Samferdselsdepartementet gjer framlegg om endringar
i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).
Framlegget skal mellom anna leggje til rette
for ei gjennomføring av Europaparlaments- og rådsforordningane (EF)
nr.:
1071/2009 om innføring
av felles regler med hensyn til vilkårene som må oppfylles for å utøve
yrket som transportør på vei og om oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF,
1072/2009 om felles reglar for tilgang
til den internasjonale marknaden for godstransport på veg og
1073/2009 om felles regler for adgang til
det internasjonale markedet for transport med turvogn og buss og
om endring av forordning (EF) nr. 561/2006 av 15. mars 2006.
Samla vert forordningane omtala som vegpakken.
Generelt vert det i dei nye forordningane stilt noko
strengare krav for tilgang til yrket som transportør på veg.
Dei tre forordningane i vegpakken vart vedtekne i
EU 25. september 2007 og tredde i kraft i EU i sin heilskap 4. desember
2011. Art. 8 og 9 i forordning 1072/2009 om kabotasje i godstransportsektoren
tredde i kraft i EU 14. mai 2010. Art. 29 i forordning 1073/2009
om køyre- og kviletid i persontransportsektoren tredde i kraft i EU
4. juni 2010. Forordningane er enno ikkje tekne inn i EØS-avtalen.
Det er venta at EØS-komiteen vil fatte vedtak om
å innlemme forordningane i EØS-avtalen. Vedtaket vil verte gjort
med atterhald om Stortinget sitt samtykke. Det vil verte fremma
ein eigen samtykkeproposisjon for Stortinget om innlemming av forordningane
i EØS-avtalen når EØS-komiteen har fatta vedtak i saka.
Formålet med dei nye reglane er å konsolidere og
ytterlegare harmonisere regelverket for tilgang til yrket og marknaden
innan vegtransport. Som eit ledd i harmoniseringa er dei nye reglane
om tilgang til yrket fastsette i forordning. Tidlegare EU-reglar
om yrkestilgang er fastsette i direktiv.
Det vert lagt til rette for betre kontroll med
at vilkåra for tilgang til yrket og marknaden er oppfylte, og for
betre samarbeid mellom ansvarlege styresmakter i EU-landa. Dette
skal bidra til auka seriøsitet i vegtransportnæringa, mellom anna
ved at det skal verte vanskelegare for useriøse transportørar å
flytte verksemda si frå eitt land til eit anna.
Forordning nr. 1071/2009 om tilgang til yrket gjeld
for alle som har løyve til å drive transport på veg og for alle
som søkjer om slikt løyve. For godstransport vil forordninga gjelde
for transport med motorvogn – eller motorvogn med tilhengjar – med
ei tillaten totalvekt på 3,5 tonn, om ikkje nasjonalstaten har bestemt
noko anna. For persontransport gjeld forordninga for transport med
motorvogn som er konstruert for transport av fleire enn ni personar
medrekna sjåføren. Nasjonalstatane kan òg gjere unnatak for verksemd
som har lita kommersiell betyding.
Det er sett opp fire kvalitative krav for å
kunne utøve yrket som transportør på veg.
For det første følgjer
det av forordninga eit krav om at verksemder som utøver yrket som
transportør på veg skal drive ei faktisk og varig verksemd i staten
der det vert søkt om løyve.
For det andre vert det stilt krav til vandel
som både transportøren, transportleiaren og ein eventuell annan
relevant person må oppfylle.
For det tredje må transportøren ha økonomisk evne
som svarer til at verksemda har reserver eller garanti frå bank
eller forsikringsselskap på minimum 9 000 euro for eitt køyretøy,
og minst 5 000 euro for kvart ekstra køyretøy.
For det fjerde er det stilt krav til faglege
kvalifikasjonar som skal dokumenterast ved eksamen frå godkjent
institusjon.
Forordning nr. 1072/2009 om tilgang til marknaden
innan godstransport gjeld for internasjonal godstransport og mellombels
kabotasje på veg som vert utført av EU-transportørar innan EU. Kabotasje
er nasjonal transport som vert utført i eit land der transportøren
ikkje høyrer heime. Nokre former for transport er fritekne frå kravet
om fellesskapsløyve etter forordninga; dette gjeld mellom anna transport
med motorvogner der største tillatne totalvekt ikkje er høgare enn
3,5 tonn medrekna vekta til tilhengjaren, og eigentransport.
