Hovedinnhold i proposisjonen

Samferdselsdepartementet gjer framlegg om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Framlegget skal mellom anna leggje til rette for ei gjennomføring av Europaparlaments- og rådsforordningane (EF) nr.:

  • 1071/2009 om innføring av felles regler med hensyn til vilkårene som må oppfylles for å utøve yrket som transportør på vei og om oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF,

  • 1072/2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for godstransport på veg og

  • 1073/2009 om felles regler for adgang til det internasjonale markedet for transport med turvogn og buss og om endring av forordning (EF) nr. 561/2006 av 15. mars 2006.

Samla vert forordningane omtala som vegpakken.

Generelt vert det i dei nye forordningane stilt noko strengare krav for tilgang til yrket som transportør på veg.

Status for gjennomføring av forordningane

Dei tre forordningane i vegpakken vart vedtekne i EU 25. september 2007 og tredde i kraft i EU i sin heilskap 4. desember 2011. Art. 8 og 9 i forordning 1072/2009 om kabotasje i godstransportsektoren tredde i kraft i EU 14. mai 2010. Art. 29 i forordning 1073/2009 om køyre- og kviletid i persontransportsektoren tredde i kraft i EU 4. juni 2010. Forordningane er enno ikkje tekne inn i EØS-avtalen.

Det er venta at EØS-komiteen vil fatte vedtak om å innlemme forordningane i EØS-avtalen. Vedtaket vil verte gjort med atterhald om Stortinget sitt samtykke. Det vil verte fremma ein eigen samtykkeproposisjon for Stortinget om innlemming av forordningane i EØS-avtalen når EØS-komiteen har fatta vedtak i saka.

Formålet med dei nye reglane er å konsolidere og ytterlegare harmonisere regelverket for tilgang til yrket og marknaden innan vegtransport. Som eit ledd i harmoniseringa er dei nye reglane om tilgang til yrket fastsette i forordning. Tidlegare EU-reglar om yrkestilgang er fastsette i direktiv.

Det vert lagt til rette for betre kontroll med at vilkåra for tilgang til yrket og marknaden er oppfylte, og for betre samarbeid mellom ansvarlege styresmakter i EU-landa. Dette skal bidra til auka seriøsitet i vegtransportnæringa, mellom anna ved at det skal verte vanskelegare for useriøse transportørar å flytte verksemda si frå eitt land til eit anna.

Forordning 1071/2009 – tilgang til yrket som transportør på veg

Forordning nr. 1071/2009 om tilgang til yrket gjeld for alle som har løyve til å drive transport på veg og for alle som søkjer om slikt løyve. For godstransport vil forordninga gjelde for transport med motorvogn – eller motorvogn med tilhengjar – med ei tillaten totalvekt på 3,5 tonn, om ikkje nasjonalstaten har bestemt noko anna. For persontransport gjeld forordninga for transport med motorvogn som er konstruert for transport av fleire enn ni personar medrekna sjåføren. Nasjonalstatane kan òg gjere unnatak for verksemd som har lita kommersiell betyding.

Det er sett opp fire kvalitative krav for å kunne utøve yrket som transportør på veg.

  • For det første følgjer det av forordninga eit krav om at verksemder som utøver yrket som transportør på veg skal drive ei faktisk og varig verksemd i staten der det vert søkt om løyve.

  • For det andre vert det stilt krav til vandel som både transportøren, transportleiaren og ein eventuell annan relevant person må oppfylle.

  • For det tredje må transportøren ha økonomisk evne som svarer til at verksemda har reserver eller garanti frå bank eller forsikringsselskap på minimum 9 000 euro for eitt køyretøy, og minst 5 000 euro for kvart ekstra køyretøy.

  • For det fjerde er det stilt krav til faglege kvalifikasjonar som skal dokumenterast ved eksamen frå godkjent institusjon.

Forordning 1072/2009 – tilgang til marknaden innan godstransport på veg

Forordning nr. 1072/2009 om tilgang til marknaden innan godstransport gjeld for internasjonal godstransport og mellombels kabotasje på veg som vert utført av EU-transportørar innan EU. Kabotasje er nasjonal transport som vert utført i eit land der transportøren ikkje høyrer heime. Nokre former for transport er fritekne frå kravet om fellesskapsløyve etter forordninga; dette gjeld mellom anna transport med motorvogner der største tillatne totalvekt ikkje er høgare enn 3,5 tonn medrekna vekta til tilhengjaren, og eigentransport.

Internasjonal godstransport og mellombels kabotasje skal skje på grunnlag av eit fellesskapsløyve. Fellesskapsløyve er løyve for transport innan EØS.

Forordning 1073/2009 – tilgang til marknaden innan persontransport på veg

Forordning nr. 1073/2009 om tilgang til marknaden innan persontransport på veg gjeld for internasjonal persontransport på veg i og utanfor rute innan EU, med køyretøy over ni seter medrekna førarsetet. Forordninga regulerer tilgangen til tosidig transport, transittransport, tredjelandstransport innan EU og mellombels kabotasje.

Som for godstransport skal persontransport i EU skje på grunnlag av eit fellesskapsløyve som gjeld for ein periode på opp til 10 år.

Behovet for heimel i lov

Vegpakken er langt på veg ei vidareføring av gjeldande EØS-rett om tilgang til yrket og marknaden for vegtransportørar, som er innlemma i norsk rett gjennom yrkestransportlova med tilhøyrande forskrifter.

