømessige konsekvenser
av anskaffelsen.»
Det går fram av meldinga at dei store statlege byggherrane
i lang tid har nytta levetidsplanlegging som ledd i å finne byggløysingar
som gjev lågast moglege totalkostnader over tid. Levetidskostnadar
er allereie ein del av grunnlaget for avgjerder om store statlege
investeringar i bygg. Levetidsplanlegging er likevel ikkje innarbeidd
i alle delar av offentleg byggjeverksemd, og er heller ikkje alltid
i sentrum hjå dei som prosjekterar bygg.
Investeringskostnadene til offentlege bygg utgjer mellom
50 og 65 pst. av dei samla kostnadene for bygget i heile levetida.
Andre kostnader er knytte til forvaltning, drift og vedlikehald.
I tillegg kjem kostnader til rehabilitering og ombyggingar. Kostnader som
kjem etter at bygget er ferdig, utgjer altså ein stor del av totalkostnadene
til eit bygg. Det vert i meldinga peikt på at ein bør leggje vekt
på desse kostnadene når ein skal gjere val om og korleis eit bygg
skal utformast og byggjast.
Ei for einsidig merksemd mot investeringskostnader
vil ikkje stimulere til å finne dei beste løysingane for bruks-
og driftsfasen, til dømes når det gjeld framtidig ombyggingsbehov,
energibruk, varigheit på byggjemateriala og vedlikehaldsbehov.
Hovudpoenget med å rekne ut levetidskostnader og
vurdere miljøbelastningar av bygg er å bruke denne kunnskapen når
vi skal velje mellom alternativ. Dette gjeld både når vi skal velje
om bygget skal byggjast (eventuelt rehabiliterast/ombyggjast) eller ikkje,
og når vi skal velje mellom ulike løysingsalternativ.
Meir merksemd rundt levetidsplanlegging og miljøkonsekvensar
av bygg reiser også spørsmål omkring samarbeidsformer og kontraktformer
mellom den offentlege bestillaren og private rådgjevarar og entreprenørar.
Med større merksemd omkring levetidskostnader og miljøkonsekvensar
er det naturleg at dei prosjekterande og entreprenørane i større
grad også kan bli gjorde ansvarlege for kvalitetane ved bygget i
ein lengre periode etter at det er ferdigstilt.
Både stat og kommune bør fortsette å prøve ut kontraktformer
der dei private konkurrerer om leveransar som inkluderer både det
ferdige bygget og kostnader til energibruk, drift og vedlikehald
ut over vanleg garantitid. Det går fram av meldinga at regjeringa
ynskjer at statlege byggherrar framleis prøver ut løysingar som
gjer alle aktørar ansvarlege for det ferdige bygget i eit levetidsperspektiv.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at Noreg er eit
land med få innbyggjarar og god plass, og at vi har hatt liten tradisjon
for å avgrense bruken av arealressursar. Resultata viser seg i eit
busetjingsmønster som er prega av einebustader med stor spreiing
og det høgaste bustadarealet per innbyggjar i Europa. God plass
er rekna som eit gode i seg sjølv. Men både økonomi og miljø tilseier
at det offentlege bør prioritere høgare dei ressursmessige sidene
rundt bruk av areal og lokale.
Arealbehovet endrar seg i takt med organisasjonsendringar
hjå dei som brukar bygga. Bygg varar mykje lenger enn levetida til
ein organisasjon. Offentlege bygg må derfor kunne tilpassast endra
verksemder, og enklast mogleg kunne huse nye verksemder. Det bør
alltid vere eit mål å unngå å bruke meir bygningsareal enn naudsynt.
Kvar einskild statleg og kommunal eigedomsforvaltar
har oversikt over eigen bygningsmasse. Det finst i dag derimot ingen
samla statistikk over korleis det offentlege brukar bygningsarealet.
Innføring av husleigesystemet for delar av den statlege
bygningsmassen har rett nok vore med på å gjere statlege leigetakarar
medvetne om at bygningsareal har ein kostnad.
Statsbygg tilbyr rådgjeving til resten av statleg sivil
sektor når dei skal leige bygg på den private marknaden. Som grunnlag
for ei slik statleg rådgjeving vil Statsbygg innanfor sin budsjettramme
etablere ein database over leigeforhold, der informasjon om arealkostnader,
arealeffektivitet, universell utforming og energibruk kan inngå.