Internasjonal godstransport og mellombels kabotasje
skal skje på grunnlag av eit fellesskapsløyve. Fellesskapsløyve
er løyve for transport innan EØS.
Forordning nr. 1073/2009 om tilgang til marknaden
innan persontransport på veg gjeld for internasjonal persontransport
på veg i og utanfor rute innan EU, med køyretøy over ni seter medrekna
førarsetet. Forordninga regulerer tilgangen til tosidig transport,
transittransport, tredjelandstransport innan EU og mellombels kabotasje.
Som for godstransport skal persontransport i
EU skje på grunnlag av eit fellesskapsløyve som gjeld for ein periode
på opp til 10 år.
Vegpakken er langt på veg ei vidareføring av gjeldande
EØS-rett om tilgang til yrket og marknaden for vegtransportørar,
som er innlemma i norsk rett gjennom yrkestransportlova med tilhøyrande
forskrifter.
Samferdselsdepartementet har heimel i yrkestransportlova
§§ 10 (4) og 35 til å gjennomføre det meste av innhaldet i dei nye
forordningane i forskrift.
På enkelte punkt er det nødvendig å gjere endringar
i yrkestransportlova for å leggje til rette for å gjennomføre forordningane
i vegpakken. For å leggje til rette for gjennomføring av forordningane
i norsk rett må det takast inn heimel for tre nye krav i yrkestransportlova:
For det første må
yrkestransportlova gje heimel for å krevje at transportørar som
søkjer løyve for person- og godstransport på veg etter §§ 4 og 5
i yrkestransportlova skal vere etablerte i Noreg.
For det andre må yrkestransportlova gje
heimel for å opprette og drifte eit elektronisk register over transportørar
på veg.
For det tredje må yrkestransportlova gje
heimel for løyvestyresmaktene til å erklære personar som har gjort
alvorlege brot på regelverket uskikka til å leie transportverksemd
i alle EØS-land.
Det vert òg gjort framlegg om at Samferdselsdepartementet
får heimel til å gje nærare reglar i forskrift om det elektroniske
registeret og om erklæringa om at transportleiarar er uskikka til
å leie transportverksemd.
I samband med arbeidet med gjennomføring av vegpakken
i norsk rett har departementet sett nærare på organiseringa av løyvestyresmaktene og
løyveordninga. Departementet finn etter ei nærare vurdering at det
er fornuftig og nødvendig å gjere framlegg til endringar i ansvaret
for utferding og administrasjon av løyve, og i sjølve løyveordninga.
I tillegg til framlegga om lovendringar som
skal leggje til rette for gjennomføring av vegpakken i norsk rett,
vert det gjort framlegg til lovendringar om å overføre ansvaret
for å utferde løyve for nasjonal vegtransport som ikkje er behovsprøvd frå
fylkeskommunane til Statens vegvesen, og ansvaret for å utferde
løyve for internasjonal transport frå Samferdselsdepartementet til
Statens vegvesen.
Framlegget vert gjort for å sikre likehandsaming av
løyvesøknader, og for å styrkje personvernet ved bruk av elektroniske
register over vegtransportørar.
Det vert og gjort framlegg om å leggje til rette for
at fellesskapsløyve òg skal gjelde som løyve for nasjonal transport
som ikkje er behovsprøvd. Som følgje av framlegget om samanslåing
av løyvetypane vert det òg gjort framlegg om å avgrense tida eit
ikkje-behovsprøvd løyve skal vere gyldig, til 10 år. I tillegg vert
det gjort framlegg om heimel til å fastsetje i forskrift ei avgrensing i
tid for dei løyva som er gjevne før denne lova tek til å gjelde.
I proposisjonen er det teke inn retting av ei
upresis formulering i yrkestransportlova § 9 (1) og av ein inkurie
i yrkestransportlova § 10 (1). Rettingane er utan materiell verknad
og har ikkje samanheng med dei andre framlegga i proposisjonen.
Samferdselsdepartementet sende 30. november 2012
saka ut på høyring.
Merknadene frå høyringsinstansane er refererte
i omtalen til dei einskilde lovframlegga i proposisjonen, jf. pkt.