Samferdselsdepartementet har heimel i yrkestransportlova §§ 10 (4) og 35 til å gjennomføre det meste av innhaldet i dei nye forordningane i forskrift.

På enkelte punkt er det nødvendig å gjere endringar i yrkestransportlova for å leggje til rette for å gjennomføre forordningane i vegpakken. For å leggje til rette for gjennomføring av forordningane i norsk rett må det takast inn heimel for tre nye krav i yrkestransportlova:

  • For det første må yrkestransportlova gje heimel for å krevje at transportørar som søkjer løyve for person- og godstransport på veg etter §§ 4 og 5 i yrkestransportlova skal vere etablerte i Noreg.

  • For det andre må yrkestransportlova gje heimel for å opprette og drifte eit elektronisk register over transportørar på veg.

  • For det tredje må yrkestransportlova gje heimel for løyvestyresmaktene til å erklære personar som har gjort alvorlege brot på regelverket uskikka til å leie transportverksemd i alle EØS-land.

Det vert òg gjort framlegg om at Samferdselsdepartementet får heimel til å gje nærare reglar i forskrift om det elektroniske registeret og om erklæringa om at transportleiarar er uskikka til å leie transportverksemd.

Løyvestyresmaktene og løyveordninga

I samband med arbeidet med gjennomføring av vegpakken i norsk rett har departementet sett nærare på organiseringa av løyvestyresmaktene og løyveordninga. Departementet finn etter ei nærare vurdering at det er fornuftig og nødvendig å gjere framlegg til endringar i ansvaret for utferding og administrasjon av løyve, og i sjølve løyveordninga.

I tillegg til framlegga om lovendringar som skal leggje til rette for gjennomføring av vegpakken i norsk rett, vert det gjort framlegg til lovendringar om å overføre ansvaret for å utferde løyve for nasjonal vegtransport som ikkje er behovsprøvd frå fylkeskommunane til Statens vegvesen, og ansvaret for å utferde løyve for internasjonal transport frå Samferdselsdepartementet til Statens vegvesen.

Framlegget vert gjort for å sikre likehandsaming av løyvesøknader, og for å styrkje personvernet ved bruk av elektroniske register over vegtransportørar.

Det vert og gjort framlegg om å leggje til rette for at fellesskapsløyve òg skal gjelde som løyve for nasjonal transport som ikkje er behovsprøvd. Som følgje av framlegget om samanslåing av løyvetypane vert det òg gjort framlegg om å avgrense tida eit ikkje-behovsprøvd løyve skal vere gyldig, til 10 år. I tillegg vert det gjort framlegg om heimel til å fastsetje i forskrift ei avgrensing i tid for dei løyva som er gjevne før denne lova tek til å gjelde.

I proposisjonen er det teke inn retting av ei upresis formulering i yrkestransportlova § 9 (1) og av ein inkurie i yrkestransportlova § 10 (1). Rettingane er utan materiell verknad og har ikkje samanheng med dei andre framlegga i proposisjonen.

Høyring

Samferdselsdepartementet sende 30. november 2012 saka ut på høyring.

Merknadene frå høyringsinstansane er refererte i omtalen til dei einskilde lovframlegga i proposisjonen, jf. pkt. 6 Krav om etablering i landet der løyve vert utferda, pkt. 7 Elektroniske register over transportørar på veg, pkt. 8 Erklæring om at transportleiar er uskikka til å drive transportverksemd, pkt. 9 Løyveordninga og tida eit løyve gjeld og pkt. 10 Organiseringa av løyvestyresmaktene.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Kravet om at løyvehavar må vere etablert i Noreg er ikkje venta å få store verknader i praksis.

Oppretting og drift av det nasjonale elektroniske registeret over vegtransportørar krev investeringar frå ansvarleg styresmakt. Departementet legg opp til at eventuelle auka kostnader ved drift av registeret vil måtte dekkjast gjennom aukingar i handsamingsgebyret. For næringa kan kostnader ved drift av registeret gje seg utslag i ei auke i gebyret for utferding av løyve, jf. prinsippet om kostnadsdekning ved fastsetting av gebyr.

Innføring av ein heimel for å erklære transportleiarar som uskikka til å leie transportverksemd er ikkje venta å ha nokon stor verknad for offentlege styresmakter.

For offentlege styresmakter inneber samanslåinga av nasjonale løyve og fellesskapsløyve ei rasjonalisering, ettersom det berre vil vere nødvendig å utferde eitt løyvedokument i staden for to. For transportørar som driv både nasjonal og internasjonal transport vil ei slik ordning vere rimelegare fordi dei berre treng å betale eitt gebyr for utferding av løyve.

For offentlege styresmakter inneber omlegginga av organiseringa av løyvestyresmaktene at oppgåver vert flytta frå fylkeskommunane til Statens vegvesen. Det er grunnlag for å tru at ei samordning av administrasjonen av løyve totalt sett vil føre til mindre ressursbruk enn i dag.

Utferding og administrasjon av løyve vert i all hovudsak finansiert gjennom gebyr frå dei som søkjer om løyve.

Det er departementet si vurdering at verknadene av omorganiseringa av løyvestyresmaktene ikkje vil få merkbare konsekvensar for næringa og private aktørar.