I 2012 vil regjeringa setje i verk eit miljørapporteringssystem
for statlege verksemder (MiljøRapp). Siktemålet er mellom anna å
kunne måle utviklinga innanfor statleg bygningsmasse og grader av måloppnåing.
Gjennom dette rapporteringssystemet i Altinn vil det einskilde fagdepartementet
og staten som heilskap få oversikt over arealbruk i etatane fordelt
på type bygg, talet på tilsette, energibruk, energikjelde og anna.
Dette vil igjen gje eit grunnlag for å styrkje kunnskapen om utforming
av bygg slik at den offentlege tenesteproduksjonen kan bli betre,
og slik at offentleg sektor kan utnytte den eksisterande bygningsmassen
betre. Gjennom StatRes (statistikk for Statleg Ressursbruk og Resultat)
samlar SSB inn byggrelatert statistikk knytt til energibruk og avfall.
Den kommunale og fylkeskommunale eigedomsmassen
er dobbelt så stor som den statlege bygningsmassen. Det er store
variasjonar mellom kommunane når det gjeld storleiken på eigedomsmassen og
kompetansen og ressursane til å drive god eigedomsforvaltning. God
eigedomsforvaltning i kommunane handlar om å gje tilsette og brukarar
av kommunale tenester gode og funksjonelle bygg til lågast mogleg
kostnad.
Det vert i meldinga vist til at innføring av
Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA), erfaringane frå Kompetanseprogrammet
for betre eigedomsforvaltning (KoBE) og eit femårig forskningsprosjekt
ved NTNU har medverka til å auke merksemda og kunnskapen om bygg-
og eigedomsspørsmål i kommunane. Det er naturleg at kommunestyra
med jamne mellomrom har ein samla gjennomgang av sin eigen bygningsmasse
sett i lys av endringar i befolkninga og framtidige behov.
Tilgangen til pålitelege og samanliknbare nøkkeltal
er viktig for å kunne vurdere effektivitet og ytingar i kommunal
eigedomsforvaltning. Innhenting av data bør skje ut frå etablerte
rutinar for registrering av kostnader i eksisterande system. KOSTRA er
eit godt verktøy til slik nøkkeltalsgenerering og vil hjelpe kommunane
til å registrere eigedomskostnadene sine likt. Utviklinga av matrikkelen
og KOSTRA må sjåast i samanheng.
Erfaringane viser likevel at det krevst opplæring i
riktig registrering for at tala skal kunne brukast til intern styring
og i benchmarking-prosessar
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vidareutvikle
MiljøRapp og StatRes for å måle utviklinga av statleg bruk av bygningsareal,
energibruk og andre miljøforhold.
Regjeringa vil at Statsbygg etablerer ein
database over statleg leige (sivil sektor) av lokale i den private
marknaden.
Regjeringa vil utvikle KOSTRA og bruken
av systemet vidare, slik at kommunane og fylkeskommunane kan få
betre styring med bygningsmassen.
Det vert i meldinga peikt på at staten som stor innkjøpar
har høve til å medverke aktivt til å utvikle leverandørane sine.
Store statlege byggherrar og eigedomsforvaltarar,
som Forsvarsbygg, Statsbygg og Helseføretaka, har ei viktig rolle
i å etterspørje nye løysingar. Dei store statlege byggherrane og
eigedomsforvaltarane tek allereie ansvar for innovasjon og utvikling
i byggjenæringa.
Forsking stadfestar at det er viktig å ha krevjande offentlege
kundar som ynskjer nyskaping og innovasjon i byggjenæringa.
Mangel på innovasjon er ein veikskap i byggsektoren.
For prosjektbaserte næringar med mange aktørar er dette eit strukturelt
problem, sidan det er lite som motiverer til å fremje nye løysingar
i det einskilde prosjektet. Byggjeprosjekt varar i kort tid, og
gevinsten av innovasjonar tilfell sjeldan dei som set i gang og
finansierer innovasjonen.
Samtidig viser produktivitets- og kvalitetsutviklinga
i næringa eit stort behov for innovasjon, jf. kapittel 2.4 i meldinga.
Skal næringa snu den svake trenden, trengst det samla sett ei mykje
større satsing på innovasjon. Dette må involvere alle aktørar i
næringa. Dialog med leverandørane i forkant av konkurranseutlysingar
er viktig for innovasjon.