6 Krav om etablering i landet der løyve vert utferda, pkt. 7 Elektroniske
register over transportørar på veg, pkt. 8 Erklæring om at transportleiar
er uskikka til å drive transportverksemd, pkt. 9 Løyveordninga og
tida eit løyve gjeld og pkt. 10 Organiseringa av løyvestyresmaktene.
Kravet om at løyvehavar må vere etablert i Noreg
er ikkje venta å få store verknader i praksis.
Oppretting og drift av det nasjonale elektroniske registeret
over vegtransportørar krev investeringar frå ansvarleg styresmakt.
Departementet legg opp til at eventuelle auka kostnader ved drift
av registeret vil måtte dekkjast gjennom aukingar i handsamingsgebyret.
For næringa kan kostnader ved drift av registeret gje seg utslag
i ei auke i gebyret for utferding av løyve, jf. prinsippet om kostnadsdekning
ved fastsetting av gebyr.
Innføring av ein heimel for å erklære transportleiarar
som uskikka til å leie transportverksemd er ikkje venta å ha nokon
stor verknad for offentlege styresmakter.
For offentlege styresmakter inneber samanslåinga
av nasjonale løyve og fellesskapsløyve ei rasjonalisering, ettersom
det berre vil vere nødvendig å utferde eitt løyvedokument i staden for
to. For transportørar som driv både nasjonal og internasjonal transport
vil ei slik ordning vere rimelegare fordi dei berre treng å betale
eitt gebyr for utferding av løyve.
For offentlege styresmakter inneber omlegginga av
organiseringa av løyvestyresmaktene at oppgåver vert flytta frå
fylkeskommunane til Statens vegvesen. Det er grunnlag for å tru
at ei samordning av administrasjonen av løyve totalt sett vil føre
til mindre ressursbruk enn i dag.
Utferding og administrasjon av løyve vert i
all hovudsak finansiert gjennom gebyr frå dei som søkjer om løyve.
Det er departementet si vurdering at verknadene av
omorganiseringa av løyvestyresmaktene ikkje vil få merkbare konsekvensar
for næringa og private aktørar.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Anne Marit Bjørnflaten, Bård Langsåsvold, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli,
Magne Rommetveit og Tone Merete Sønsterud, fra Fremskrittspartiet,
Jan-Henrik Fredriksen, Ingebjørg Godskesen, Bård Hoksrud og Arne
Sortevik, fra Høyre, Trond Helleland, Lars Myraune og Ingjerd Schou,
fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, fra Senterpartiet,
Janne Sjelmo Nordås, og fra Kristelig Folkeparti, lederen Knut Arild
Hareide, deler departementets oppfatninger om endringer
i yrkestransportlova, som i korte trekk innebærer følgende:
1. Transportører som
søker løyve for person og godstransport på veg etter §§ 4 og 5 i
yrkestransportlova skal være etablert i Norge.
2. Det gis hjemmel til å etablere et elektronisk register
over transportører på vei samt å drifte dette.
3. Det gis hjemmel for løyvestyresmaktene
til å erklære personer som har gjort ulovlige brudd på regelverket,
uskikket til å lede transportvirksomhet i alle EØS-land.
Komiteen har merket seg at det
har vært noe diskusjon om plassering av løyveansvaret av nasjonal
veitransport som ikke er behovsprøvd, men deler departementets syn
om at dette bør flyttes fra fylkeskommunene til Statens vegvesen.
Komiteen slutter seg til departementets
forslag til endringer i yrkestransportlova.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er
enig i at fellesskapsløyvene skal gjelde for ti år og ikke fem som
i dag. Disse medlemmer vil peke på at det er staten
som setter som et krav at fellesskapsløyvene skal fornyes hvert
tiende år, og disse medlemmer vil derfor peke på
at det da bør være gratis for løyvehaveren å fornye løyvene.
Disse medlemmer legger til grunn
at når løyveordning brukes som rammeverk for virksomhetsutøvelse,
skal løyve være lett å få og lett å miste.
Komiteens tilråding fremmes av en enstemmig komité.
Komiteen viser til
proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av
forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og
1073/2009 og endringar i organiseringa av
løyvestyresmaktene mv.)
I
Lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn
og fartøy vert endra slik:
§ 4 skal lyde:
§ 4. Løyve for persontransport
med motorvogn
(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport
med motorvogn, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport
mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport
vert retta til ålmenta på offentleg plass.
(2) Løyve kan tildelast den som
a) driv ei faktisk og varig verksemd
i Noreg,
b) har god vandel,
c) har tilfredsstillande økonomisk evne,
og
d) har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
§ 5 første ledd første punktum skal lyde:
(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal godstransport
med motorvogn eller motorvogn med tilhengar, med tillaten totalvekt
over ei vektgrense som vert nærare fastsett av departementet, må
ha løyve.
§ 9 første ledd skal lyde:
(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport utanfor
rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må
ha særskilt drosjeløyve. § 4 andre ledd gjeld
tilsvarande.
§ 10 første ledd skal lyde:
(1) Den som har forretningsstad i Noreg og som vil utføre
transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå utlandet,
må ha rett til å utføre tilsvarande transport
innanlands og dessutan ha særskilt samtykke frå vedkommande stat
dersom dette krevst.
§ 12 skal lyde:
§ 12 Løyve
(1) Løyve etter §§ 4 og 5 vert gjevne av Statens vegvesen.
(2) Løyve etter § 9 vert
gjevne av fylkeskommunen.
§ 14 skal lyde:
§ 14 Internasjonal transport
og kabotasje utanfor EØS
(1) Tillatingar etter § 10 første ledd vert gjevne av
Statens vegvesen.
(2) Samtykke til transport etter § 10 andre og tredje
ledd vert gjeve av departementet.
Ny § 26 a skal lyde:
§ 26 a Erklæring om at transportleiarar
ikkje er
skikka til å leie transportverksemd
(1) Løyvestyresmaktene skal erklære at ein transportleiar
er uskikka til å leie transportverksemd dersom transportleiaren
ikkje lenger oppfyller kravet til god vandel. Det skal gå fram av
erklæringa at ho gjeld for den perioden kravet til god vandel ikkje
er oppfylt.
(2) Departementet kan gje nærare forskrift om erklæring
om uskikka transportleiarar.
§ 27 skal lyde:
§ 27 Kor lenge eit løyve gjeld
(1) Løyve etter §§ 4 og 5 gjeld i ti år.
(2) Løyve etter § 9 gjeld utan avgrensing i tid,
jf. likevel § 9 andre ledd.
(3) Behovsprøvde løyve etter §§ 6 og 7 gjeld i ti år. Ved
bruk av konkurranse ved tildeling av løyve, eller når det følgjer
av forskrift gjeve med heimel i denne lova, gjeld løyve for den
tid inngått kontrakt om offentleg tenesteyting gjeld. Løyve som
er gjeve når denne lova tok til å gjelde, gjeld for den tida dei er
gjevne for. Løyvestyresmaktene kan ta att eit løyve før løyvetida
er ute i samband med innføring av konkurranse for vedkommande rute
eller ruteområde.
(4) Departementet kan i løyvetida gjere endringar i forskriftene
for løyvepliktig verksemd og i vilkår som er sette for eit løyve.
Vil løyvehavaren ikkje halde fram med drifta på dei nye vilkåra,
skal han få ei rimeleg tid til å leggje ned verksemda.
Ny § 29 a skal lyde:
§ 29 a Elektronisk register
over dei som har og dei som søkjer om løyve etter lova her
(1) Departementet skal opprette og drive eit elektronisk
register over dei som har forretningsstad i Noreg, og som har eller
som søkjer om løyve etter lova her. Registeret skal innehalde opplysningar knytt
til løyve, mellom anna opplysningar om namn og juridisk form på
verksemda, verksemda si adresse, namn på transportleiarar og løyvetype
som er tildelt verksemda. I tillegg skal registeret innehalde opplysningar
om vandel knytt til person og verksemd.
(2) Registeret skal koplast saman med dei elektroniske
registra i dei andre EØS-landa for utveksling av informasjon etter
vilkår som vert nærare fastsette av departementet.
(3) Departementet kan gje nærare forskrift om registeret.
II
1. Lova gjeld frå
den tid Kongen fastset.
2. Endringane i yrkestransportlova §§ 9
og 10 gjeld likevel frå 1. juli 2013.
3. Løyve som er gjevne når denne lova tek
til å gjelde, gjeld for ei tid som vert nærare fastsett av departementet.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 21. mai 2013
Knut Arild Hareide |
Freddy de Ruiter |
leder |
ordfører |