Regjeringa vil arbeide for at statlege verksemder prioriterer
innovasjon og tidleg dialog med marknaden i innkjøpsstrategiane
sine. Det kan mellom anna skje gjennom framleis bruk av offentlege
forskings- og utviklingskontraktar (OFU-kontraktar). Slike kontraktar
inneber eit forpliktande og målretta samarbeid mellom næringslivet
og det offentlege og kan få statleg støtte frå Innovasjon Noreg.
Det går fram av meldinga at regjeringa ynskjer
å vere ein pådrivar i innovasjonsutviklinga i byggjenæringa og vil
greie ut ordningar som kan medverke til meir innovasjon i statlege
byggjeprosjekt. Slike ordningar vil inngå i statens bidrag i Bygg21.
I alle statlege byggjeprosjekt blir private rådgjevarar og entreprenørar
engasjerte, og nyskaping i statlege prosjekt vil dermed også innebere
nyskaping for dei leverandørane som er inne i prosjekta.
Innovasjonsarbeid bør knytast til konkrete byggjeprosjekt,
slik at gevinstane tilfell bygget og aktørane i prosjektet. I tillegg
kan seinare byggjeprosjekt få nytte av dei same resultata. Dette
vil sikre motivasjon hjå prosjektdeltakarane og fremje innovasjon
og søking etter nye løysingar i prosjektarbeidet.
Ei ordning for nyskaping må samordnast med eksisterande
statlege ordningar for nyskaping retta mot byggsektoren. Eventuelle
nyskapingsmidlar bør handsamast av Noregs forskingsråd eller Innovasjon Noreg.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at fornying av
offentleg sektor i stor grad handlar om å ta i bruk nye digitale
verktøy for å forbetre, forenkle og effektivisere offentlege tenester.
Det skjer for tida store endringar i korleis byggjeprosessar blir
gjennomførte, og korleis bygg blir forvalta og utvikla.
Byggsektoren har fram til no i for lita grad
teke i bruk og hausta gevinstar av moderne informasjonsteknologi,
og dette har verka negativt inn på produktiviteten i næringa. Mange
aktørar har nytta digitale verktøy til einskildoperasjonar (teikningar,
utrekningar, illustrasjonar osb.), men å bruke digitale verktøy slik
at samhandlinga i byggjeprosjekt blir betre, har ikkje stått sentralt.
Dei store produktivitetsgevinstane kjem ikkje før dei mange aktørane
og einskildverktøya i byggsektoren kan kommunisere og samhandle
digitalt på ein enkel måte.
IKT er eit verktøy – og gode verktøy er bra.
Men full utnytting av gode verktøy føreset ofte også ny organisering
av produksjonen. Regjeringas næringspolitikk vil støtte opp om desse
strukturendringane.
Nye verktøy krev nye måtar å arbeide på. Nye
digitale verktøy føreset ei mykje tettare samhandling mellom faga,
mellom aktørane i verdikjeda og mellom fasane i levetida til eit
bygg. Kontraktar frå statlege byggherrar og eigedomsforvaltarar
må ta omsyn til dette og føreset einskapleg informasjonsutveksling
og forbetra arbeidsprosessar.
Statlege byggherrar har på eige initiativ gått
føre og sett krav til bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi
i byggjeprosjekta sine. Gjennom å setje slike krav har dei vore
viktige pådrivarar for ny bruk av teknologi hjå arkitektar, rådgjevande
ingeniørar og entreprenørar.
Regjeringa stiller seg bak dei aktørar i næringa som
arbeider for ein felles, open, internasjonal struktur for digital
samhandling i byggsektoren. Ein slik struktur byggjer mellom anna
på dei prinsippa regjeringa har sett opp for IKT i offentlege system.
Ein felles overordna struktur vil sikre effektiv utveksling og gjenbruk
av informasjon i alle delar av byggjeprosessen. Dette må omfatte
heile verdikjeda. Informasjon som blir innhenta i samband med eit
planlagt byggjetiltak, skal så enkelt som mogleg kunne utvekslast
og brukast vidare av andre fagområde utan at det går ut over kvaliteten.
Regjeringa ynskjer å fremje digitaliseringa
av statlege byggjeprosjekt og at desse erfaringane blir overførte
til byggsektoren elles. Derfor vil regjeringa gje dei store statlege
byggherrane og eigedomsforvaltarane i oppdrag å utforme ein strategi
for auka bruk av digitale verktøy slik at staten får mest og best mogleg
bygg for pengane. Ein vedtatt strategi kan følgjast opp av konkrete
tilvisingar om kva staten bør krevje i byggjeprosjekta sine. Døme
på område som ein slik strategi bør omfatte er lista opp i meldinga.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil medverke
til auka bruk av digitale verktøy i byggjeprosessar og eigedomsforvaltning.
Regjeringa vil sørgje for at statlege bygg-
og eigedomsaktørar samarbeider om å vere aktive pådrivarar i utviklinga
av ei felles IKT-plattform og i IKT-standardisering som er viktig
for byggjenæringa.
Det vert i meldinga vist til at regjeringa ynskjer
å medverke til å auke produktiviteten i byggjenæringa og kvaliteten
på det som blir bygd.
Regjeringa vil derfor greie ut opplegg som systematisk
måler og evaluerer entreprenørar, rådgjevarar og arkitektar som
skal levere tenester til statlege byggherrar. Avsnitta nedanfor
gjev nokre tilvisingar for kva ei slik utgreiing bør innehalde.
Eit konkret mandat for utgreiinga vil bli gjeve før oppstart.
Evalueringa bør byggje på eit system som samlar inn
sentrale nøkkeltal frå byggjeprosjekt som leverandørar har gjennomført.
Nøkkeltala vil vise korleis aktørane har prestert i konkrete prosjekt.
Over tid vil eit evalueringssystem medverke
til kulturendringar i byggsektoren. Viktige føresetnader for kontinuerlege
forbetringar er måling av prestasjonar, benchmarking mellom aktørar
i marknaden og læring av beste praksis. For at eit evalueringssystem skal
ha legitimitet, må det utviklast i samarbeid med byggjenæringa og
partane i arbeidslivet. På lengre sikt kan det vurderast om eit
slikt evalueringssystem kan bli utvida til å gjelde dei statlege
byggherrane sjølve og eventuelt også kommunale byggjeoppgåver.
Regjeringa vil:
Kompetansetiltak som er retta mot offentleg
byggje- og eigedomsverksemd har moderate kostnader. Særleg for kommunane
er det venta at nytteeffektane vil vere store; dei får betre og
meir kostnadseffektive bygg.
Rapporteringssystem: Vidareutvikling av MiljøRapp,
StatRes, KOSTRA og ein database over statlege leigeforhold kan skje
innanfor gjeldande budsjettrammer. For å unngå unødige administrative kostnader,
må innsamling av data vere målretta, standardisert og byggje mykje
på gjenbruk av eksisterande data.
Utgreiingar av bruk av levetidsanalysar, innovasjonsordningar,
auka bruk av digitale verktøy og opplegg for måling og evaluering
av leverandørar kan gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti,
er samde i at statlege byggherrar, gjennom å stilla medvetne krav
til leverandørane sine, skal medverke til ei positiv utvikling i
byggenæringa.
Vidare viser fleirtalet til måla
om at det offentlege skal ha framtidsretta og kostnadseffektive bygg,
at det offentlege skal være ein pådrivar i utviklinga av byggenæringa
og at auka offentleg bruk av IKT skal effektivisere byggsektoren.
Fleirtalet peikar vidare på at
det i offentlege byggeprosjekt må leggjast til rette for overføring
av kunnskap og erfaringar frå prosjekt til prosjekt. Det vil vera
viktig i arbeidet mot byggjefeil, auka byggekostnader og synkande
produktivitet at kompetanse frå eit byggeprosjekt i offentleg regi
kan overførast til neste.
Fleirtalet påpeikar at manglande
innovasjon er ein veikskap i byggesektoren. Forsking stadfestar at
det er viktig å ha krevjande offentlege kundar som ynskjer innovasjon
og nyskaping i byggenæringa. Fleirtalet meiner staten
må ha ei sentral rolle her når dei byggjer, og fleirtalet ser
fram til at regjeringa utviklar ein nasjonal FoU- og innovasjonsstrategi
for byggesektoren og ber regjeringa vurdera etableringa av eit permanent
senter for FoU og innovasjon i bygg- og anleggsnæringa.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet
og Høgre er positive til at det offentlege er pådrivar og
førebilete så lenge dette kan forsvarast ut frå ei kost-nytte-vurdering. Desse medlemene meiner
likevel at sentrale myndigheiter skal være varsame med å pålegge
andre offentlege instansar å byggje på ein spesiell måte.